Viser arkivet for stikkord 4h

Haustfest i det fri

Ein noko kjøleg austavind klarte ikkje å legge dempar på haustfesten til Eikås 4H på Svidalsneset i ettermiddag. Om lag 80 personar var møtte opp for å delta på haustfesten saman med dei 22. medlemene i Eikås 4H. For første gong i klubben si 55 år gamle historie vart festen skipa til utandørs. Dette vart gjort for å syne fram klubben sitt fellesprosjekt dette året. Medlemene har saman med gode hjelparar bygt eit stort og flott grindverksbygg på Svidalsneset. Ordførar Oddmund Klakegg tykte det var flott at nokon hadde teke tak i dette attgrodde kommunale friluftsområdet, og gjort det om til ein flott stad for heile bygda! 4H-klubben har realisert prosjektet i eit nært samarbeid med Jølster Jakt og Fiskelag og Vårvon Ungdomslag. I starten av prosjektet var også Kransen 4H på Ålhus med. Erlend Slåtten, Halvor Slåtten og Oddmund Støylen fekk takk for all praktisk hjelp som dei har medverka med i prosjektet. Etter programmet med song, sketsjar, musikk, dans og leik vanka det sjølvsagt betasuppe og julebrus, merkeutdeling, kaker og kaffi. Det var stas for medlemene å få utdelt merka av ordføraren på ein stad som det også kan vere interessant å utvikle vidare til glede for mange i kommunen. Eikås 4H har i alle høve planer om å nytte staden ein del til aktivitetar for eigen klubb og dei andre klubbane i kommunen.

I biletserien nedanfor kan du følgje dagen i dag frå vurdering og førebuingar til gjennomføring av festen. Kari Anne Grimelid Årset frå 4H-kontoret vurderte prosjektet saman med Nina Ytredal.

Biletserie med 48 bilete — bla med å trykkje på pilene

Eikås 4H inviterer til haustfest på naturmøteplassen på Svidalsneset

Laurdag 19. oktober klokka 14:00 inviterer Eikås 4H til 4H-fest utandørs i og ved grindverksbygget som klubben har reist saman med Jølster Jakt- og Fiskelag og ungdomslaget i Svidalen. Dette er klubben sitt felles prosjekt dette året og difor inviterer medlemene til ein noko utradisjonell, men samstundes litt tradisjonell haustfest ved og i Grindverksbygget på Svidalsneset . Det vert underhaldning, mat og sjølvsagt utdeling av merke til medlemene. Ordførar Oddmund Klakegg vil dele ut merke og seie nokon ord i høve at dette er første gongen nybygget på naturmøteplassen offisielt vert teke i bruk. Ta med ein klappstol og eit sitjeunderlag og finn fram gode og varme sko og klede, så kan du sjå fram til ein fin 4H haustfest i det fri. Nedanfor kan du sjå nokon få bilete frå arbeidet med bygget. Billett: Vaksne kroner 100,-, Born kr 50,- Velkomen !

Biletserie med 7 bilete — bla med å trykkje på pilene

Tradisjonar vert haldne i hevd og nye vert skapt

Haustfesten til Eikås 4H vart skipa til med mange tradisjonar i botnen. Nokon av programpostane og menyen har tradisjonar årtier attende. Det same har julebrusen “back stage”. På kjøkenet tryllar dyktige foreldre fram betasupa som har stått på menyen i minst tre tiår. Dette året var supa svært så god. I kjellaren vert prosjekta vurderte av 4 gode medhjelparar som trufast stiller opp og gjer ein innsats tidleg ein laurdag morgon.

Nervane låg tjukt utanpå medlemene før programmet skulle ta til, men i tråd med tradisjonen startar programmet på haustfesten til Eikås 4H heilt presis, og det er medlemene sjølve som styrer heile programmet. Ingen vaksne har lov til å blande seg inn verken på eller bak scena så lenge programmet pågår. Sølve Eikås og Marita Solheim fekk utdelt plakettnåla som bevis på at dei har fullført 4H-programmet og gjort seg fortent til 4H-plaketten. Eit godt vitnemål å ha med seg vidare i livet.

Nedanfor kan du sjå bilete frå scena, prosjektvurderarane i arbeid, frå livet på kjøkenet og frå det meir uryddige landskapet bak scena. Om du ikkje skulle ha høve til å delta på denne festen ventar det ny moglegheit på Vassenden på fredag kveld når Blåklokka 4H skal gjennomføre sin haustfest.

Biletserie med 44 bilete — bla med å trykkje på pilene

4H leir på Heggheim

Fjelltind 4H stod som arrangør av årets leir for 4H-aspirantane i Jølster. Medlemer og vaksne rådgjevarar i Fjelltind hadde lagt til rette for ein flott leir. Sjølv om kalendaren sa 1. og 2. juni kom det svært godt med, at det var høve til å varme seg innomhus, når soveposen ikkje klarte å halde nattefrosten ute. Snøen låg langt ned i liene og deltakarane vakna til frosen teltduk laurdagen, men det la ikkje dempar på stemninga. Dei eldre medlemene i Fjelltind 4H var aktive arrangørar som medverka med underhaldning fredag kveld og ulike tevlingar og aktivitetar på den tidlegare villmarkscampen på Heggheim begge dagane. Torje frå Blåklokka lærte vekk kunsten å lage seljefløyte, og ein ihuga medlem prøvde fiskelukka utan heilt å få napp i det kalde veret. Det var trøtte, men nøgde deltakarar som reiste heim att frå leiren laurdag ettermiddag.

Biletserie med 18 bilete — bla med å trykkje på pilene

Markerte 4H dagen med overnatting ute

Biletserie med 18 bilete — bla med å trykkje på pilene

Omlag 30 4H-arar frå nedste Jølst og nokon voksne markerte 4H-dagen med å ligge ute natt til 5. mai. Blåklokka 4H og Eikås 4H hadde meldt seg på ei landsomfattande markering av 4H-dagen og var 2 av omlag 170 klubbar i heile landet som sov ute denne natta. 4H-medlemene lot seg ikkje skremme innomhus sjølv om termometeret etterkvart kom over på den blå sida, og vatnet fraus i vasskannene.

På det som må seiast å vere dei einaste flate kvadratmetrane på Årset fann dei plass til tre lavoar og eitt telt. Finare teltplass er nok vanskeleg å finne med storslagen utsikt mot aust, sør og vest. To bålpanner for tilbereding av mange godsaker vart det også plass til i tilnærma flatt lende. Utover kvelden var det både grankvist og anna kvist som på bålet minte om eit vulkanutbrot. Godt over midnatt kom månen opp over Kvamsfjellet og dei vakne nattevaktene kunne fortelje om ein fantastisk morgon med måne i vest og soloppgang i aust. 4H-medlemene fekk nok ikkje så mange timar med søvn, så det var ein trøtt med blid gjeng som reiste heim att om morgonen. Det var nok fleire som tenkte at noko slikt må vi prøve å få til seinare også.

50 4H-arar på Pangstart

Sist laurdag deltok over 50 4H-medlemer frå dei fire 4H-klubbane i Jølster på Pangstart på Vassenden skule. På programmet stod oppstart av arbeidet med dei ulike prosjekta, middag og avslutning ute med laging av snøskulpturar, aking og popping av popcorn på bål. Medlemene kom frå Fjelltind 4H i Stardalen, Kransen 4H på Ålhus, Blåklokka 4H på Vassenden og Eikås 4H. Dei to siste klubbane hadde ansvar for planlegging og gjennomføring.

Dei yngste medlemene fekk, etter å ha lagt planar for eige prosjekt, tove sine eigne sitjeunderlag. Elles var det ei gruppe som fekk innføring i foto, ei gruppe førebudde uteaktivitetane som skulle vere på slutten av dagen, ei gruppe fekk vere med på ulike aktivitetar med utgangspunkt i mekking medan det i den siste gruppa vart fokusert på form og fantasi.

Haustfesttid i 4H

Biletserie med 4 bilete — bla med å trykkje på pilene

I Jølster ligg 4H-klubbane i desse dagar i hardtrening før haustfestane. Først ut er Eikås 4H som skal ha fest i Eikås Ungdomshus laurdag den 22. oktober klokka 14:30. Sidan føl Blåklokka 4H på Vassenden opp med fest i Gjesthalla den 28. oktober, Fjelltind 4H i Stardalen skal ha sin fest den 30. oktober i Haugtun medan Kransen 4H på Ålhus skipar til fest i Borgja den 5. november. Har du lyst på ein god latter er dette staden. Borna og ungdommane vartar opp med eigne skrivne skjetsar, song og humør. Dei stiller også ut prosjekta som dei har jobba med siste året. Desse utstillingane er gjerne opne ein time før sjølve festen tek til. Sjølvsagt vankar det gode mat og tid til prat for dei som kjem. Ta deg tid til nokon kjekke timar og opplev godt program laga av ungdomane sjølve.

Nordisk 4H leir 22 - 29. juli 2009

Viser til tidlegare innleg, der eg oppmoda båteigarar til å stille med båt, førar og redningsvestar i samband med Jølster sitt bidrag til den Nordiske 4H leiren på Breim i Juli.
Eg vil takke alle som har sagt seg villige og håpar at fleire kan ta seg tid til å stille.
Som tidlegare nemnt, så skal deltakarane på denne leiren ut i nabokommunane for å oppleve litt av det vi har å by på og der skal ein blant anna ha med undomane ut på vatnet i båt og om mulig kanskje prøve å fiske litt?
No er programmet fastsatt og båttur med eventuelt meir er tenkt fredag 24. juli med base Solrenning Camping kl. 19.30 til ca. 22.50. (deltakarane skal vere attende på skulen kl. 23.00)
Eg kan stille med to båtar m/motor og har lovnad om å kunne få låne ein til m/motor, utover dei som har sagt seg villige til å stille. Men det er lite hjelp i å stille med båtar om ein ikkje har nokon til å føre dei, så er det nokon som kan ta på seg å vere båtførar?
Håpar fleire har muligheit til å bidra og nok ein gong tusen takk til alle som har sagt seg villige til å stille.
Eventuelle spørsmål kan ein sende til meg på e-post: rune.vie@enivest.net

Ønsker ellers alle ein riktig god sommar!

Nordisk 4H leir - Jølster sitt bidrag!

Jølster skal ta imot rundt 200 ungdomar i frå Nordisk 4H-leir på Breim den 24.-25. juli. I den anledning treng vi frivillege båteigarar til å stille med båt og nødvendig utstyr for å gje deltakarane ei fin oppleving på vatnet! Programmet legg opp til båtliv på Vassenden den 24. juli og vi håpar at flest mogeleg av dei aktuelle kan stille opp og gje Nordisk leir deltakarane ei fantastisk oppleving av Jølster! (dette kan bli framtidige turistar om vi tenkjer så langt.) Er du interisert og har tid, eller har spørsmål vedr. dette så kontakt meg på rune.vie@enivest.net eller på tlf. 40624207

Nordisk 4H leir 2009 i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane 4h skal 22-29 juli 2009 arrangere Nordisk 4h Leir på Norsk Fjordhestgard. Berre ei og ei halv veke etter at Norsk Country Treff 2009 er arrangert brakar det laust igjen, då vi ventar mellom 1500-2000 ungdomar mellom 14 og 20 år frå heile norden og andre delar av verda til Sogn og Fjordane.
Alle som kjenner til 4h veit at dette er eit alkoholfritt arrangement, der ungdommar samlast ei heil veke for å få opplevelsar, lære noko nytt, ha mykje moro og for å bli kjend med ungdomar frå andre land og kulturar. Dette er som namnet tilseier ein leir meint hovedsakleg for ungdomar frå dei nordiske landa, 4h Sogn og Fjordane meiner at ein må prøve å auke forståelse og få samhald på tvers av landegrenser språk og kulturar, og har difor invitert ungdomar frå andre delar av europa,afrika og amerika til å få oppleve det flotte fylket vi har å vise fram.
Ein av grunnane til at Breim blir base for leiren er området/arenaen som er bygd opp rundt Norsk Fjordhestgard, der mykje allereie er klart for bruk. Samstundes ligg det sentralt i fylket og ut av programmet kan ein sjå at vi har tenkt å ta heile fylket i bruk då deltakarane skal reise ut av leiren fredag. Då skal dei gruppevis oppleve kvar sin del av fylket der kommune, 4h nemnd eller lokale 4h klubbar skal vise 4h-arar kva dei er stolte av, og vil vise fram. Her skal det også vere overnatting, før deltakarane kjem tilbake til leiren laurdag ettermiddag.
Søndag blir det open dag der alle som har ynskje om å få eit innblikk i kva ein gjer på ein 4h leir, kan komme og oppleve nettopp det,på kvelden kjem Surferosa for å skape stemning, også den er open for publikum.Fjella rundt leirområdet vil og bli utforska av ivrige ungdomar, før leiren blir avslutta med tevlingsdag.

4h Sogn og Fjordane meiner at dette er ein god mulegheit for bedrifter og lag i Breim og bygdene rundt til vise seg fram for eit publikum frå fleire delar av verda.

Etter eit stort dugnadsløft som Norsk Countrytreff er for heile nærområdet, håpar vi det framleis er krefter igjen til å gje også oss ei hjelpande hand.

For meir informasjon: nordisk 4h leir