Viser arkivet for stikkord boklansering

Jølster - mi regnbogebygd

Skaparkraft midt i fylket 7-9 juni: Bokslepp i Eikaasgalleriet fredag 7. juni kl 11.30

-Om vi skal få til noko, er det viktig at elevane ikkje kvir seg til å skrive. Dei må ha tru på at dei har noko å by på, dei må få lyst til å skrive ei bok. Ganske fort må eg få dei unge skrivarane til å skjønne at dei har noko å fare med. Oppgåvene må vere superenkle. Dei må formast slik at svara blir tekstar som kan brukast i boka, seier Erna Osland. Den prislønte forfattaren har hatt kreative skriveverkstadar med alle 126 elevane på mellomtrinnet i Jølster denne vinteren. Slik at alle har blitt forfattarar! Vi inviterer til bokslepp for “Jølster – mi regnbogebygd” ein antologi med 126 forfattarar og illustratørar.

Høyr kva Erna Osland skriv i det fine forordet: “126 forfattarar har skrive denne boka. Dei har sete side ved side i klasseromma sine og skrive om seg og sitt i to skuletimar. Målet var å lage ei tekstsamling der alle var med, og elevande greidde det med glans. 1600 tekstar skreiv dei om kvardag under Astrups himmel og om sol og regn over unge jeg. Visst fann dei støtte hos etablerte kunstnar som Ragnar Hovland, Marit Tusvik, Per Olav Kaldestad og Jan Erik Vold. Men det er språkets vesen – språk er deling og arv – og derfor der det ekstra fint å kunne markere språkåret med eit slikt gnistrande lagarbeid. Eg som fekk vere med å leggje dei korte skriveøktene til rette , vil takke. Heldig er den som til dagleg får verer i eit klasserom og skrive med barne og unge. Skriving ser ut til å gjere dei sterke og glade. Lykka over eigne og medelevars ord er intens nok til å gjere kvart år til eit språkår. Takk og til lykke med boka alle 126.”

Velkommen til boklansering i Eikaasgalleriet førstkomande fredag kl 11.30! Alle forfattarane får kvar si bok i gåve. Bøker frå det eksklusive førsteopplaget er elles til sals i galleriet og i Borgja heile helga.

Velkomen til bokfest -

Bokfest er moro å jobbe med og no er dei musikale og verbale ingrediensane overlevert kveldens Kjøgemeister Fridtjov Urdal, mens vi jobber videre med ei lita sak utomhus med arbeidstittel
“E dåke blitt anskjeldra?”
Kvelden byr på ei riktig god handfull med ulike tonar og stemmer herifrå sjølvsagt – innimellom boksignaturar, mingel, prat og julegløgg…
Hjarteleg velkommen – dørene er opne gjennom heile kvelden.