Viser arkivet for stikkord cabaret

Helsekost - kva med høymol

spør Breimskoret. Smektande sangar og sprelske scene-stunt skapar alternativ til dei fleste lækjemiddel for sunnheit og kjærleiksliv i cabareten til våren. For sjølv om Breim er ei av dei mest avanserte jordbruksbygdene i fylket, så trengst det fornying og produktutvikling. Og når ein nyklekt svigerson får frie hender på cabaret-garden, så blir det meste til medisin med det samma.

Britt Glomnes Willumsen har skrive manus, og etter ei gjennomlesing, må ein klø seg i hovudet: Er det slekt og venner som har stått modell, er det naboar – eller er det kormedlemmer som er modellar for desse bisarre figurane? Regien ved Gunn Tone Moen spissar komikken til kokepunktet.
Og treng du ro og smørjing for sjela mellom stunta, så er det rikeleg med populær sang og musikk mellom dei verbale innslaga. Koret er alt no topp-trimma av dirigent Solfrid Bjørkum, og Arne Søholt har arrangert alle melodiane – dessutan leier han sitt eige band som backar koret.

Set derfor av ein av kveldane helga 9. – 10. april til å høyre og sjå cabareten. Det lyt skytast inn at underskrivne er høgst inhabil til å setje karakter på koret sidan eg er medlem. Men sjølvros skal ein lytte til, den kjem frå hjartet. Og vil du ikkje ta mine ord for det, så snakk med folk som kvart år kjem til Breimshallen, folk frå Sørbøvåg til Stryn, frå Selje til Sogndal.

Og har du høyrt siste ryktet breimingane har sett ut, at det er jølstringane som er dyktigast til å dyrke høymol? Fleip eller fakta?

KVA ER DET MED BREIMSKORET?

Breimskoret gjorde det igjen – fylte Breimshallen søndag 19.4 med cabareten GU’BEIRE FOR EIT VEIR. Og dei gjorde veiret til latter, ja til gapskratt. Inn mellom fengande populær-melodiar – frå evergreens til rap – fekk vi servert flugefiske etter brukskunst, tyrefekting i Re-fjæra og veir-meldarar på audition. Veirmeldarar som skapt til å melde ekstreme tilstandar.

Og går det som det gjekk i fjor, så kjem folk frå heile fylket til å fylle Breimshallen igjen laurdag 25.4. kl 19.30 og søndag 26.4. kl 16.30 og 19.30. Så ver tidleg ute og skaff deg billett til ei glad-stund.

Mange frå nabokommunane var blant publikum i går, og dei let vel. Alf Otto Førde som er sjåfør og statist for Riksteatret (han burde ha peiling) hevda cabareten var av høg kvalitet. Men la deg ikkje skremme av det. Komikk kan og vere kvalitet – ja kanskje den mest velkomne kvalitet ein kan få frå ei scene.

Sidan så mange frå nabokgrendene finn vegen til Breimskor-cabaret, så har de kanskje kommentarar? Kanskje de også har idear til emne for seinare cabaretar?