Viser arkivet for stikkord folkemusikk

Unni Løvlid og Draup med mjuke og glassklare tonar i Ålhuskyrkja

Ålhus kyrkje fekk tysdag kveld besøk av Unni Løvlid og glasduoen Draup

Dei er no på ein turné til kyrkjene i Sogn og Fjordane med salmar og folketonar som dei har funne fram frå heimfylket. Publikum i ei velfylt Ålhus kyrkje fekk verkeleg ei flott stund med varlege tonar gjennom songen til Unni Løvlid, og Draup sine vassduppa fingertuppar vandrande over stettglasskanten. Les meir…

Konsert med Anders Rinde og John Oddvar Kandal

onsdag 14. november kl. 18.00

På konserten på Vassenden kyrkjesenter spelar Anders Rinde orgelmusikk av Ludvig Mathias Lindeman og fortel om komponisten og musikken. Fylkesmusikar John Oddvar Kandal er med og saman vil dei spele Les meir…

VINTERJAZZKONSERT, 3. februar kl. 21.00

ERLEND APNESETH, HEYRA OG FRØYDIS GRORUD PÅ JØLSTRAMUSEET!

Heyra (HC Dalgaard, gitar/perk., Sigmund Vik, bass) er ein bergensbasert duo som for tida samarbeider med folkemusikaren Erlend Apneseth (hardingfele). Dei tek utgangspunkt i den nordiske og austeuropeiske folkemusikken og leverar konsertar med alt frå eggjande hallingar til balkanske rytmar, nykomponert verdsmusikk og dei opne, uventa pusteromma der improvisasjonen står i fokus. Dei har spelt for fulle hus i Bergen og gledar seg no til å spele på Jølst!

I tillegg blir Frøydis Grorud, ho med saksofonane og ymse andre blåseintrument i Beat for beat-bandet, med som gjesteartist. Særs gledeleg!

Konserten inngår i “Vinterjazz”, ein landsomfattande markering av jazz i regi av Norsk Jazzforum. Lokal arrangør er Jølster jazzklubb.
Les meir…

Malande juletonar i Eikaas-galleriet torsdag kveld.

Solbjørg Tveiten (t.v) og Ingebjørg H. Bratland her i samsong. Godt å lytte til i ei rein akustisk framføring. Bak ser vi Sigbjørn Apeland og Synnøve S. Bjørset.
I føreomtalen vart det så treffande sagt at “det enkle ofte er det beste”. Og nettopp dette sat igjen etter konserten for underteikna. Det enkle var denne kvelden ei stor oppleving. Takk til Synnøve S. Bjørset som tek med seg gode krefter og gir oss ein konsert vi seint vil gløyme! Songarane Ingebjørg H. Bratland og Solbjørg Tveiten utfylde kvarandre og med sine dialektar gav dei oss smaken av folkemusikk frå ulike kantar av landet. Her fekk vi juletonar frå nær og fjern på kjende songtekstar knytte til jul. Den næraste var Eit barn er født i Betlehem, med tone etter Danhilda Fluge. Danhilda budde i si tid i paktargarden på Ålhus – berre eit steinkast frå Eikaas-galleriet.
Trøorgelet som Sigbjørn Apeland trakterte på ein framifrå måte var bygd av Kaland i Bergen. Dette ga eit varmt bakteppe til lydbilde, og der songarane og Synnøve utfylte dette i ei rein akustisk framføring. Steingolvet i Eikaas-galleriet løfta fram kvaliteten under konserten, og vi vart til tider oppmerksam på vårt eige hjerteslag – så stille var det. I morgon er desse flotte representantane for folkemusikken i Holmedal kyrkje, før dei dreg til Jostedalen og vidare til Hardanger. Vi ynskjer god tur vidare med ein flott musikalsk bodskap!

Solbjørg Tveiten framførte mellom anna Kling no klokka, i ein tone etter Holger Barkved frå Jørpeland på Jæren. (Men det kan vere at underteikna tek feil…)

Trøorgel og fele er veldig flott ilag. Her Sigbjørn Apeland på Kaland-orgelet og Synnøve på Oktav-fele – eit spennande arrangement på dette musikkstykket

Høgt under taket i Eikaas-galleriet, så her kan det takast i og syngast av full hals!

Sigbjørn Apeland bak trøorgelet. Her i vakkert samspel med Ingebjørg H. Bratland på gitar

Nær kontakt mellom utøvarane og publikum – ei kontakt alle hadde igjen for.

Varm applaus frå eit tallrikt publikum gav ekstranummer på konserten. Men før vi fekk det måtte musikarane ha eit styremøte. Einaste saka var Kva toneart skal vi synge den i? Og det vart fort avgjort. Flott ekstranummer fekk vi med Det hev ei rosa sprunge