Viser arkivet for stikkord i

Vassenden skulemusikk inviterer til Julemesse

Det nærmar seg advent og tradisjonen tru inviterer Vassenden Skulemusikk til julemesse den første søndagen i advent. I dei to komande vekene vil loddseljarane kome rundt og selje lodd til inntekt for Skulemusikken. Vi set stor pris på den velvilje som loddseljarane møter på sin veg frå dør til dør i førekant av messa, og vi håpar svært mange av dykk vil finne tid til eit besøk på julemessa 1. søndagen i advent.

Søndag 2.desember inviterer Vassenden Skulemusikk til julemesse i gymsalen på Mo og Jølster vidaregåande skule, avd. Jølster. Frå klokka 13.30 er det høve til å få kjøpe seg kaffi og kaker. Konsert med skulemusikken klokka 14. Deretter opnar salsbodene med sal av mellom anna heimebaka flatbrød og fiskebrød. Klokka 15.30 skal ein flott og stor gjeng med 1. og 2.års aspirantar spele. Neste års Jølstrakalender vert presentert. Det vert også eit lynlotteri i tillegg til loddbøkene. Trekking i loddbøkene skjer ca. kl. 16.30. Hjarteleg velkomen til store og små!

• Ei ny satsing gjer at kommunar, verksemder og privatpersonar kan få tilskot til å etablere bustader i distrikta. No går startskotet for å søkje om å vere med. • www.nationen.no

Irndal i Jølster?

God dag, godtfolk!

Jobbar med ei mastergradsoppgåve i arkeologi ved UiB om mellomalderkyrkjestader i utvalde område av Sunnfjord, mellom anna Jølster skipreide (som geografisk så å seie tilsvarar dagens kommune). Sat og “googla” litt, og kom då over namnet Irndal på ei lista over såkalla papirkyrkjer, altså kyrkjestader som forlengst har forsvunne, men finst “på papiret”, i S&Fj., og det er på denne internettsida føreslått at stadnamnet kan vere frå Jølster.

Link: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Papirkirker_i_Sogn_og_Fjordane – kor påliteleg denne lokalhistoriewiki er, kan vel diskuterast, men jordeboka Bergen Kalvskinn frå 1300-talet, som er utgangspunktet for at Irndal er på denne lista, er ei av dei sentrale skriftlege kjeldene eg nyttar i undersøkinga.

Uansett; det har ikkje lukkast meg å finne att namnet Irndal i nokre kjelder, og eg har heller aldri høyrt det før. Er det nokon her som dreg kjensel på det? Eller stadnamn som liknar? Kor i Jølster kan det ha vore, om i det heile?

Astrup vert sterkt hylla i Danmark

Medan ordskiftet på ein annan tråd her i Jølster Origo gjeld vona om å kunne få danske skituristar til bygda, er kunstnaren Nikolai Astrups kome til København blitt svært så godt motteken i den danske hovudstaden. ”Norsk kunstner kryber ud af Munchs skygge. Astrups farvestærke naturbilleder er undervurderede i Danmark”. Det skriv t.d. kunstredaktør Peter Michael Hornung i storavisa Politiken om utstillinga av kunstverk frå Jølster, og held fram i ein artikkel som er illustrert med biletet ”Kari”, med utsikt frå Sunde:

”Jeg tror, at han vil blive den kunstner, der bedst kan løfte den norske kunsts position både hjemme og i udlandet«. Sådan lød den magtfulde forudsigelse fra maleren Christian Krohg. Den var møntet på en noget yngre norsk maler, en af hans elever fra Paris.
Det er denne malers stærke værker: malerier og træsnit, som Gl. Holtegaard nu breder ud for danskerne i en opulent farverig udstilling, der bør nuancere danskernes fordomme om norsk kunst som speciel tung og dyster.
Nikolai Astrup (1880-1928) hed denne håbefulde mand, hvis skæbne, Krohg desværre tog fejl af.

Overskygget af Munch
For det blev en anden landsmand, der rendte med al verdensberømmelsen. Denne landsmand ? og verdensmand ? hed Edvard Munch, og han kastede så store og lange skygger, at hans indsats kom til at fordunkle mere end én norsk kunstner. Astrup var kun en af mange overskyggede.
Måske som en trøst for den udeblevne internationale berømmelse vandt Nicolai Astrup ikke bare sine landsmænds forståelse, men også deres hengivenhed. Ikke blot formede hans billeder sig som en farverig hyldest til en stærk folkelig intimitet og til det norske landskab i al dets bjergrige magt og vælde.
Men hans egen historie var i den grad flettet sammen med det unge kongedømmes. Faktisk er det ikke nationalt muligt at være mere norsk end Astrup.

Da Norge blev selvstændig
I 1905 vandt Norge efter mange års frihedslængsel sin selvstændighed som nation. Der skulle en folkeafstemnings massive flertal til, før landet blev løst fra personalunionen med Sverige.
Samme år havde den unge Astrup sin første separatudstilling i Kristiania, den by, som senere blev til Oslo. Udstillingen blev et gennembrud, for Nasjonalgalleriet købte et af Astrups mange billeder fra Jølster.
Det var herfra, fra Jølster i det vestlige Norge, nord for Bergen, at Nikolai Astrup kom til at leve det meste af sit relativt korte liv. Her havde han boet med sine forældre siden 1883, dvs. siden han var tre år. Det var året efter, at Norge ved at få sin første parlamentarisk valgte regering havde taget det første skridt mod selvstændighed.

Fatal cocktail
Til Jølster vendte Astrup altid tilbage efter at have set sig om i verden. Og det var her, han døde i 1928, af en fatal cocktail af tuberkulose, astma og lungebetændelse.
Nedsat lungefunktion er ikke det bedste udgangspunkt for en landskabsmaler, der bor og arbejder i et land med høje fjelde. Men i sit maleri synes Astrup at trodse alt, der ikke bekræfter naturens vitalitet og frodighed.
Mens Munch hele livet kæmpede med dødsangst, traumer og fortrængninger, er der intet af den slags at spore i den dødssyge Astrups livsværk. Som hos Willumsen i Danmark og schweiziske Ferdinand Hodler er naturen ikke lukket ind i billedet for at sprede rædsel ? og længsel efter andre og bedre verdener. Tværtom.

Subjektiv opfattelse
Men at kunstnere kan minde om hinanden, er ikke ensbetydende med, at de også må have stjålet noget fra hinanden. De påfaldende ligheder kan skyldes ?noget? i tiden og reelt to forhold. Det ene var et pludseligt opstået mod på at vove sig lidt længere ud, end den forrige generation af kunstnere havde været.
Det andet var lysten til at male ikke bare et landskab, som det præsenterede sig for øjet, men også en mere subjektiv og følelsesmæssig betonet opfattelse af dette landskab. Blomsterne dominerede, men liv og legemer er der ikke meget af. Livet i landskaberne stammede gerne fra naturen selv.
Det er med dette syn, at nordmanden Astrup genkalder den hengivne naturopfattelse hos den håndfuld canadiske kunstnere, der blev samlet under betegnelsen ?Group of Seven?.

Intens naturoplevelse
Gruppen var dannet, efter at en række nordamerikanske og canadiske kunstnere havde besøgt den nordamerikanske by Buffalo, hvor de så en udstilling med samtidig nordisk kunst. Det var skildringen af den norske natur, der åbnede deres øjne for skønheden i deres eget lands former og farver.
Naturen omkring Jølster var heller ikke så forskellig fra det canadiske landskab, som bød på episk storslåede naturformer, der kunne legitimere de tunge mættede farver.
For det brede publikum er genkendelsens glæde altid den største glæde. Da Astrup vil være et nyt bekendtskab for danskerne, er det næsten en satsning, som Gl. Holtegaard har lagt hus til i øvrigt i et nært samarbejde med Sparebankstiftelsen DnB NOR og Bergen Kunstmuseum.
Men med sin intense naturoplevelse og sine rige farver vil Nicolai Astrups billeder belønne dem, der lægger vejen forbi dette maleriske koncentrat af Norges natur, sluttar den danske kunstkritikaren.

Så kanskje kan nettopp ein litt sjukleg kunstnar vere den døropnar inn til Jølster for dei spreke danskar som ønskjer seg ei natur- og skioppleving i Norge?!
Utstillinga oppnår 5 av 6 raude hjarte av den danske kunstkritikaren.
iBYEN synes

Den Trondhjemske Postveg gjennom Jølster og Sunnfjord

Ingemar Nordstrand hadde for fleire år sidan eit prosjekt om Den Trondhjemske postveg gjennom distriktet her. Det kom også ut bok i det høvet. Tidlegare i vinter kom det fram her på origo at det er deler av den Trondhjemske postvei vi ser frå Skjersura og innover mot Bjørset (kanskje vidare også?) Desse vegstubbane som er funne att var det planer om skulle bli vandre og sykkelstiar (der dei er gode nok). Langs vegen finns der også mange andre kulturminner. I reiselivssamanheng er det på tankestadiet å lage noko saman med Nordfjord etter denne vegtrasèen.
I alle fall har også Førde Historielag fatta interesse for denne delen av historia vår og innbyr til møte om emnet på Hafstad Vidaregåande skule tysdag 24. mars kl. 19.00. Ingemar Nordstrand – som den eldsjela han er – vil halde kåseri om emnet – kanskje blir ny glød tent?
Er det også interessant for Jølstringane å vere med på dette? De er hjarteleg velkomne til å delta.

For Jølster sin del kunne vandringar på desse stiane verte ein liten del i den tilbodspakken som har vore skissert annan stad på sida. Sidan det er blitt umogeleg å gå etter vegen ville det vore fint å ha ein slik ruslestad tett ved vegen, med vatnet i sikte – ein tur for dei som ikkje er ute etter toppturar. Frå Skjersura og innover vil ein gå forbi ei fin lita grindløe (pass no på at den ikkje ramlar ned – ser den er litt skeiv etterkvart) Tingstova på Bjørset er også ein attraksjon og her ligg heilt sikkert mange historier og stadnamn langs med. I spesielle høve kan kanskje Synnøve halde konsert i tunet??

Er dette eit prosjekt for grendalag eller kanskje skulen no i kulturminneåret? Dette hadde det vore interessant å få synspunkt på!

Litt om 100 år med kyrkjeorgel i Jølster og talet ni.

Manualet og register-knottane på gamle-orgelet (1909) i Helgheim kyrkje.

Ringen vert slutta når vi i 2009, hundre år etter det første instrumentet, bygger det fjerde kyrkjeorgelet i Jølster, og då snakkar vi om orgelet til Vassenden kyrkjesenter.
I løpet av desse 100 åra har vi fått fleire pipeorgel på orgelgalleria i Jølster.
Talet ni syner seg å vere med i alle årstal når det er snakk om å byggje kyrkjeorgel i kyrkjene i Jølster.
Olsen&Jørgensen-orgel med seks ulike register, vart sett opp i Helgheimskyrja i 1909. Femti år etter, i 1959, kjem Jørgensen-orgelet i Ålhus. Dette kyrkjeorgelet, som i år er 50 år, var det første retteleg orgelet i Ålhuskyrkja. I frå 1954-55 og fram til 1959 gjorde eit Harmonium frå Vestre teneste som kyrkjeorgel i Ålhus. Soknepresten Kalhovd var tidleg i kontakt med orgelbyggjar Jørgensen, og i eit brev frå så tidleg som 1943, ser vi at spørsmålet om orgel var aktuelt. Men først i 1949 vart det bestemt å ingå kontrakt om bygging av orgel til Ålhus. Grunna stor mangel på materiale etter 2. verdenskrig, kunne ikkje orgelbyggaren i Oslo levere før i 1959. Nok ein gong er talet ni med i historikken. Det høver elles godt med ni-talet i kyrkjeleg samanheng- talet er eit heilagt tal og vert brukt ved klokkeringing til slutt i kvar gudsteneste i kyrkjene våre.
Konsulent for orgelkjøpet i Helgheim i 1909, var komponist og organist Johannes Haarklou (Hårklau) frå Haukedalen. Denne karen hadde stor slekt i Jølster; på Myklebust og på Dvergsdal. Utan han var det vel tvilsomt om det så tidleg som i 1909 hadde kome kyrkjeorgel til ein landsens kyrkje som Helgheim. Ikkje for det, i Breimskyrkja på Reed kom det første orgelet i 1904! Skal vi spekulere litt, kan det vel vere at ein eller fleire Jølstringar nettopp hadde fått høyre Breimsorgelet, og såleis utløyst ei orgelinteresse i Helgheim sokn. Likevel, etter berre 70 år i teneste og etter kvart ein sviktande og lunefull pneumatisk mekanikk, vart 1909-orgelet teke ned og vart plassert til sitt pensjonist-tilvære i tårnet i Helgheimkyrkja. For i 1977 vart det bestemt å byte ut 1909 orgelet med eit to-manuals mekanisk orgel. Fleire ulike fabrikantar kom med pris og forslag på nytt instrument til Helgheim. Det vart det tradisjonsrike tyske orgelbyggarfirmaet Jehmlich i Dresden, i tidlegare Aust-Tyskland, som fekk tilslaget. Dei leverte god kvalitet til god pris, og som vi ser skjedde dette i 1979.
Hundre år etter det første instrumentet, kjem Peter Conacher-orgelet til Vassenden. Dette var opphaveleg bygd i ei Baptistkyrkje i Bangor, ein Universitetsby i Nord Wales, ikkje langt frå Liverpool. Også her har talet ni komt med i historia, for dette vart bygd i 1899. Og ser vi godt etter, så har talet ni kome med endå ein gong; for dette orgelet har 19 ulike klingande register. Rekkja av nital, når orgelhistoria for Jølster skal skrivast, er såleis ubrutt.

Slik var fargane i Helgheim fram til 1977. Bak på galleriet skimtar vi Olsen&Jørgensen-orgelet frå 1909. Dette bilete vart teke i ei gravferd tidleg på 70-tallet. Foto: Sverre J. Befring.