Viser arkivet for stikkord 17mai

17.mai på Vassenden

Barnetoget går frå skulen kl 10.15.
Det vert appell ved 10.klassingar på aldersheimen.
Leikar og aktivitetar på skuleplassen rett etter toget.
Leikane ved Gjesthalla startar kl 12.30.
Tradisjonen tru vert det fotballkamp på Øyaflata kl 14.

Kl 15 startar festen i Gjesthalla. Der har vi vore så heldige å få Åsta M. J. Urdal til å vere festtalar.
Elles vert det underhaldning frå Otilia Sandal, Jonas Nordgulen og innslag frå 4h.

Det vert også premieutdeling som seg hør og bør:)
Nemner også at det vert preike i Ålhus kyrkje kl 12.15.

Hjarteleg velkomne til ei kjekk 17.maifering!

Med helsing
17.maikomiteen
Vassenden
_
Bilete er tatt på Svanøy, det er av ei fane laga av Nikolai Astrup_

17. mai på Eikås

Med gode vermeldingar legg vi opp til feiring i Lunden på dagtid og i Ungdomshuset på kveldstid. Oppstilling for folketog klokka 14:15 ved Eikås Ungdomshus. Vassenden skulemusikk spelar i toget. Etterpå vert det program, song, appell og leikar for store og små i Lunden/Nynorskens Skog. Sal av kaffi, is og brus. Ta med KOPP!! Medbrakt kaffimat er tradisjon i Lunden. :)

FESTKVELD I EIKÅS UNGDOMSHUS KLOKKA 20:00.
Ulike programinnslag ved:
Vilde Hosteland, Botavon, Ane Dale Erikstad, 4H m.fl
Tale ved Nils Gjerland
Framsyning av bilete frå dagens store og små hendingar

Betasuppe, pølse m/brød, kaffi og kakebord

Etter programmet og maten vert det diskotek for den yngre garde i kjellaren, medan vaksne kan kose seg med kaker og kaffi og god prat utover kvelden.

Billettar: Vaksne kr 200,-, born kr 100,-, familie kr 400,-.

VELKOMEN

17.mai 2012 på Vassenden

Årets 17.mai vart det stikk motsatte omtrent, av det værvarselet sa. Det vart ein flott dag, for store og små. Synes 17.mai komitèen på Vassenden i år gjorde flott arbeide. Leikane for borna var svært kjekke, og det var gode tidspunkt både for barnetog, og leik etterpå. Kjempebra:) I tillegg var foreldre for 7.klasse flinke til å arrangere leikar på skuleplassen. Dette var den beste 17.mai, ifølge dotter mi, på 9 år:)
Vil vise litt frå dagen frå mi linse…

Biletserie med 26 bilete — bla med å trykkje på pilene