Viser arkivet for stikkord advent

Vassenden skulemusikk inviterer til Julemesse

Det nærmar seg advent og tradisjonen tru inviterer Vassenden Skulemusikk til julemesse den første søndagen i advent. I dei to komande vekene vil loddseljarane kome rundt og selje lodd til inntekt for Skulemusikken. Vi set stor pris på den velvilje som loddseljarane møter på sin veg frå dør til dør i førekant av messa, og vi håpar svært mange av dykk vil finne tid til eit besøk på julemessa 1. søndagen i advent.

Søndag 2.desember inviterer Vassenden Skulemusikk til julemesse i gymsalen på Mo og Jølster vidaregåande skule, avd. Jølster. Frå klokka 13.30 er det høve til å få kjøpe seg kaffi og kaker. Konsert med skulemusikken klokka 14. Deretter opnar salsbodene med sal av mellom anna heimebaka flatbrød og fiskebrød. Klokka 15.30 skal ein flott og stor gjeng med 1. og 2.års aspirantar spele. Neste års Jølstrakalender vert presentert. Det vert også eit lynlotteri i tillegg til loddbøkene. Trekking i loddbøkene skjer ca. kl. 16.30. Hjarteleg velkomen til store og små!

Malande juletonar i Eikaas-galleriet torsdag kveld.

Solbjørg Tveiten (t.v) og Ingebjørg H. Bratland her i samsong. Godt å lytte til i ei rein akustisk framføring. Bak ser vi Sigbjørn Apeland og Synnøve S. Bjørset.
I føreomtalen vart det så treffande sagt at “det enkle ofte er det beste”. Og nettopp dette sat igjen etter konserten for underteikna. Det enkle var denne kvelden ei stor oppleving. Takk til Synnøve S. Bjørset som tek med seg gode krefter og gir oss ein konsert vi seint vil gløyme! Songarane Ingebjørg H. Bratland og Solbjørg Tveiten utfylde kvarandre og med sine dialektar gav dei oss smaken av folkemusikk frå ulike kantar av landet. Her fekk vi juletonar frå nær og fjern på kjende songtekstar knytte til jul. Den næraste var Eit barn er født i Betlehem, med tone etter Danhilda Fluge. Danhilda budde i si tid i paktargarden på Ålhus – berre eit steinkast frå Eikaas-galleriet.
Trøorgelet som Sigbjørn Apeland trakterte på ein framifrå måte var bygd av Kaland i Bergen. Dette ga eit varmt bakteppe til lydbilde, og der songarane og Synnøve utfylte dette i ei rein akustisk framføring. Steingolvet i Eikaas-galleriet løfta fram kvaliteten under konserten, og vi vart til tider oppmerksam på vårt eige hjerteslag – så stille var det. I morgon er desse flotte representantane for folkemusikken i Holmedal kyrkje, før dei dreg til Jostedalen og vidare til Hardanger. Vi ynskjer god tur vidare med ein flott musikalsk bodskap!

Solbjørg Tveiten framførte mellom anna Kling no klokka, i ein tone etter Holger Barkved frå Jørpeland på Jæren. (Men det kan vere at underteikna tek feil…)

Trøorgel og fele er veldig flott ilag. Her Sigbjørn Apeland på Kaland-orgelet og Synnøve på Oktav-fele – eit spennande arrangement på dette musikkstykket

Høgt under taket i Eikaas-galleriet, så her kan det takast i og syngast av full hals!

Sigbjørn Apeland bak trøorgelet. Her i vakkert samspel med Ingebjørg H. Bratland på gitar

Nær kontakt mellom utøvarane og publikum – ei kontakt alle hadde igjen for.

Varm applaus frå eit tallrikt publikum gav ekstranummer på konserten. Men før vi fekk det måtte musikarane ha eit styremøte. Einaste saka var Kva toneart skal vi synge den i? Og det vart fort avgjort. Flott ekstranummer fekk vi med Det hev ei rosa sprunge

Unge solistar i Ålhus kyrkje laurdag 11. desember klokka 15.00

Adventskonsert i Ålhus kyrkje
I år som i fjor vert det adventskonsert i Ålhus kyrkje. Det er igjen unge aktørar som har laga til programmet. Vi får oppleve ein fin bukett solistar i solo og i samspel. Desse er: Signe Bjotveit, Veslemøy Øvrebø, Ola Øvrebø, Johanna og Christina Knudsen og far til dei to, Jan Knudsen. Desse deltek med song og musikk; piano, flygelhorn, gitar og song. Organisten, Rune Molvik – ung til sinns, vil vere med i samspel på piano og orgel ilag med aktørane.

Velkommen til å høyre vakker song og musikk, framført av unge jølstringar!