Viser arkivet for stikkord 2011

Våt, men flott 17. mai-feiring på Skei

Det er vel ikkje alle som synes om våte bunadar og finkle på nasjonaldagen, men vèret la berre ein liten dempar på 17. mai-feinga på Skei. Etter markering av dagen ved Skei Omsorgssenter, gjekk toget kl 13.55 til Samfunnshuset. Ruta vart korta litt ned ved at toget gjekk gamlevegen forbi Krambua (rundkøyringa får vente til neste år når forhåpentlegvis sola kjem fram igjen), og kom innpå den faste ruta gjennom Skei sentrum ved Skei Hotel.

Biletserie med 10 bilete — bla med å trykkje på pilene
Les meir…

Helsekost - kva med høymol

spør Breimskoret. Smektande sangar og sprelske scene-stunt skapar alternativ til dei fleste lækjemiddel for sunnheit og kjærleiksliv i cabareten til våren. For sjølv om Breim er ei av dei mest avanserte jordbruksbygdene i fylket, så trengst det fornying og produktutvikling. Og når ein nyklekt svigerson får frie hender på cabaret-garden, så blir det meste til medisin med det samma.

Britt Glomnes Willumsen har skrive manus, og etter ei gjennomlesing, må ein klø seg i hovudet: Er det slekt og venner som har stått modell, er det naboar – eller er det kormedlemmer som er modellar for desse bisarre figurane? Regien ved Gunn Tone Moen spissar komikken til kokepunktet.
Og treng du ro og smørjing for sjela mellom stunta, så er det rikeleg med populær sang og musikk mellom dei verbale innslaga. Koret er alt no topp-trimma av dirigent Solfrid Bjørkum, og Arne Søholt har arrangert alle melodiane – dessutan leier han sitt eige band som backar koret.

Set derfor av ein av kveldane helga 9. – 10. april til å høyre og sjå cabareten. Det lyt skytast inn at underskrivne er høgst inhabil til å setje karakter på koret sidan eg er medlem. Men sjølvros skal ein lytte til, den kjem frå hjartet. Og vil du ikkje ta mine ord for det, så snakk med folk som kvart år kjem til Breimshallen, folk frå Sørbøvåg til Stryn, frå Selje til Sogndal.

Og har du høyrt siste ryktet breimingane har sett ut, at det er jølstringane som er dyktigast til å dyrke høymol? Fleip eller fakta?