Viser arkivet for stikkord eikås

17. mai på Eikås

Med gode vermeldingar legg vi opp til feiring i Lunden på dagtid og i Ungdomshuset på kveldstid. Oppstilling for folketog klokka 14:15 ved Eikås Ungdomshus. Vassenden skulemusikk spelar i toget. Etterpå vert det program, song, appell og leikar for store og små i Lunden/Nynorskens Skog. Sal av kaffi, is og brus. Ta med KOPP!! Medbrakt kaffimat er tradisjon i Lunden. :)

FESTKVELD I EIKÅS UNGDOMSHUS KLOKKA 20:00.
Ulike programinnslag ved:
Vilde Hosteland, Botavon, Ane Dale Erikstad, 4H m.fl
Tale ved Nils Gjerland
Framsyning av bilete frå dagens store og små hendingar

Betasuppe, pølse m/brød, kaffi og kakebord

Etter programmet og maten vert det diskotek for den yngre garde i kjellaren, medan vaksne kan kose seg med kaker og kaffi og god prat utover kvelden.

Billettar: Vaksne kr 200,-, born kr 100,-, familie kr 400,-.

VELKOMEN

Tradisjonar vert haldne i hevd og nye vert skapt

Haustfesten til Eikås 4H vart skipa til med mange tradisjonar i botnen. Nokon av programpostane og menyen har tradisjonar årtier attende. Det same har julebrusen “back stage”. På kjøkenet tryllar dyktige foreldre fram betasupa som har stått på menyen i minst tre tiår. Dette året var supa svært så god. I kjellaren vert prosjekta vurderte av 4 gode medhjelparar som trufast stiller opp og gjer ein innsats tidleg ein laurdag morgon.

Nervane låg tjukt utanpå medlemene før programmet skulle ta til, men i tråd med tradisjonen startar programmet på haustfesten til Eikås 4H heilt presis, og det er medlemene sjølve som styrer heile programmet. Ingen vaksne har lov til å blande seg inn verken på eller bak scena så lenge programmet pågår. Sølve Eikås og Marita Solheim fekk utdelt plakettnåla som bevis på at dei har fullført 4H-programmet og gjort seg fortent til 4H-plaketten. Eit godt vitnemål å ha med seg vidare i livet.

Nedanfor kan du sjå bilete frå scena, prosjektvurderarane i arbeid, frå livet på kjøkenet og frå det meir uryddige landskapet bak scena. Om du ikkje skulle ha høve til å delta på denne festen ventar det ny moglegheit på Vassenden på fredag kveld når Blåklokka 4H skal gjennomføre sin haustfest.

Biletserie med 44 bilete — bla med å trykkje på pilene

Markerte 4H dagen med overnatting ute

Biletserie med 18 bilete — bla med å trykkje på pilene

Omlag 30 4H-arar frå nedste Jølst og nokon voksne markerte 4H-dagen med å ligge ute natt til 5. mai. Blåklokka 4H og Eikås 4H hadde meldt seg på ei landsomfattande markering av 4H-dagen og var 2 av omlag 170 klubbar i heile landet som sov ute denne natta. 4H-medlemene lot seg ikkje skremme innomhus sjølv om termometeret etterkvart kom over på den blå sida, og vatnet fraus i vasskannene.

På det som må seiast å vere dei einaste flate kvadratmetrane på Årset fann dei plass til tre lavoar og eitt telt. Finare teltplass er nok vanskeleg å finne med storslagen utsikt mot aust, sør og vest. To bålpanner for tilbereding av mange godsaker vart det også plass til i tilnærma flatt lende. Utover kvelden var det både grankvist og anna kvist som på bålet minte om eit vulkanutbrot. Godt over midnatt kom månen opp over Kvamsfjellet og dei vakne nattevaktene kunne fortelje om ein fantastisk morgon med måne i vest og soloppgang i aust. 4H-medlemene fekk nok ikkje så mange timar med søvn, så det var ein trøtt med blid gjeng som reiste heim att om morgonen. Det var nok fleire som tenkte at noko slikt må vi prøve å få til seinare også.

Eikås 4H i mål med haustfesten

Biletserie med 30 bilete — bla med å trykkje på pilene

Eikås 4H kunne i ettermiddag feire 4H-fest i ungdomshuset på Eikås. Dette meir enn 50 år etter den første haustfesten i klubben på same staden. Berre det i seg sjølv er jo flott. At ein organisasjon kan halde tradisjonar ved like gjennom over eit halvt århundre, i ei tid då kjappe endringar pregar mykje av samfunnet. Tradisjonen tru stod det betasuppe på menyen. Noko det har gjort omlag like lenge som klubben har eksistert. Mest spaning knyt det seg likevel til programmet og utstillinga av prosjekta. Dette året inkje unntak. Torsdagskvelden såg det meste mørkt ut og det gjorde det jammen klokka 20:30 fredagskvelden også, men etter to gjennomkøyringar seint fredag kveld og laurdag før festen kunne medlemene nøgde konstatere at det er håp…. Dette skal vi greie, og det gjorde dei med glans. Ikkje alle bileta frå festen like skarpe, men det er litt slik det er på ei scene på ein haustfest. Full fart, spente barn og unge i fri utfalding… og av og til går det ei stund før nestemann dukkar opp…… På menyen på Eikås stod mellom anna heimesnekra sketsjar om skulebading i Jølstravatnet, rekkverk i skulehussvingen,stranda raftarar, monsterbarnehage og jakten på kjærleiksbreva til Holsingen.

For nokon er dette å stå på scena ei grense som vert tøygd på det å tore å i heile teke gjere det, for andre er det ein sjølvsagt ting, men felles for alle er nok sommarfuglane i magen i førekant. Vel blåst til medlemer og til vaksne som tek eit ekstra tak for å få festen i hamn. Neste høve for 4H-fest i Jølster er komande fredag i Gjesthalla. Ta gjerne turen. Ungdomane fortener det !

Haustfesttid i 4H

Biletserie med 4 bilete — bla med å trykkje på pilene

I Jølster ligg 4H-klubbane i desse dagar i hardtrening før haustfestane. Først ut er Eikås 4H som skal ha fest i Eikås Ungdomshus laurdag den 22. oktober klokka 14:30. Sidan føl Blåklokka 4H på Vassenden opp med fest i Gjesthalla den 28. oktober, Fjelltind 4H i Stardalen skal ha sin fest den 30. oktober i Haugtun medan Kransen 4H på Ålhus skipar til fest i Borgja den 5. november. Har du lyst på ein god latter er dette staden. Borna og ungdommane vartar opp med eigne skrivne skjetsar, song og humør. Dei stiller også ut prosjekta som dei har jobba med siste året. Desse utstillingane er gjerne opne ein time før sjølve festen tek til. Sjølvsagt vankar det gode mat og tid til prat for dei som kjem. Ta deg tid til nokon kjekke timar og opplev godt program laga av ungdomane sjølve.

Skogsvegar må vi ha, men kvar skal dei gå og korleis skal vi finansiere dei?

Skogsvegar må vi ha, men kvar skal dei gå? Og korleis skal vi finansiere dei? Dette er eitt av tre tema som vert teke opp i to møte tysdag den 15. februar i kommunehuset på Skei og onsdag den 16. februar i
Eikås Ungdomshus. Begge samlingane er klokka 20:00. Jølster Skogeigarlag saman med Jølster kommune og Fylkesmannen si landbruksavdeling står som arrangør. Møta er opne for alle.

Kommuneadministrasjonen og Fylkesmannen har teikna inn trasear for skogsvegar i heile Jølster utan at du veit om det. Dei har også lagt ut traseane i fylkesatlas. Først no vil du få sjansen til å få sjå kvar dei meiner er beste plassen å legge skogsbilvegar. Kanskje du er av ei heilt anna meining?

Innleiing ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sin energibunt, fylkesskogmeister Torkel Hofseth (biletet) med Jølster kommune sine ansvarlege Oddmund Klakegg og Finn Olav Myhren som medspelarar.

Det vert også teke opp to andre tema:
*Planting av gran er eit økonomisk Kinder Egg
Innleiing ved Fylkesskogmeister Torkel Hofseth

  • Skogkultur er ei investering i kvalitet og framtidig inntekt
    Skogfond er ei svært god hjelp på vegen
    Innleiing ved Finn Olav Myhren, Jølster kommune

Ein matbet og ein liten prat set vi også av tid til Dette vonar vi skal bli interessante kveldar, og med Torkel på plass er vi sikra eit engasjement langt ut over gjennomsnittet. For at det skal bli vellukka treng vi at du møter opp. Hjarteleg velkomen alle saman!