Viser arkivet for stikkord arrangement

Jølster Jazzklubb er skipa

og musikklivet i Jølster vil no bli endå meir variert! Gled dykk, folkens!

Det første arrangementet i regi av Jølster Jazzklubb er allereie neste fredag på Fjøsen. Vi meiner vi kan love ein triveleg kveld med variert musikk, frå rolege balladar til fengande String Swing-musikk. Les meir i Origokalendaren den 25. juni om “Fransk på Fjøsen”.

Til hausten (15. – 17. oktober) vil vi arrangere ”Jazz på Jølst” – ei vidareføring av JølstraJazz som nokre kanskje hugsar frå i fjor. I år vert kjendisfaktoren ein god del høgare og vi vil informere Jølster Origo sine lesarar etter kvart som artistane vert klare. I løpet av helga i oktober vert det Work Shop for unge, men likevel litt erfarne, musikarar som ynskjer å utvikle seg og musikken sin.

Vi meiner sjølv at vi har ein flott føremålsparagraf, så den vil vi gjerne presentere her: ”Jølster Jazzklubb skal arbeide for å gjere jazzmusikken kjend og tilgjengeleg i Jølster og omland, til dømes ved å avvikle eitt eller fleire arrangement i gjennom året. Det skal presenterast musikk som femner vidt innanfor jazz og nærliggjande musikkformer, og utøvarane skal vere både lokale, regionale og nasjonale. Jølster Jazzklubb skal gje unge musikarar ein stad å presentere seg og ikkje minst vere ein sosial møteplass der publikum kjenner seg heime.”

Jølster Jazzklubb er sjølvsagt å finne på Facebook og heimeside har klubben også fått: www.jolsterjazz.com.

Vi ynskjer oss mange medlemmer som har tru på konseptet og som kan vere med og forme klubben!

Ungdommens Kulturmønstring i Jølster

UKM 2009

Viss du dansar eller teikner, syng eller speler, lagar dataanimasjon eller skulpturar eller driv med anna kulturaktivitet – eller kjenner nokon som gjer det; det er på tide å vise det fram!

Det kan gjerast under UKM i Jølster den 19. mars på Mo og Jølster vgs. Vassenden. Aldersgrense frå 10 t.o.m. 19 år. Påmeldingsfristen er 10. mars og påmelding skjer via www.ukm.no. Sprei det vidare, så vi får flest mogleg med på dette flotte kulturarrangementet for ungdommane i Jølster!