Viser arkivet for stikkord haustfest

Haustfest i det fri

Ein noko kjøleg austavind klarte ikkje å legge dempar på haustfesten til Eikås 4H på Svidalsneset i ettermiddag. Om lag 80 personar var møtte opp for å delta på haustfesten saman med dei 22. medlemene i Eikås 4H. For første gong i klubben si 55 år gamle historie vart festen skipa til utandørs. Dette vart gjort for å syne fram klubben sitt fellesprosjekt dette året. Medlemene har saman med gode hjelparar bygt eit stort og flott grindverksbygg på Svidalsneset. Ordførar Oddmund Klakegg tykte det var flott at nokon hadde teke tak i dette attgrodde kommunale friluftsområdet, og gjort det om til ein flott stad for heile bygda! 4H-klubben har realisert prosjektet i eit nært samarbeid med Jølster Jakt og Fiskelag og Vårvon Ungdomslag. I starten av prosjektet var også Kransen 4H på Ålhus med. Erlend Slåtten, Halvor Slåtten og Oddmund Støylen fekk takk for all praktisk hjelp som dei har medverka med i prosjektet. Etter programmet med song, sketsjar, musikk, dans og leik vanka det sjølvsagt betasuppe og julebrus, merkeutdeling, kaker og kaffi. Det var stas for medlemene å få utdelt merka av ordføraren på ein stad som det også kan vere interessant å utvikle vidare til glede for mange i kommunen. Eikås 4H har i alle høve planer om å nytte staden ein del til aktivitetar for eigen klubb og dei andre klubbane i kommunen.

I biletserien nedanfor kan du følgje dagen i dag frå vurdering og førebuingar til gjennomføring av festen. Kari Anne Grimelid Årset frå 4H-kontoret vurderte prosjektet saman med Nina Ytredal.

Biletserie med 48 bilete — bla med å trykkje på pilene

Eikås 4H inviterer til haustfest på naturmøteplassen på Svidalsneset

Laurdag 19. oktober klokka 14:00 inviterer Eikås 4H til 4H-fest utandørs i og ved grindverksbygget som klubben har reist saman med Jølster Jakt- og Fiskelag og ungdomslaget i Svidalen. Dette er klubben sitt felles prosjekt dette året og difor inviterer medlemene til ein noko utradisjonell, men samstundes litt tradisjonell haustfest ved og i Grindverksbygget på Svidalsneset . Det vert underhaldning, mat og sjølvsagt utdeling av merke til medlemene. Ordførar Oddmund Klakegg vil dele ut merke og seie nokon ord i høve at dette er første gongen nybygget på naturmøteplassen offisielt vert teke i bruk. Ta med ein klappstol og eit sitjeunderlag og finn fram gode og varme sko og klede, så kan du sjå fram til ein fin 4H haustfest i det fri. Nedanfor kan du sjå nokon få bilete frå arbeidet med bygget. Billett: Vaksne kroner 100,-, Born kr 50,- Velkomen !

Biletserie med 7 bilete — bla med å trykkje på pilene

Tradisjonar vert haldne i hevd og nye vert skapt

Haustfesten til Eikås 4H vart skipa til med mange tradisjonar i botnen. Nokon av programpostane og menyen har tradisjonar årtier attende. Det same har julebrusen “back stage”. På kjøkenet tryllar dyktige foreldre fram betasupa som har stått på menyen i minst tre tiår. Dette året var supa svært så god. I kjellaren vert prosjekta vurderte av 4 gode medhjelparar som trufast stiller opp og gjer ein innsats tidleg ein laurdag morgon.

Nervane låg tjukt utanpå medlemene før programmet skulle ta til, men i tråd med tradisjonen startar programmet på haustfesten til Eikås 4H heilt presis, og det er medlemene sjølve som styrer heile programmet. Ingen vaksne har lov til å blande seg inn verken på eller bak scena så lenge programmet pågår. Sølve Eikås og Marita Solheim fekk utdelt plakettnåla som bevis på at dei har fullført 4H-programmet og gjort seg fortent til 4H-plaketten. Eit godt vitnemål å ha med seg vidare i livet.

Nedanfor kan du sjå bilete frå scena, prosjektvurderarane i arbeid, frå livet på kjøkenet og frå det meir uryddige landskapet bak scena. Om du ikkje skulle ha høve til å delta på denne festen ventar det ny moglegheit på Vassenden på fredag kveld når Blåklokka 4H skal gjennomføre sin haustfest.

Biletserie med 44 bilete — bla med å trykkje på pilene