Viser arkivet for stikkord jølstramålet

Kjenner du Jølstramålet?

Vi gratulerer Olaug Veiteberg som vinnar av Jølster Mållag si dialekttevling under Din Jølsterdag.
Ein bokpremie er undervegs. Løysinga finn du her.

Litteratur om jølstramålet

Eg skal skrive ei oppgåve på Universitet i Oslo om mellom anna bruken av dativ i jølstramålet og treng litteratur på området. Eg har merka meg med interesse ordskiftet om dativ som engasjerte mange her for ei stund sidan. Sjølv om eg er oppvaksen i Jølster, er eg diverre ikkje så stødig på dativen. I fylgje wikipedia-artikkelen om jølstramålet, skal Jølster Mållag ha gjeve ut ei bok av Daniel Dvergsdal i 1996 som omhandla emnet. Er denne boka mogleg å få tak i? Eg har “Gamle ord i jølstramålet” av same forfattar, men der står det ikkje så mykje om grammatikken. Eg tenkjer at eg i same slengjen kunne oppdatert artikkelen på wikipedia.

Vinnarane i tevlinga ”Kjenner du Jølstramålet?” er kåra

Jølster Mållag takkar alle som deltok i tevlinga ”Kjenner du Jølstramålet?” under Din Jølsterdag. I underkant av 100 ark vart selde, og 25 vart innleverte til juryen. Vi er imponerte både over forklaringar, evne til å teikne og løyse kryssord!
Underteikna og leiaren i Jølster Mållag, Hilde Yndestad Halland, har i kveld (29.09.09) trekt vinnaren i kvar av tevlingane. Her er resultatet av trekninga:

Hallstein Dvergsdal vann den lette utgåva. Premeien er ei T-skjorte med uttrykk frå Jølstradialekten.
“Samueltunet” vann den middels vanskelege tevlinga. Premeien her er utstillingskatalogen til Oddleif Apneset. Vi gratulerer vinnarane!
Her finn du fasitane til den lettaste tevlinga og den mest krevjande tevlinga

Vi vil allereie no minne alle om bokkvelden Jølster Mållag skal arrangere på Eikåsgalleriet 15.november kl 15. Vel møtt!