Viser arkivet for stikkord fest

Kortreist storband-fest i Borgja!

Det hender ein gler seg så mykje til noko at ein byrjar å drøyme om det! I natt hadde eg ein slik draum. Den handla om storbandfesten i Borgja komande laurdag, palmelaurdag altså. Då byter Jølster musikklag kornettane ut med trompetar, uniformene ut med kjolar og laus snipp og korps ut med storband! Det er ingen draum, det er heilt sant. Førsteklasses storband-musikk i tre sett på den største og finaste parketten i Jølster å svinge seg på! Og den beste akustikken for å nyte musikken. Nemnde eg Hilde? Hilde Hegrenes på syng, låtar som til dømes Minnie the moocher, Pretender og Save the last dance for me! Puss skoa, meld deg på og kom!

Haustfesttid i 4H

Biletserie med 4 bilete — bla med å trykkje på pilene

I Jølster ligg 4H-klubbane i desse dagar i hardtrening før haustfestane. Først ut er Eikås 4H som skal ha fest i Eikås Ungdomshus laurdag den 22. oktober klokka 14:30. Sidan føl Blåklokka 4H på Vassenden opp med fest i Gjesthalla den 28. oktober, Fjelltind 4H i Stardalen skal ha sin fest den 30. oktober i Haugtun medan Kransen 4H på Ålhus skipar til fest i Borgja den 5. november. Har du lyst på ein god latter er dette staden. Borna og ungdommane vartar opp med eigne skrivne skjetsar, song og humør. Dei stiller også ut prosjekta som dei har jobba med siste året. Desse utstillingane er gjerne opne ein time før sjølve festen tek til. Sjølvsagt vankar det gode mat og tid til prat for dei som kjem. Ta deg tid til nokon kjekke timar og opplev godt program laga av ungdomane sjølve.

Trakkar til med fest i Gjesthalla!

Eg er jo sunnfjording eg og, smiler Hilde Hegrenes, solist både med Jølster musikklag og bandet Verk på dansefesten i Gjesthalla komande fredag. Eg likar ikkje å stikke meg fram, akkurat. Men det er berre så utruleg kjekt å synge! Når ting funkar, alt stemmer og det tek til å svinge. Då er det berre å trakke til!

Les meir…