Viser arkivet for stikkord jazz

SOMMARJAZZKONSERT

Sommarens jazzhending i Jølster! Konsert med sju profilerte jazzmusikarar og 25 elevar som har vore kursa frå morgon til kveld i fire dagar. Her blir det mykje musikkglede!

Velkommen!

Lenke til billettkjøp på TicketCo.

Jazz på Jølst 2014, 10.–12. oktober

For femte gong kan Jølster jazzklubb ønskje velkommen til jazzfest, med kanskje det beste programmet til no. Heile helga går det slag i slag med gode – for det meste norske – jazznamn som representerer ulike jazzsjangrar – frå standardlåtar til ragtime og heftige latinrytmar, funk og fusion.

Dette er artistane:
- COME SHINE med standardlåtar i moderne innpakning
- MAJKEN CHRISTIANSEN KVINTETT: Revitalisert jazz – inspirert av Ella Fitzgerald
- BARNEJAZZ med GOOD TIME CHARLIE: Draumeblues og blåsus på vår dialekt
- Gratiskonsert med UNGE TALENT: BREMANGERKVARTETTEN frå Firda vgs.
- KARIN KROG og MORTEN GUNNAR LARSEN med ein historietime i klassisk jazz
- SEXTETO CUBATROPICAL saman med elevar frå musikkverkstaden. Stikkord: salsa!
- MATHIAS EICK QUINTET: Berarar av den skandinaviske jazztradisjonen

Les meir

25.-28. juni: Kurs i jazzimprovisasjon og samspel!

Siste veka i juni arrangerar Vestnorsk jazzsenter i samarbeid med Jølster jazzklubb kurs i jazzimprovisasjon og samspel på Skei i Jølster. Sju instruktørar av internasjonalt format står for undervisninga. Søknadsfristen er 9. juni.

Målsettinga med kurset er å inspirere fleire, særleg unge, til å bli interesserte i og ville spele improvisert musikk, men kurset kan like gjerne vere ei kjelde til inspirasjon for dei som allereie fuskar i faget. Kurset er såleis ope for alle som ønskjer å lære meir om jazz som uttrykk og improvisasjon som metode. Det er ein fordel å kunne lese notar og å ha ei viss instrumenterfaring, men det aller viktigaste er lysta til å spele og lære meir!

Bildet er frå musikkverkstaden under Jazz på Jølst i 2011. Då var Ytre Suløens Jass-ensemble instruktørar for ti lovande unge musikarar.

Les meir

Jazz på Jølst 2013

For fjerde gong inviterer Jølster jazzklubb til festivalhelg. I år er vi ein del av Sogn og Fjordane sitt 250 års-jubileum, og det vil spesielt vise att i artistvalet for opningskonserten. Utforminga av den har vi heilt og halde lagt i hendene på den eineståande musikaren og komponisten Karl Seglem.

Sjølv seier Seglem at han gler seg spesielt til denne konserten, at det å få høve til å jobbe med eit utvida ensemble på ein unik jazzfestival i heimefylket i samband med fylkesjubileet er svært inspirerande. “Det er ei inspirerande spelferd. Musikken tek meg til mange nye stader. Det er eit privilegium. Eg gler meg!”

Det gjer vi òg! Opningskonserten blir heilt spesiell, men vi har òg store forventningar til dei andre artistane. Som de ser er det mange kjende namn på plakaten i år, og vi håpar folk let seg lokke til Jølster og Jazz på Jølst denne helga i oktober.

PROGRAM

Fredag 11. oktober:

Kl. 20.00 på Skei Hotel: Opningskonserten ”Speleferd og skaparkraft – midt i fylket” med Karl Seglem akustiske kvartett og hans fylkesensemble: Sigrid Moldestad, Thea Hjelmeland, Håkon Høgemo og Kåre Opheim. Bill. 300/250/90
Kl. 22.00 på Skei Hotel: Frøydis Grorud Kvartett. Bill. 250/200/75/JAZZPASS*

Laurdag 12. oktober:

Kl. 12.30 Barnejazz på Skei Hotel: ”Dagdraumekollektivet” med Ragnar Hovland, Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll. Bill. 50 / familie 150 / JAZZPASS*
Kl. 14.00 Gratis jazzkafé på Audhild Vikens Vevstove med Firdabandet 2013.
Kl. 20.00 på Skei Hotel: Trio de Janeiro, og – håpar vi – med eit knippe unge musikkverkstaddeltakarar. Bill. 250/200/75/JAZZPASS*
Kl. 22.00 på Fjøsen Pub: Thea Hjelmeland. Bill. 200/150/60/ JAZZPASS*

Søndag 13. oktober:

Kl. 16.00 på Vassenden kyrkjesenter: Solfrid Molland Trio med ”Katedral for Tapte Drømmer”. Vi får høyre Solfrid Molland (vokal, piano, trekkspel), Hayden Powell (trompet) og Lars Tormod Jenset (bass). Bill. 200/150/60/JAZZPASS*

BILLETTAR
Billettprisane lesast slik: Vanleg pris / medlems- og studentpris / under 20 år.
Førehandssal av billettar til arrangement på Skei Hotel, tlf. 57 72 78 00. Elles i døra.

JAZZPASS
Kr 650/500/195. Blir selt i døra. Gjeld alle konsertane unnateke opningskonserten.

Forutan konsertane blir gudstenesta søndag i Ålhus kyrkje også fylt med jazz, og det blir musikkverkstad for ungdom i regi av Trio de Janeiro. Når deg gjeld det meir verdslege, så vil Skei Hotel varte opp med gode tilbod på overnatting og med ein spesiell meny for helga.

Omtale av kvar og ein konsert ligg på datoen for konserten i kalenderen. Lenke til opningskonserten er her.

Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne!

JAZZ PÅ JØLST 2012

12.-14. OKTOBER

Billettar
Billettprisane (sjå plakaten) skal lesast slik: vanleg pris / medlems- og studentpris / under 20 år.
Førehandssal av billettar til arrangementa på Skei Hotel, tlf. 57 72 78 00. Elles i døra.

Jazzpass
Pris: kr 600 / 450 / 180. Blir selt i døra. Gjeld alle konsertane unnateke Ola Kvernberg Kvartett.

”Jazzplask”
På Skei Hotel blir det spesialpris for bading heile helga: Gratis for alle som bestiller lunsj laurdag og søndag, elles kr 50 for vaksne og 25 for barn.

”Eksotisk hjørne – med mat som swingar”
I matsalen på Skei Hotel blir det eit eksotisk hjørne med eit utval av spennande rettar frå nokre afrikanske land både til lunsj og middag. Dette er eit samarbeid mellom Skei Hotel og bebuarane på Jølster Mottak.
Les meir…

VINTERJAZZKONSERT, 3. februar kl. 21.00

ERLEND APNESETH, HEYRA OG FRØYDIS GRORUD PÅ JØLSTRAMUSEET!

Heyra (HC Dalgaard, gitar/perk., Sigmund Vik, bass) er ein bergensbasert duo som for tida samarbeider med folkemusikaren Erlend Apneseth (hardingfele). Dei tek utgangspunkt i den nordiske og austeuropeiske folkemusikken og leverar konsertar med alt frå eggjande hallingar til balkanske rytmar, nykomponert verdsmusikk og dei opne, uventa pusteromma der improvisasjonen står i fokus. Dei har spelt for fulle hus i Bergen og gledar seg no til å spele på Jølst!

I tillegg blir Frøydis Grorud, ho med saksofonane og ymse andre blåseintrument i Beat for beat-bandet, med som gjesteartist. Særs gledeleg!

Konserten inngår i “Vinterjazz”, ein landsomfattande markering av jazz i regi av Norsk Jazzforum. Lokal arrangør er Jølster jazzklubb.
Les meir…

Nederlandsk verdsstjerne og norsk stjerneskot til jazzscena på Skei Hotel

Det er ikkje kvardagskost med verdsstjerner i Jølster, ei heller lovande stjerneskot med ein truleg stor karriere framfor seg. Vi snakkar om dei to kvinnelege saksofonistane Tineke Postma frå Nederland og Elisabeth Lid Trøen frå Voss. I tillegg eit solid band med dyktige unge musikarar frå Voss og England. Dette skjer på Skei Hotel fredag 11. november. Grip sjansen, folkens, dette blir stort!

Tineke Postma er av mange rekna som ei av verdas beste kvinnelege saksofonistar. Vanlegvis speler ho verda rundt med kvartetten sin og med store jazzartister som Terri Lyne Carrington og Esperanza Spalding.

Elisabeth Lid Trøen har spelt saksofon i berre tre år, men har allereie imponert mange store jazzmusikarar. I september spelte ho for første gong med Steinar Raknes. Han blei så imponert at han vil etablere ein ny kvartett med Elisabeth, Raknes, Erlend Slettevoll (piano) og Eric Nylander (trommer). Dei vil ha debutkonsert i Oslo i desember.

Les meir…

Folkelege og spennande artistar til Jazz på Jølst 2011

New Orleans-stemning, lokal speleglede, trompetmagi, snerrande tuba, standardjazz og swing er berre nokre av stikkorda til Jazz på Jølst 2011. Vi i Jøster Jazzklubb er strålande nøgde med årets program og håpar at mange kjem på konsertane og let seg begeistre.

Vi snakkar altså om førstkommande helg; 14.—16. oktober, og det heile startar fredag kveld kl. 20.00. Då entrar maestrovinnar, komiprisvinnar og ikkje minst jazzdiva HILDE LOUISE ASBJØRNSEN scena på Skei Hotel. Vi er budd på ein (bortimot) fullsett Jølstersal og ventar stor stemning.

Stemning blir det heilt sikkert på Fjøsen kl. 22.00 også, om enn av litt anna slag; PELBO speler frå det rykande ferske albumet sitt som dei slepp denne kvelden. Ikkje så ofte det er plateslepp i Jølster!

Laurdag kl. 14.00 blir det gratis kafékonsert på Audhild Vikens Vevstove. Det lokale bandet VERK har lovt å blande jazzlåtar inn i repertoaret sitt.

YTRE SULØENS JASS-ENSEMBLE og TRICIA BOUTTÉ veit å skape begeistring blant tilhøyrarane. Når dei speler opp laurdag kveld kl. 20.00 blir det garantert høg New Orleans-faktor i Jølstersalen.

Etter dette er det ny konsert på Fjøsen, då med LENA SKJERDAL TRIO. Her blir det fin blanding av standardlåtar og Lenas eigne komposisjonar.

Både fredag og laurdag kveld kan vi svinge oss til dansbar jazz i kombinasjon med det vanlege repertoaret til hotellmusikarane, Ivan og Valentina, i baren på Skei Hotel.

Då er vi komne til søndag, og dei som vil kan få ein god start på dagen ved å følgje gudstenesta på Vassenden kyrkjesenter kl. 11.00. Her blir det jazzpreg frå fyrste tone, m.a. vil HAYDEN POWELL, som skal ha konsert same stad kl. 16.30 saman med trioen sin, glede oss med vakker trompetmusikk.

Vi sel både einskildbillettar og jazzpass og vågar den påstanden at du får mykje musikk for pengane om du vel ”full pakke”. Meir informasjon om artistane og om billettar og jazzpass finn du her og på www.jolsterjazz.com. Sjå også etter annonse i lokalavisene.

På Skei Hotel blir det ”Badejazz” (spesialjazzpris på bading) og Jazz à la carte i restauranten. Dei har også gode overnattingstilbod. Meir info. på www.skeihotel.no eller ring 57 72 78 00.

Jølster Jazzklubb ønskjer hjarteleg velkommen til Jazz på Jølst 2011!

Jazz på Jølst 2010 – programmet er klart!

Gisle Børge Styve Trio til Jazz på Jølst 2010!

Helga den 15.-17. oktober vil Jølster stå i jazzen sitt teikn. Det blir til saman sju konsertar frå ulike scener, og det blir musikk for både jazzelskarar og dei som kanskje trur dei ikkje likar jazz.

Først ut er Gisle Børge Styve Trio. Trioleiaren skulle vere velkjend for eit breitt publikum, og i det heile blir det både etablerte og mindre kjende namn du kan få med deg under Jazz på Jølst 2010.

Fredag 15.10. blir det først kveldskonsert med Gisle Børge Styve Trio på Skei hotel, deretter konsert med Tore Hovde Trio på Fjøsen.

Laurdag 16.10. opnar tidleg på ettermiddagen med gratis jazzkafé på Audhild Vikens Vevstove. Kveldsprogrammet tek til med Janne Nybø Kvintett på Skei Hotel, så kjem Hot Club d’Aalesund på Fjøsen før Florø Storband rundar av med dans på Skei Hotel.

Søndag 17.10. blir det ettermiddagskonsert med Karl Seglem Kvartett på Vassenden kyrkjesenter.

Oppfordringa er med dette servert: Gi jazzen ein sjanse og støtt opp om eit nytt kulturarrangement i Jølster!

Les meir om artistane og programmet i kalendaren her på Jølster Origo:
Program Jazz på Jølst 2010

Jølster Jazzklubb er skipa

og musikklivet i Jølster vil no bli endå meir variert! Gled dykk, folkens!

Det første arrangementet i regi av Jølster Jazzklubb er allereie neste fredag på Fjøsen. Vi meiner vi kan love ein triveleg kveld med variert musikk, frå rolege balladar til fengande String Swing-musikk. Les meir i Origokalendaren den 25. juni om “Fransk på Fjøsen”.

Til hausten (15. – 17. oktober) vil vi arrangere ”Jazz på Jølst” – ei vidareføring av JølstraJazz som nokre kanskje hugsar frå i fjor. I år vert kjendisfaktoren ein god del høgare og vi vil informere Jølster Origo sine lesarar etter kvart som artistane vert klare. I løpet av helga i oktober vert det Work Shop for unge, men likevel litt erfarne, musikarar som ynskjer å utvikle seg og musikken sin.

Vi meiner sjølv at vi har ein flott føremålsparagraf, så den vil vi gjerne presentere her: ”Jølster Jazzklubb skal arbeide for å gjere jazzmusikken kjend og tilgjengeleg i Jølster og omland, til dømes ved å avvikle eitt eller fleire arrangement i gjennom året. Det skal presenterast musikk som femner vidt innanfor jazz og nærliggjande musikkformer, og utøvarane skal vere både lokale, regionale og nasjonale. Jølster Jazzklubb skal gje unge musikarar ein stad å presentere seg og ikkje minst vere ein sosial møteplass der publikum kjenner seg heime.”

Jølster Jazzklubb er sjølvsagt å finne på Facebook og heimeside har klubben også fått: www.jolsterjazz.com.

Vi ynskjer oss mange medlemmer som har tru på konseptet og som kan vere med og forme klubben!