Viser arkivet for stikkord årsmøte

Årsmøte

Eikås ungdomslag inviterer til Årsmøte i Eikås ungdomshus
måndag 15.febr. kl. 20.00
Ordinære årsmøtesaker.
Velkomen!

Årsmøte i bondelaget med lokal juletapas

“Det er mest nærliggande å tenke jølstring og bondeyrke,
og her har turist-Jølster sin store styrke
for der Vår Herre og bonden har rydda er det vel gjort,
vi får berre håpe at ikkje grunnlaget rives bort.”

Jølster bondelag har gleda av å invitere til årsmøte på Skei hotell torsdag 16.desember. Årsmøtelyden får møte den nye rådkvinna Ingvild Hjelmtveit. Næringssjef Oddmund Klakegg orienterer om viktige saker som vil berøre næringa lokalt. Sjå årsmelding og innkalling. Vi byr på lokal juletapas frå nyetablerte Jølster bakst på Søgnesand og let eit utdrag frå det nyskrivne diktet “Jølstringen” av Inger Lind Aasen helse medlemmene velkomne til årsmøtet.
Les meir…

Plan for nye skogsvegar vert presentert i årsmøtet til Jølster Skogeigarlag

Førstkomande torsdag kveld skipar Jølster Skogeigarlag til sitt årsmøte på Kommunehuset på Skei. I møtet vil ein representant for Jølster kommune presentere eit utkast til ein skogsvegplan for heile Jølster kommune. Jølster kommune har store skogressursar, men manglar mange stader eit vegnett som gjer det mogleg å hente ut denne veksande ressursen som nærmar seg hogstmoden alder. Styret i skogeigarlaget meiner det er viktig å få eit auka fokus på dette arbeidet og det vert difor sett på sakskartet i årsmøtet torsdag den 8. april.