Viser arkivet for stikkord beredskap

Senger frå Jølster på veg til Bosnia!

11.03.2010

Jølster kommune har bytt ut ei rekkje institusjonssenger. Desse er no på veg til Bosnia. Jølster Røde Kors tok utfordringa når kommunen no trengde å tømme lageret. I samarbeid med Sogn og Fjordane Røde Kors har vi funne nokre som kjem til å få mykje glede og nytte av desse sengene. Tidlegare i vinter hadde vi besøk av representantar frå Brcko Røde Kors i Bosnia, i samband med eit samarbeidsprosjekt. Dei var her og såg på sengene, og då dei kunne fortelje at dei ville få god nytte av sengene, valde vi å sende sengene til Bosnia.

Det kostar totalt ca 25000 kr å frakte dette til Bosnia. Jølster Røde Kors betalar kr 10000. Resten er Sogn og Fjordane Røde Kors behjelpelege med.

Så torsdag 11 mars stod eit heilt Hjelpekorps klare til å laste ombord sengene. Etter litt planlegging, lemp og list, fyllte vi opp heile hengaren til Tenden Transport. Det gjekk akkurat! Hengaren var 8 meter lang, så når vi stabla 3 og 4 senger oppå kvarandre gjekk alle dei 31 sengene inn i hengaren.

Det er flott at utstyr som vert utbytt her hjå oss, kan komme andre til nytte. Flott initiativ av Jølster kommune! Vonar andre kan lære av dette!
No er vi spent på korleis det går når sengene kjem fram, og vi er lovde å få høyre korleis dei vert disponerte i Bosnia. Det vi veit er at nokre av dei skal til eit sjukehus, medan nokre skal til trengande i ulike heimar.
Takk til Jølster kommune for elles godt samarbeid, og den “råsterke” gjengen som fekk sengene avgårde!

11.03.2010 — Tunge tak! fv: Torbjørn Feldt, Bjørn Anders Steinsund, Sigbjørn Steinsund og sjåføren

11.03.2010

11.03.2010

11.03.2010 — Etter vel utført arbeid var det godt med ein kopp kaffi og noko å bite i.

Jølster Røde Kors takkar!

Jølster Røde Kors vil med dette takke alle Jølstringar med bidraget til dei jorskjelvråka på Haiti! Jølster Røde Kors kan etter innsamlinga sundag og måndag, sende heile 47579 kr til Røde Kors sitt naudhjelpsarbeid som pågår på Haiti. Alle bøssebærarane møtte blide Jølstringar med stor gjevarglede! Vi rakk diverre ikkje besøke alle, og dei som ikkje har fått besøk, men ynskjer å bidra, kan gå inn på Røde Kors sine nettsider. Stor takk også til bøssebærarane som kunne stille opp på kort varsel! Beste helsing Jølster Røde Kors.

Jølster Røde Kors Hjelpekorps 2. beste i Sogn og Fjordane!

06.06.2009

Det har i helga vore arrangert distriktsmesterskap i hjelpekorpsdisiplinar i Førde. Vi konkurerte i orientering med kart og kompass natt til laurdag, og førstehjelp på laurdag. Etter ei natt med lite søvn, og med trøtte bein var vi veldig spente på resultata før premieutdeling laurdag kveld. Og jubelen stod i taket då det var klart at vi berre vart slegne av Svelgen. Dei som deltok på laget var Tom Andre Helmen, Kari Feldt, Hilde Hallerud, Torbjørn Feldt, Sonja Grøneng og Camilla Øvrebø. Sigbjørn Steinsund stilte som dommar frå Jølster. Det er 32 hjelpekorps i Sogn og Fjordane, langt frå alle klarte stille med lag til DM. Men vi er skikkeleg stolte av å vere det 2. beste Hjelpekorpset i Sogn og Fjordane! Vi hadde ei lærerik og flott helg! Takkar laget for framifrå insats!! Og gratulerar Svelgen med seieren!

Jølster Røde Kors Hjelpekorps sin båt er klar!

Førstkommande torsdag (26 mars) kl 17.30 vert den nye båten til Hjelpekorpset å sjå på Skei. Vi skal trene saman med brannvernet på å plukke personar opp frå vatnet. Tam med familien, og kansje vert det moglegheit for ein prøvetur. Ta med redningsvest til borna, vi har til dei vaksne. Dette blir moro! Alle er hjarteleg velkomne til å sjå på! Helsing Jølster Røde Kors Hjelpekorps.

No er båten kommen!

22.03.2009

Jølster Røde Kors hjelpekorps sitt satsinggsområde i 2009 er vannredning. Til det har vi kjøpt ein redningsbåt. I dag er her inga form for beredskap knytta til vatn og elv i Jølster, dette er noko Hjelpekorpset ynskte å gjere noko med. Torsdag kveld kom den nye båten til Jølster Røde Kors Hjelpekorps, til Jølster. Det er ein 21 fot RIB med 140 hk. 2005 mod. Toppfart ca 50 knop. Det er ein kombinert rednings og dykkerbåt. No gjenstår det små justeringar og montering av søkelys og div utstyr, så er båten på vatnet.
Jølster Røde Kors Hjelpekorps vil neste veke (dato ikkje avgjordt) saman med brannvesenet i Jølster kommune ha ei felles utprøving av den nye båten og ei redningsmatte/båt, som er tenkt til redning på is og i elvar. Vi vil trene på å plukke opp personar frå vatnet mm. (trur det er eg som må bade…) Vi vil prøve å leggje dette til ein ettermiddag slik at dei som er interesserte kan komme å sjå på. Eg vil legge ut melding her på Jølstersona når vi veit sikkert dato og klokkeslett for “øvinga”. Dette blir kjekt! Alle er velkomne!

Hjelpekorpset ynskjer å satse!

Røde Kors skal handle når ulukker og katastrofer rammar.
Arbeide for ei brei deltaking i beredskaps – og redningsarbeid tilpassa lokale behov. Jølster Røde Kors Hjelpekorps skal prioritere søk, redning og pasienttransport utanfor veg, inkludert vannredning.

Det er snart tid for årsmøtet til Jølster Røde Kors Hjelpekorps. Og ei av årsmøtesakene er satsing på vannredning. Dette innebær store invisteringar knytt til det med utstyr og utdanning, alt dette skal årsmøtet ta stilling til.

Jølster er ein kommune som består av mykje vatn, men per i dag er her inga form for beredskap knytta til vatn og elv i kommunen.
Dette er noko Jølster røde kors hjelpekorps ynskjer å gjere noko med.
I hovedprogrammet til Norges Røde Kors Hjelpekorps 2008-2011, er hovudmålet å bli «best på søk og redning frå fjord til fjell».

I dag har hjelpekorpset god beredskap på fjellet, med scooter og mange utdanna medlemar til å utføre aksjonar i fjellet både sommar og vinter.
Skal vi kunne drive korpset i Jølster i tråd med hovudprogrammet, så har hjelpekorpset ei utfordring med å opprette beredskap også på, og i nærleiken av vatn.
Ynskjet er ein båt som kan nyttast til evakuering, søk og redning, og assistanse/samarbeid med redningsdykkarane.

Folk som bur i Jølster og medlemmer i RK må også få anledning å støtte prosjektet, og med gode mediaoppslag blir det er fin sak å rekruttere nye mannskap og medlemmer på.
Med ein god plan og god organisering; slik at oppgåvene er fordelt på fleire vil det bli eigarskap til dette hjå mange.

Denne nye aktiviteten vil kreve fleire aktive i korpset. Difor må vi sjå og bruke muligheita som ligg i å involvere mange frå starten, og ikkje ende i en situasjon der utstyret er på plass, men ingen til å bruke det.

Alt dette vert drøfta på årsmøtet, så før det, er det ikkje teke noko avgjerd i saka. Vi legg no ut denne informasjone slik at inbyggjarane i Jølster kommune skal få moglegheita til å engasjere seg, vi set også pris på idear og tilbakemeldingar. Og ikkje minst nye medlemmar som følgje av dette :-)
Ynskjer de å vite meir? Årsmøte 29. januar kl 19.00 på Skei Misjonshus. Velkomne!

Korpsleiar