Viser arkivet for stikkord basar

Det nærmar seg julemesse i Vassenden skulemusikk

Det er berre 14 dagar att til Vassenden skulemusikk skipar til julemesse. Dette året i Borgja på Ålhus 1. søndag i advent den 30. november klokka 13:00. Loddsalet tek til i morgon, og musikantane og føresette håpar de alle vil ta vel imot loddseljarane som kjem på dørene med basarbøkene. Kjekt om du har litt kontantar på lur :) Mange flotte gevinstar :)

Julegåver frå Jølster i Svidal grendehus

Eg hugsar at eg klatra i vevane i Lindtunet då eg var lita. Treet var så mjukt og godt å ta på! Lukta i vevstova gløymer eg aldri. Anne Lise Øvrebø kjem til julemarknaden i Svidalen med ein heilt ny kolleksjon smykker kalla “Valmue.” Men mønsteret er gammalt, laga av Nikolai Astrup, skissene har ho fått låne i vevstova på Ålhus. Julegåver frå Jølster er tema for førjulsdagen i grendehuset komande søndag der heile tolv utstillarar tilbyr unike produkt. Heimestøypte lys og einekransar kan du få lage sjølv!
/bulletin/show/612382_julegaaver-fraa-joelster-i-svidal-grendehus">Les meir…