Viser arkivet for stikkord jølster

VÅRKONSERT I BORGJA

JØLSTER MUSIKKLAG inviterer til den årlige Vårkonserten i Borgja på Ålhus, søndag 17.april kl.15:00.

Programmet på årets vårkonsert er “letthøyrd” og “klassisk brassband”. Vi i Jølster Musikklag og Dirigent Rolf Bjørge startar konserten der du til dømes får høyre “Streif av sol”, ein nydeleg duett med to av våre flotte ungdommar, William og Kristina. Vidare får du høyre Knut’en vår i tubasoloen “Bass in the Ballroom” og rundar første avdeling med med eit fantastisk stykke, Labour and Love.

Førde Musikklag og Dirigent Jason Burn er våre gjestar og spelar ei lita avdelig etter pausen. Deretter overtek Jølster Ungdommsensemble, JUBLE, ein gjeng entusiastiske og talentfulle ungdommar frå Jølster Musikklag som vi gler oss til å høyre. Jølster Musikklag avsluttar konserten med blant anna Åse på trombonesolo og vår eigen “Jølsterdag” av Frode Thingnæs og Oddvar Torsheim.

Velkommen til konsert!!

"Bygdekino" med Jølster Musikklag

Jølster Musikklag ruller ut den røde løparen. Det er duka for ein aften med filmmusikk frå gammal og nyare tid.
Med høg “kinofaktor”, rød løpar og popcorn håpar vi du vil få den riktige “kinostemninga” i Borgja på Ålhus 20.september kl.17.00
Det blir lynlotteri og sal av kaker og kaffi i pausen.

Vaksen: Kr.100,-
Barn: Kr.50,-
Barn under 12år: Gratis

Valdebatt i Jølster

Den 14.september skal du vere med å avgjere kven som skal sitje i kommunestyret i Jølster dei kommande 4 åra. Kjenner du at du treng meir info, og har du eit spørsmål det er viktig å få stilt til politikarane? Då er debatten i Borgja på Ålhus onsdag 9.september kl 19.00 noko for deg! Alle ordførarkandidatane stiller og ønskjer å forklare kva dei vil satse dei kommande 4 åra. Vi har sikra oss mangeårig NRK-medarbeidar, no aktiv pensjonist, Eldgrim Fossheim som ordstyrar!

Desse stiller i panelet:

Senterpartiet: Oddmund Klakegg
Arbeiderpartiet: Ragnhild Sæle
Venstre: Judith Kapstad
Høgre: Anders Kristian Sægrov
Kristeleg Folkeparti: Inger Lind Aasen
Sosialistisk Venstreparti: Jakob A. Sandal

Vel møtt!

SOMMARJAZZKONSERT

Sommarens jazzhending i Jølster! Konsert med sju profilerte jazzmusikarar og 25 elevar som har vore kursa frå morgon til kveld i fire dagar. Her blir det mykje musikkglede!

Velkommen!

Lenke til billettkjøp på TicketCo.

17. mai: Familiegudsteneste i Helgheim kyrkje kl. 11.00

Kyrkja i Jølster vil gjere merksam på at det i 17. mai-programmet for Skei står feil klokkeslett for gudstenesta i Helgheim kyrkje. Rett klokkeslett er 11.00. Vel møtt til ei av dei siste gudstenestene med vikarprest Olaf Sigurd Gundersen her i Jølster! Snart kjem Silje Sørebø – det blir også kjekt!

Jul med Jølstrasnellene

Jølstrasnellene lagar i år til julebutikk i nye lokaler. I “gamle” banken på Vassenden finn du oss.

Kom og sjå kva vi har laga gjennom året. Vi har mange produkt å tilby strikk, dekorasjonar, julenissar, kort, grytelappar, dukar og mykje meir.
Litt av kvart å gje vekk til julegåve, eller ei julegåve til deg sjølv.

Velkomen innom til ein koselig førjulshandel.

Vi held ope kvar fredag, laurdag og søndag 5.- 21. desember

Opningstider:
fredag kl. 14-18
laurdag kl. 10-16
søndag kl. 12-16

Bilete frå Jølster Maraton 2014

Biletserie med 61 bilete — bla med å trykkje på pilene

Fra aurefestivalen 14 juni 2014.

Legger ut noen bilder fra aure festivalen som var den 14 juni i år. Grunnet det fine været ble disse bildene noe forsinket utlagt , da malerarbeide med huset ble en prioritet . Godværet måtte jo benyttes. Av ca. 110 bilder sier det seg selv at her legges ut bare et lite utvalg av dette bildemateriellet. Om komiteen for aure festivalen kontakter meg , er bilder tilgjengelig om de har bruk for bildemateriale til dokumentasjon eller senere bruk.

Høgre-klikk bildet for større gjengivelse. God fornøyelse.

Hei Kari. … Hyggelig å hilse på deg.

Vakre Kjøsnes blant mektige fjell.

Her har vi den staute båt føreren min

Njål hadde også kapra seg en båt, for fotografering.

Jølster Skyttarstadion - Gåve og sponsorbidrag

Jølster Skyttarlag inviterer det lokale næringslivet, organisasjonar og privatpersonar til å støtte det nye skyttarstadion i Jølster ved å gje ei gåve eller å bli med som sponsor.

Skyttarlaget sender i desse dagar ut e-postar til bedrifter i Jølster med invitasjon, samt litt informasjon om arbeidet til skyttarlaget og det nye skyttarstadion i Myklebustdalen.

For næringslivet:
Vi oppmodar næringslivet til å støtte prosjektet ved å vere sponsor på stadion. Fleire bedrifter er alt med som hovudsponsor og har støtta prosjektet, men vi ynskjer å tilby fleire å vere med som «offisiell samarbeidspartnar». Bedrifta vil få logo profilert på sponsor- og gåvetavle som vert sett opp ved stadion.

For private:
Vi oppmodar også privatpersonar til å støtte bygginga av Jølster Skyttarstadion. Gåver gjeve til frivillige organisasjonar som Jølster Skyttarlag er frådragsberettiga, og kan difor førast opp som frådrag i sjølvmeldinga.
-
Dersom ein ynskjer meir informasjon om ein eventuell sponsoravtale eller ynskjer å gje ei gåve, ta kontakt med skyttarlaget på e-post: jolster@skytterlag.no

Følg lenkje for ein Presentasjon av Nytt Skyttarstadion i Myklebustdalen

25.-28. juni: Kurs i jazzimprovisasjon og samspel!

Siste veka i juni arrangerar Vestnorsk jazzsenter i samarbeid med Jølster jazzklubb kurs i jazzimprovisasjon og samspel på Skei i Jølster. Sju instruktørar av internasjonalt format står for undervisninga. Søknadsfristen er 9. juni.

Målsettinga med kurset er å inspirere fleire, særleg unge, til å bli interesserte i og ville spele improvisert musikk, men kurset kan like gjerne vere ei kjelde til inspirasjon for dei som allereie fuskar i faget. Kurset er såleis ope for alle som ønskjer å lære meir om jazz som uttrykk og improvisasjon som metode. Det er ein fordel å kunne lese notar og å ha ei viss instrumenterfaring, men det aller viktigaste er lysta til å spele og lære meir!

Bildet er frå musikkverkstaden under Jazz på Jølst i 2011. Då var Ytre Suløens Jass-ensemble instruktørar for ti lovande unge musikarar.

Les meir

Jølster Friluftsfestival

For andre gang arrangeres friluftsfestivalen i Jølster 30.mai til 1.juni. Vi ser at det lønner seg å vente til slutten av mai, finværet vi er lova syner det!
Det blir mykje aktivitet i Borgja heile helga. Ta familien med og et middagen der, vi serverer verden beste betasuppe :)
Vi ynskjer alle velkommen til ei helg fylt med aktivitet og moro.

Program

Fredagskvelden:

Dette skjer ved Borgja Kl 17:00 Borgja og kafe åpner Kl 18:30 Offisiell opning av festivalen. Ordføraren i Jølster vil vere tilstades ved opninga av festivalen. Kl 19:00 Foredrag med Aleksander Gamme: “Verdens lengste skitur”. Stikkord: Perspektiv, inspirasjon, en liten porsjon galskap. Premie frå Din Sport på inngangsbilleten. Stands med sports- og friluftsutstyr

Lørdag

Rafting/familierafting To dagers kjakk kurs på Vassenden – Her finn du info om pris og påmeldig Kl 10:30 Sykling til Gotdalsstøylen med turledere ifrå DNT. Kl 11:00 Barnas turlag arrangerer tur til Flugestøylen Kl 15:00 Salg av grillmat ved Sægrov i Kjøsnesfjorden. Skihopping på Jølstravatnet kl 15:30 kl 19:00 Foredrag med Sandra C og Kaja Hatlestad: Fjellrips- Hæppy Campers. Tema er Turglede, planlegging, ungar, ikkje ungar…..Ut på tur aldri sur Foredrag med forfattarane av boka “Norges beste toppturer” Otto T.Lund og Lise Inger Innerdal. Filmframsyning med Skifantomet Dette skjer ved Borgja på dagtid Frå kl 10 og utover dagen kan ein klatre i klatretårn Stand med trekkhunder (Sandra C Hatlestad). Her kan du få deg bålkaffi og moglegheit til å grille pølse. Ta med pølser. Fiske simulator (Lunde turiststasjon) Bilder med utval av dagens aktiviteter Salg av varm mat Foredraget med Sandra C og Kaja Hatlestad Stands med sports- og friluftsutstyr

Søndag:

Rafting/familierafting To dagers kjakk kurs på Vassenden Her finn du info om pris og påmeldig Kl 09:00 Topptur med ski til Grovabreen (hvis været og forholdene tillatter det) Kl 10:00 Fjelltur til Bolsetsnipa der ordføraren i Jølster er turleder. Oppmøte ved Skei Hotell. Kl 11:00 – 14:00 Barneklatring/rappelering ved Skei skule Dette skjer ved Borgja på dagtid: Stand med trekkhunder (Sandra C Hatlestad). Her kan du få deg bålkaffi og moglegheit til å grille pølse. Ta med pølser. Fiske simulator. Dei med som iløpet av helga får høgast poengsum vinner ein premie (Lunde turiststasjon). Bilder med utval av dagens aktiviteter Salg av varm mat Stands med sports- og friluftsutstyr Kl 15:00 avsluttes festivalen med trekkning av dobbeltseng ifrå Møbelringen

Jølster friluftsfestival

Jul med Jølstrasnellene

Jølstrasnellene lagar også i år til julebutikk, håpar mange tar turen innom til ein koselig førjulshandel.

Kom innom og sjå kva vi har laga gjennom året, vi har mange forskjellige produkt å tilby strikk, dekorasjonar, julenissar, kort, grytelappar og mykje meir.
Litt av kvart å velge mellom til julegåver, eller ei julegåve til deg sjølv.
100 % heimelaga.

Vi er å finne på Jølstraholmen mellom kafeen og Best.

Vi held ope kvar fredag, laurdag og søndag 29. november til 15. desember
Opningstidene:
fredag kl. 14-18
laurdag kl. 12-18
søndag kl. 12-18

Bileta er frå tidlegare år:

Haustfest i det fri

Ein noko kjøleg austavind klarte ikkje å legge dempar på haustfesten til Eikås 4H på Svidalsneset i ettermiddag. Om lag 80 personar var møtte opp for å delta på haustfesten saman med dei 22. medlemene i Eikås 4H. For første gong i klubben si 55 år gamle historie vart festen skipa til utandørs. Dette vart gjort for å syne fram klubben sitt fellesprosjekt dette året. Medlemene har saman med gode hjelparar bygt eit stort og flott grindverksbygg på Svidalsneset. Ordførar Oddmund Klakegg tykte det var flott at nokon hadde teke tak i dette attgrodde kommunale friluftsområdet, og gjort det om til ein flott stad for heile bygda! 4H-klubben har realisert prosjektet i eit nært samarbeid med Jølster Jakt og Fiskelag og Vårvon Ungdomslag. I starten av prosjektet var også Kransen 4H på Ålhus med. Erlend Slåtten, Halvor Slåtten og Oddmund Støylen fekk takk for all praktisk hjelp som dei har medverka med i prosjektet. Etter programmet med song, sketsjar, musikk, dans og leik vanka det sjølvsagt betasuppe og julebrus, merkeutdeling, kaker og kaffi. Det var stas for medlemene å få utdelt merka av ordføraren på ein stad som det også kan vere interessant å utvikle vidare til glede for mange i kommunen. Eikås 4H har i alle høve planer om å nytte staden ein del til aktivitetar for eigen klubb og dei andre klubbane i kommunen.

I biletserien nedanfor kan du følgje dagen i dag frå vurdering og førebuingar til gjennomføring av festen. Kari Anne Grimelid Årset frå 4H-kontoret vurderte prosjektet saman med Nina Ytredal.

Biletserie med 48 bilete — bla med å trykkje på pilene

Astrup sitt Jølster

”Kom op til mig, så skal vi fare bygden rundt og se til mine motiver!” (Nikolai Astrup)

Landskapet og menneska i Jølster var det viktigaste motivet i Nikolai Astrup sin kunst, og han
omtala seg sjølv som ein av dei mest stad– og jordbundne kunstnarane i landet. Dei fleste motiva hans kan knytast til stadar i Jølster der vi framleis kan kjenne att dei same fjella, fossane og husa.

Det er no lagt til rette for fire vandringar i Astrup sine motiv. På Ålhus, Sunde, Myklebust og
Sandalstrand vil det komme opp skilt som viser eit utval av Astrup sine motiv frå staden, og ein liten turguide kan gje meir informasjon om kunstnaren og motiva.

Materialet er knytt til Astrup-appen utvikla ved Bergen kunstmuseum. Denne er no omsett til
nynorsk og betre tilpassa bruk i Jølster. Med smarttelefon eller iPad får ein tilgang til ein stor del av Astrup sine motiv, historier om kunstnaren og motiva hans, og digitale kart som viser kvar i landskapet Astrup stod når han måla motiva sine.

Astrup-appen er gratis, og tilgjengeleg for alle både på norsk og engelsk. Vi håpar den saman med skilt og turguide kan gjere Astrup meir synleg i Jølster, og bidra til å gjere landskapet her i
nnhaldsrikt for både tilreisande og fastbuande. Informasjonen kan brukast til spaserturar og
omvisningar for både gjester, skuleklassar og turistar.

*

Fredag 30. august er Nikolai Astrup sin fødselsdag.
Vi feirar med lansering av den vidareutvikla Astrup-appen og fødselsdagsfeiring i Astrup sin hage.

Kl 13.00-16.00 vert det guida tur til Astrup sine motiv
v/ Tove Kårstad Haugsbø (KODE/Bergen kunstmuseum) og Solveig Berg Lofnes (Astruptunet)
(Påmelding til silja.juklestad@jolster.kommune.no / 91 65 81 99)

Kl 18.00 – 21.00 vert det “Fødselsdag i hagen” i Astruptunet.
Kl 19.00: omvisning i Astrup sine motiv frå hagen
Kl 20.00: Sigmund Eikås spelar og fortel om musikktradisjonen vi kan sjå i Astrup sine jonsokmotiv.

Kl 21.30: Nyskapande kunst- og lydførestilling i Kjøsnesfjorden.

*

Skytebana i Dvergsdalsdalen

I fjor haust og sist vinter vart det lagt ned ein kjempeinnsats under reisinga av standplass og skyttarhuset, på den nye skytebana i Dvergsdalsdalen. Veldig mange var med, og det var ikkje reint få dugnadstimar som vart utført. Men som så ofte skjer ved slike dugnadsprosjekt, så vart det til slutt mykje same gjengen som var med. Derfor treng vi at fleire melder seg på, og det er endå mykje arbeid som står att før vi kan ta bana i bruk.

Dersom vi skal komme i mål med betongarbeidet før vinteren, så treng vi fleire folk på dugnad!
Oppmodar derfor akkurat deg til å bli med.

Ta kontakt med Erling Skrede (mob. 952 59 786) om du har høve til å vere med, eller kjenner nokon som har lyst til å vere med. Ikkje nøl med å ta kontakt!

Status på attståande arbeid;

100m bane.
- arbeidet med støttevegg.
- huset for elektronikken, her skal veggar og dekke i betong støypast.
- fundament/vegg for beskyttelse av elektronikk til løpande elg.

200m bane.
- fundament for blinkane.

Skyttarhuset.
- armere og støype golv i servicedelen/opphaldsrom
- div. attståande snikkararbeid på standplasshuset.

Dette skal vi klare, men vi er avhengige av at fleire vert med.

Kom og bli med på dugnad du også!!!

Mobilretur 2013 - Inntekt for Jølster IL Friidrett

Jølster IL Friidrett, vil i samarbeid med Telenor og Norges Idrettsforbund , samle inn brukte mobiltelefonar i Jølster.
Du kan vere med på å gjere eit løft for miljøet, samt bidra til at Jølster IL får verdifulle dugnadsinntekter.
Brukte mobiltelefonar kan resirkulerast eller skape nye mogelegheiter for andre.

Du har truleg ein gamal mobiltelefon liggande i heimen, for faktum er at 7 av 10 nordmenn har brukte mobiltelefonar liggande. Med dette tiltaket, kan du bidra til å resirkulere gamle mobiltelefonar, på ein sikker og miljøvennleg måte.
Samtidig får Jølster IL Friidrett, inntekter som kan nyttast til å tilrettelegge for fysisk aktivitet.

For meir informasjon om Telenor si returordning sjå www.telenor.no/gjenbruk.

Dersom det framleis er informasjon på din mobil, så vil Telenor gjennom sin sertifiserte returpartnar slette all lagra informasjon, og destruere minnekort på mobilen. Vi brukar ein tydelig merka og spesialdesigna bag for innsamling av mobiltelefonar, slik at du kan være trygg på at din mobil blir handtert på en forsvarleg måte.

Så håpar vi de vil vere med å gjere eit løft for miljøet og samtidig støtte Jølster IL Friidrett .

Innsamlingsbag er utplassert på følgjande stader i Jølster. Ta kontakt med betjening i kasse/resepsjon: Statoil Jølstraholmen, Coop Marked Vassenden, Coop Marked Skei, Esso Skei og tenestekontoret på kommunehuset.

Vi er også på Facebook, gå inn og LIK og del sida med dine vener.

Jølster - mi regnbogebygd

Skaparkraft midt i fylket 7-9 juni: Bokslepp i Eikaasgalleriet fredag 7. juni kl 11.30

-Om vi skal få til noko, er det viktig at elevane ikkje kvir seg til å skrive. Dei må ha tru på at dei har noko å by på, dei må få lyst til å skrive ei bok. Ganske fort må eg få dei unge skrivarane til å skjønne at dei har noko å fare med. Oppgåvene må vere superenkle. Dei må formast slik at svara blir tekstar som kan brukast i boka, seier Erna Osland. Den prislønte forfattaren har hatt kreative skriveverkstadar med alle 126 elevane på mellomtrinnet i Jølster denne vinteren. Slik at alle har blitt forfattarar! Vi inviterer til bokslepp for “Jølster – mi regnbogebygd” ein antologi med 126 forfattarar og illustratørar.

Høyr kva Erna Osland skriv i det fine forordet: “126 forfattarar har skrive denne boka. Dei har sete side ved side i klasseromma sine og skrive om seg og sitt i to skuletimar. Målet var å lage ei tekstsamling der alle var med, og elevande greidde det med glans. 1600 tekstar skreiv dei om kvardag under Astrups himmel og om sol og regn over unge jeg. Visst fann dei støtte hos etablerte kunstnar som Ragnar Hovland, Marit Tusvik, Per Olav Kaldestad og Jan Erik Vold. Men det er språkets vesen – språk er deling og arv – og derfor der det ekstra fint å kunne markere språkåret med eit slikt gnistrande lagarbeid. Eg som fekk vere med å leggje dei korte skriveøktene til rette , vil takke. Heldig er den som til dagleg får verer i eit klasserom og skrive med barne og unge. Skriving ser ut til å gjere dei sterke og glade. Lykka over eigne og medelevars ord er intens nok til å gjere kvart år til eit språkår. Takk og til lykke med boka alle 126.”

Velkommen til boklansering i Eikaasgalleriet førstkomande fredag kl 11.30! Alle forfattarane får kvar si bok i gåve. Bøker frå det eksklusive førsteopplaget er elles til sals i galleriet og i Borgja heile helga.

Da høve so vel uti tuna hass Jo!

Skaparkraft midt i fylket 7-9 juni: Elin Grytting syng og fortel.

Mamma fortalde at dei “laga spelhus” då ho var lita. Brukar de dette ordet på Jølster? I spelhuset spela, altså leika dei, fortel fylkesmusikar Elin Grytting. Eg har leika meg litt med teksten i ein song frå Jølster: «Sam sam sura» – der heiter det i siste linje: «Da høve so vel uti tuna hass Jo!» Publikum skal få syngje med og få med seg den songen, altså lære den i løpet av programmet, når eg kjem til Ålhus neste helg!

-Eg vil gå på leit etter song og forteljingar frå Jølster og nabobygdene. Slikt som levde på folkemunne før i tida, og slikt «allje» kunne då. Noko oppstod og vart laga i Jølster, anna fekk ein sveip av jølstrasjela gjennom bruk og kreativitet. Men so gjekk det meste i gløymeboka. Det er på tide å ta det fram att og ta det i bruk, seier Elin Grytting entusiastisk.

Elin Grytting er kjend som ein av våre fremste tradisjonsformidlarar. Ingen syng og fortel som ho gjer! Velkommen i spelhuset med Elin, små og og store, unge og gamle. Elin Grytting er oppteken av å skape gode møteplassar på tvers av generasjonane, der ingen spør deg kor gammal du er, men kvar du kjem frå, kven du er! Ein slik møtestad lagar ho i Eikaasgalleriet søndag 9. juni kl 13.00. Velkommen!

Ludvig Eikaas: Inspiratoren

Skaparkraft midt i fylket 7-9 juni: Omvising i Eikaasutstillinga

Eikaasgalleriet byr denne sommaren på ei frodig og fyldig utstilling med verk av kunstnaren Ludvig Eikaas. Under kulturhelga Skaparkraft midt i fylket 7-9 juni har du høve til å fylgje konservator Ingrid Norum ved Sogn og Fjordane kunstmuseum rundt i Eikaas-utstillinga der ho fortel om kunstnaren sitt liv og verk. Bileta hans har inspirert elevane på Jølster til å vere skapande både visuelt og språkleg gjennom heile skuleåret. Kjem du til Ålhus denne helga får du også sjå dei flotte elevarbeida!

Det heile starta med at Ludvig Eikaas på 70-års dagen sin i 1990 donerte hundre arbeid til heimkommunen Jølster. I 1994 opna galleriet på Ålhus. No tel Eikaassamlinga nærare 850 verk!

-Eikaas er kjend som ein utprøvande og spontan kunstnar som aldri har slått seg til ro med ein teknikk og eitt bestemt uttrykk. Denne evna til variasjon har gjeve han ein sterk posisjon i norsk kunsthistorie. Uttrykket i denne utstillinga spenner frå det sarte til det harde, frå det nærast naturalistiske til det abstrakte, fortel Ingrid Norum.

-Utstillinga vi har sett saman set fokus på nokre av dei tema som Eikaas stadig vende attende til; dyr, landskap, urbanitet, abstraksjon og portrett. Arbeidsliv og typeskildringar, dessutan bilete med musikk og kjende musikarar som tema. Teknikkane varierer frå måleri, grafikk og skulptur til collage og readymades, forklarer ho vidare.

-Vi har òg laga ein større biografisk del i utstillinga der publikum vil finne verk som skildrar familien, stader Eikaas var knytt til, sjølvportrett og mediarelaterte verk i lag med avisutklipp og fotografi, avsluttar konservator Ingrid Norum.

Ludvig Eikaas sin kunst har vore ei inspirasjonskjelde i satsinga ”Nynorsk skaparkraft” i grunnskulane på Jølster dette skuleåret. Elevane sine arbeid er stilte ut i galleriet og grendehuset Borgja denne helga.

Ingrid Norum syner rundt i Eikaas-utstillinga og fortel om Ludvig Eikaas sitt liv og verk i laurdag 8. juni kl. 12.00. Velkommen!

Kveite og lin på Ålhus!

Skaparkraft midt i fylket 7-9 juni: Kulturhistorisk omvising i Ålhus kyrkje

-Det arkeologiske utgravingane på Ålhus er så spennande å fylgje med på! Her har vore ein velutvikla jordbrukskultur kanskje så langt tilbake som 400 år etter Kristus, fortel statsarkivar Yngve Nedrebø. –Klimaet har vore mykje mildare enn vi trudde, jølstringane var store og friske. Den høgste mannen i landet var gravlagt her, smiler han. Helga 7-9 juni kjem Yngve Nedrebø heim til Jølster for å halde foredrag om Ålhus si historie og syne publikum rundt i kyrkja.

-Eg vil starte med tida før Vikingtida og seie noko om utgravingane, som altså viser at det har vore stor gardsdrift lenge før Vikingtida. Dessutan at det låg ein gravplass på andre sida av elva rundt år 1000. Så vil eg fortelje om “Korsen” som har vore på Ålhus før kyrkja, og som må ha stått i fjøra omtrent der Eikåsgalleriet er no. Omvisinga startar difor utanfor kyrkja, forklarer Yngve Nedrebø.

-Inne i kyrkja vil det vere naturleg å fortelje om dei eldre bygningane, og det som er att frå dei: alter, stolar, tømmer. Også om det gamle inventaret elles, og om måleria. Og om gravstadane under koret og under stolane i kyrkja, om lukta på varme dagar, og om forbodet mot slike opne graver. Det ligg spennande, kanskje til og med skremmande historier i "kjellaren”, smiler han lurt. -Eg fortel også litt om skikkane knytte til dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd.

-Bakgrunnen for det nye kyrkjebygget i 1795 vil eg også komme inn på. Eg fortel om korleis kyrkja forfall sterkt i privat eige på 1700-talet, og korleis eigarane vart pålagde å sette opp ny kyrkje på 1790-talet. Om slitet, og om “Sterke-Anne” i Prestegarden som måtte komme til hjelp for å få opp tårnet, ler han.

Til slutt handlar omvisinga om den nye kyrkja frå 1795. Stikkord blir sosial lagdeling, endra bruk av kyrkja og restaurering, avsluttar statsarkivaren. Fleire av hans eigne slektningar frå farne tider kjem på vitjing i historiene han fortel. -Ja, Ålhus si historie er også mi historie, seier Yngve Nedrebø til slutt. Det har han til felles med jølstringar flest, tusenårsstaden på Jølster er ei kjerne i kulturarven vår.

Kjennskap til eiga bygd er ein viktig del av målsettinga til grunnskulesatsinga “Nynorsk skaparkraft”. Denne omvisinga er ein del av programmet under kulturhelga på Ålhus 7-9. juni. Omvisinga er annonsert i programmet laurdag 8. juni kl 14 og søndag 9. juni kl 13. Kulturhelga er både ei markering av prosjektet og Jølster sitt bidrag til fylkesjubileet 2013.

  • 10.02.2013 — “Vikenhuset”
  • 10.02.2013

Jølster ein kald februardag

Ein tur i -15grader – då fekk eg desse bileta.

Skøytesportens dag på Vassenden!

Arrangøren lagar til bana i 2010

Kulda frå Sibir har hatt den effekten vi ønska oss på Jølstravatnet også i år! Så på søndag den 20. januar er bygda klar for eit nytt arrangement med “Skøytesportens dag” på Jølstravatnet. Startskotet for konkurransane går kl 13.00. på isen utanfor Gjesdalen/Gjesthalla. Møt opp i god tid! Det er venta storinnrykk av store og små! Kanskje vi vert fleire deltakarar enn for 3 år sidan? Den gang var det heile 70 deltakarar med på 500 meteren, og fleire hundre som skøyta rundt på isen.

Magnus Hope har teknikktrening med ungdomen før start. Bertil Hamar er eleven.

Vinden har i dag frakta med seg ei stornyhende frå Skei nedover vatnet. Arrangørane har fått melding om at sjølvaste Alf “Alfen” Helgheim stiller opp i 100 meter sprint i klassa for dei over 90 år. Med seg har han personleg trenar og skøytemanager Hallvard Viken!

Denne spreke gjengen gikk frå Skei til Vassenden!

Om du ynskjer å slå naboen, kollegaen eller slekta på skøyte er dette dagen å gjere det på! Eller kanskje du ynskjer å ta ny personleg rekord, og slå tidene frå 70-80 talet, eller frå 2010? Då må du stille på 500 meter baneløp. Om du ikkje er på jakt etter konkurranse, så kan du teste familieløypa som vert lagt i ei sløyfe der sola vil skine. Har kan du òg byte ut skøytene med ein god spark. Alle som registrerer seg er med på trekking av flotte premiar!

I kveld (17. januar) er isen målt til heile 15 cm på Vassenden. Det betyr at isen er solid og god, og trygg å nytte.

Arrangøren, som består av unge og eldre frå ulike grupper i Jølster IL, ynskjer velkomne til minnerik og sosial dag på isen!

Foto henta frå skøytesportens dag i 2010 (AC Kapstad)