Viser arkivet for stikkord 2013

Grendamiddag på Eikås

Søndag 10.november (farsdagen) kan ein få kjøpt rimeleg og god middag i Eikås ungdomshus (12.30-16.30). På menyen står raspekaker m/tilbehør. I tillegg vert det sal av heimelaga kaker/dessertar, kaffi og brus.
Vi har også glutenfrie raspekaker og fleire heimelaga kaker som er glutenfrie.
Utlodning m/mange fine gevinstar.
Velkommen til alle som ynskjer å ta turen til Eikås neste søndag!
Arrangør: Eikås UL

Din Jølsterdag 2013

Fredag 20. september
kl. 09.00 Butikkane opnar m/ekstra gode tilbod
kl. 10.30 Tivoli opnar for born og tilsette i barnehagane i Jølster
kl. 16.00 Tivoli opnar for alle
kl. 20.00 Butikkane stenger
kl. 21.00 Lena og Milco står for musikk i Baren på Skei Hotel
kl. 20.00 Trubadur Geir Holm på Fjøsen Pub og Restaurant
kl. 24.00 Trygt heim for ein 50-lapp

Laurdag 21. september
kl. 09.00 Kunstutstilling og husflidsaktivitetar opnar på Vevstova
kl. 09.00 Butikkane opnar med ekstra gode tilbod.
kl. 11.00 Bodane i sentrum opnar
kl. 12.00 Offisiell opning ved ordførar Oddmund Klakegg
kl. 12.10 Jølsterdag av Oddvar Torsheim i ny versjon av Månevenn
kl. 12.15 Konsert med Månevenn
kl. 12.30 Tivoli opnar
kl. 12.00 Aktiviteter på torget. Konferansier Arne Per Huus
kl. 13.00 Loppemarknad opnar
kl. 13.00 Helikopterturar med AirLift. Opplev Jølster i frå lufta! (kl. 13 – 16.00)
kl. 13.30 Vassenden skulemusikk spelar
kl. 14.30 Danseoppvisning
kl. 15.30 Kulturskulen underheld
kl. 16.30 Bodene stenger
kl. 18.00 LAN-party i Jølster Samfunnshus frå laurdag kl 18.00 til søndag kl 12.00
kl. 20.00 Dans på Fjøsen, med kokken Tor
kl. 21.00 Lena og Milco står for musikk i Baren på Skei Hotel
kl. 21.30 Stand-up showet “Krig” på Skei Hotel med Terje Sporsem
kl. 23.00 Tivoli stenger
kl. 24.00 Trygt heim for ein 50-lapp

Sundag 22. september
kl. 10.00 Kunstutstilling og husflidsaktivitetar opnar på Vevstova
kl. 11.00 Friluftsgudsteneste med sokneprest Vidar Bjortveit og kantor Rune Molvik
kl. 12.00 Kyrkje-tapas med kortreist Jølstramat
kl. 12.00 Bodene og tivoli opnar
kl. 12.00 Loppemarknad
kl. 12.00 LAN-party avsluttar i Jølster Samfunnshus
kl. 13.00 SkeiVass-koret syng
kl. 13.00 Butikkane opnar med mange gode tilbod
kl. 13.00 Helikopterturar med AirLift – opplev Jølster i frå lufta! (kl. 13 – 16.00)
kl. 14.00 Trekning av vinnar i mobil-retur-konkurannsen
kl. 15.00 Stardalen Mannskor syng
kl. 16.00 Trekking av gevinst frå Kløppe Krå’na Frisør
kl. 16.00 Kåring av Jølstrahua
kl. 16.00 Salsbodene i messeteltet, butikkane og tivoli stenger
kl. 16.30 Konsert på Skei Misjonshus med Goodwill med m.a. Johnny Cash-repertoar. Atterhald om endringar i programmet

Sjå meir detaljert informasjon i messavisa som kjem i postkassane i Naustdal, Førde, Jølster, Gloppen og Sogndal kommune mandag 16. september 2013.
VELKOMMEN!

Paneldebatt på Skei tysdag 3. september

Temaet er rett og slett: Korleis skal vi få fart på Sogn og Fjordane?
Det private næringslivet i Sogn og Fjordane spelar ei svært sentral rolle i utviklinga av fylket vårt. Det same gjer ein velfungerande og effektiv offentleg sektor.
Vi veit at dei politikarar og parti ser ulikt på så vel privat næringsverksemd som på rammevilkår. Kva rammevilkår næringslivet har til ei kvar tid vil likevel avgjere kva retning utviklinga vil ta. Difor er haldningane og slagkrafta til dei som skal representere oss på Stortinget dei neste fire åra så enormt viktig.
Er du interessert i å vite korleis dei fremste politikarane våre ser på nærings- og samfunnsutviklinga i Sogn og Fjordane; om kva dei meiner bør gjerast for å få meir vekst og utvikling, for å få auka folketal? Korleis skal vi greie å få ”vår del av kaka”? Då bør du få med deg dette ordskiftet, på Skei Hotel rett før stortingsvalet.
Vi har fått dei fremste av kandidatane på stortingsvallistene i fylket vårt til å møte til paneldebatt på Jølster for nettopp å debattere spørsmål knytt opp til næringspolitikk spesielt og samfunnspolitikk generelt. Temaet er spissa inn mot utfordringar og mulegheiter på nærings- og samfunnsområda i Sogn og Fjordane. Rammevilkår som samferdsle, skattar og avgifter, samt offentleg regulering, restriksjonar og tidsbruk, vil bli aktuelle tema. Det same vil rekruttering og utdanning. Vi skal dessutan, ut frå fylkeskommunen sine planer, bli mange tusen fleire menneske i fylket i 2016. Kva må til for å makte denne ambisjonen? Vi ser store strukturendringar i landbruket, i havbruket, innan tryggings- og naudetatane. Ser vi teikn til sentralisering og endring av kommunestrukturen? Og kva med fylkeskommunen si framtid? Viktige tema å få opp på bordet før stortingsvalet!
Det er mange ting å ta tak i, og vi skal få fram kva vi kan forvente oss av dei som kan bli våre fremste folkevalde og kva vi kan vente oss av partia deira. Vil dei gje klare og tydelege svar til veljarane før valet?
Så, møt opp og få med deg debatten! NHO Sogn og Fjordane skal gjere sitt beste for å få til ein god, konkret og klargjerande debatt.
Det vert sjølvsagt også gode høve for publikum til å stille spørsmål til politikarane under møtet.
Og, ikkje minst: Det blir presentasjonar av samfunnsrekneskapane til nokre bedrifter, som vil synleggjere kva sjølv små verksemder bidreg med til samfunnet rundt seg.
Stad: Skei Hotel
Tid: 3. september 2013 kl. 18.00-21.00
Paneldeltakarar: Trude Brosvik, KrF, Frank Willy Djuvik, FrP, Sveinung Rotevatn, V, Vibeke Johnsen, SV, Ingrid Heggø, Ap, Ingunn Kandal, Raudt, Bjørn Lødemel, H, Liv Signe Navarsete, Sp.
Tema: Korleis få fart på Sogn og Fjordane?
Debattleiar: Regiondirektør i NHO SF, Jan Atle Stang
Arrangør: NHO Sogn og Fjordane