Viser arkivet for stikkord barnehage

Vil vi ha gode pedagogar i Jølster?

Dersom svaret er ja, må politikarane sjå på to saker i tida som kjem:
• Vidareutdanning
• Mentor / rettleiar

All forsking viser at læraren er den viktigaste enkeltfaktoren for elevane si læring. Det var med tanke på å styrke kompetansen til lærarane at KS (på vegne av kommunane) og Kunnskapsdepartementet gjekk inn for ein statleg vidareutdanningsstrategi. Avtalen går ut på at stat og kommune skal dekke 80 % (40% på kvar) av utgiftene ved vidareutdanning. Den enkelte arbeidstakar skal sjølv dekke dei resterande 20 %.
Jølster kommune har ikkje bidrege med sin del av denne potten.
Det fører til at lærarane ikkje får del i dei statlege midlane til vidareutdanning og fagleg påfyll som vi treng for å halde tritt med utviklinga i dei ulike faga.

Meiner politikarane i Jølster at vi har råd til dette?

KS og Kunnskapsdepartementet såg at arbeidskvardagen for nyutdanna pedagogar var meir krevjande enn kva åra på høgskulen hadde budd dei på. Pedagogane får rett og slett praksissjokk. Statistikk viser då at alt for mange unge sluttar innan få år.
I 2009 blei Kunnskapsdepartementet og KS samde om at alle nyutdanna nytilsette skulle få tilbod om ein rettleiar / mentor, som skulle følgje dei tett, spesielt det første arbeidsåret.
Denne ordninga skulle vore klar for skuleverket i august 2010 og for barnehagen august 2011.
Dette er enno ikkje på plass i Jølster kommune.

Meiner politikarane at vi har råd til å miste desse pedagogane?

Vi ynskjer med dette innlegget å setje søkelys på to viktige saker for utvikling av oppvekstsektoren i Jølster. Med tanke på komande val vil vi vite kva for parti som vil prioritere dette i komande valperiode.

For Utdanningsforbundet Jølster

Gro-Merete S.Dvergsdal, hovudtillitsvald
Einar Gautefall, lokallagsleiar

Vil Jølster vere ein pendlarkommune? -" Stemme til sals"

No veit eg ikkje om det er ei uttala målsetting for Jølster å vere ein pendlarkommune, men det vert i alle fall brukt som eit argument for å flytte til kommunen. Midt i fylket, kort veg til Førde(spesielt frå Vassenden-området), og ikkje so langt til Sandane eller Sogndal heller.

Spørsmålet mitt er; Korleis legg Jølster kommune spesielt til rette for pendlarane i kommunen? Og kven legg ein eventuelt til rette for?

For oss som ny småbarnsfamilie har vi oppdaga at det ikkje er so lett å pendle begge to til Førde frå Skei . Kanskje er det andre som har det på same måte? Med arbeidstid frå 8-16 i Førde er det svært vanskeleg, om ikkje umogleg, å rekke stengetid i barnehagen på Skei(07-1630). Forstår det slik at det ikkje er midlar til å utvide opningstidene, men difor bør kanskje dette vere ei aktuell sak for dei politiske partia no i valkampen? Dersom det er parti som fremjar å utvide bevilgningane til barnehagane i Skei-området for å utvide opningstidene skal ein ikkje sjå vekk frå at dette vil påverke mi stemme under valet.

Er ein urimelege når vi håpar at kommunen kan legge til rette for dette?

Kanskje bør kvar og ein ordne dette på eiga hand, det er trass alt ein sjølv som vel kvar ein skal busette seg?

Er Jølster i det heile tent med at so mange bur i Jølster og jobbar andre plassar?

Det er kanskje ein fordel å få vekk småbarnsfamiliane? Då sparar ein inn pengar både i barnehage og skule! For å ikkje snakke om kor lite folk det om 80 år vil vere på aldersheimane.

Barnehage på Vassenden

Jølster kommune må bygge ny barnehage på Vassenden for å gje eit tilbod til alle som har lovfesta rett til barnehageplass. Fram til no har vi diskutert to sider av saka;
1. Skal vi bygge ein stor kommunal barnehage (8 avd = nesten 150 barn) eller skal vi bygge to mindre barnehagar?
2. Kvar skal den store barnehagen i så fall ligge, Langhaugane eller bak Jølster VGS?

Eg håpar at innbyggarane i Jølster kan lufte sine tankar kring dette temaet.