Viser arkivet for stikkord jubileum

Jazz på Jølst 2013

For fjerde gong inviterer Jølster jazzklubb til festivalhelg. I år er vi ein del av Sogn og Fjordane sitt 250 års-jubileum, og det vil spesielt vise att i artistvalet for opningskonserten. Utforminga av den har vi heilt og halde lagt i hendene på den eineståande musikaren og komponisten Karl Seglem.

Sjølv seier Seglem at han gler seg spesielt til denne konserten, at det å få høve til å jobbe med eit utvida ensemble på ein unik jazzfestival i heimefylket i samband med fylkesjubileet er svært inspirerande. “Det er ei inspirerande spelferd. Musikken tek meg til mange nye stader. Det er eit privilegium. Eg gler meg!”

Det gjer vi òg! Opningskonserten blir heilt spesiell, men vi har òg store forventningar til dei andre artistane. Som de ser er det mange kjende namn på plakaten i år, og vi håpar folk let seg lokke til Jølster og Jazz på Jølst denne helga i oktober.

PROGRAM

Fredag 11. oktober:

Kl. 20.00 på Skei Hotel: Opningskonserten ”Speleferd og skaparkraft – midt i fylket” med Karl Seglem akustiske kvartett og hans fylkesensemble: Sigrid Moldestad, Thea Hjelmeland, Håkon Høgemo og Kåre Opheim. Bill. 300/250/90
Kl. 22.00 på Skei Hotel: Frøydis Grorud Kvartett. Bill. 250/200/75/JAZZPASS*

Laurdag 12. oktober:

Kl. 12.30 Barnejazz på Skei Hotel: ”Dagdraumekollektivet” med Ragnar Hovland, Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll. Bill. 50 / familie 150 / JAZZPASS*
Kl. 14.00 Gratis jazzkafé på Audhild Vikens Vevstove med Firdabandet 2013.
Kl. 20.00 på Skei Hotel: Trio de Janeiro, og – håpar vi – med eit knippe unge musikkverkstaddeltakarar. Bill. 250/200/75/JAZZPASS*
Kl. 22.00 på Fjøsen Pub: Thea Hjelmeland. Bill. 200/150/60/ JAZZPASS*

Søndag 13. oktober:

Kl. 16.00 på Vassenden kyrkjesenter: Solfrid Molland Trio med ”Katedral for Tapte Drømmer”. Vi får høyre Solfrid Molland (vokal, piano, trekkspel), Hayden Powell (trompet) og Lars Tormod Jenset (bass). Bill. 200/150/60/JAZZPASS*

BILLETTAR
Billettprisane lesast slik: Vanleg pris / medlems- og studentpris / under 20 år.
Førehandssal av billettar til arrangement på Skei Hotel, tlf. 57 72 78 00. Elles i døra.

JAZZPASS
Kr 650/500/195. Blir selt i døra. Gjeld alle konsertane unnateke opningskonserten.

Forutan konsertane blir gudstenesta søndag i Ålhus kyrkje også fylt med jazz, og det blir musikkverkstad for ungdom i regi av Trio de Janeiro. Når deg gjeld det meir verdslege, så vil Skei Hotel varte opp med gode tilbod på overnatting og med ein spesiell meny for helga.

Omtale av kvar og ein konsert ligg på datoen for konserten i kalenderen. Lenke til opningskonserten er her.

Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne!

Målveke - 100 år med nynorsk i Jølster!

Den 30.juni i 1911 vedtok skulestyret at landsmål skulle innførast i skulane i Jølster. Dette vart seinare same år godkjent av skuledirektøren. Innføringa skjedde gradvis etter avstemming i dei ulike skulekrinsane. Dei første krinsane hadde vedteke å gå over til landsmål alt i 1904.
I 1911 bytte heile 6 krinsar ut riksmålet, medan dei siste gjekk over til landsmål i 1919.
Jølster Mållag meiner at dette bør markerast. Komande veke går vi difor inn i “Målveka”.

Skulane og barnehagane i Jølster har målveke der dei på ulikt vis har eit spesielt fokus på språket vårt. Barnehagane får besøk av Adele Duus som kjem med si vesle teaterframsyning ”Sov søtt herr Spiss”. Mållaget har også ein del reklamemateriell frå barnebokklubben Blåmann. Det er viktig at borna får høyre og sjølv lese på nynorsk og verte trygge på språket tidleg. ”Gjennom ord vert verda stor”, eit flott slagord frå Noregs Mållag.

Fredag 2. september vert det kulturkveld på Skei hotell med mange flotte aktørar. Mellom anna får vi høyre Linda Øvrebø. Ho har med seg Kristin Fossheim på piano som også har røter frå Jølster. Dei to har saman gjeve ut ein CD og framfører noko frå denne. Mellom anna får vi høyre tekstar av Sivle og Haarklou. Kveldens kåsør er Jan Olav Fretland, ein framifrå humorist og tidlegare leiar i Noregs Mållag og språkrådet. Professor Kristian Fossheim er preses i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap i Trondheim. Dette ærverdige selskapet feira i fjor 250 år med fokus på forsking og utvikling. Dei finansierte i si tid språkreisene til Ivar Aasen som la grunnlaget for nynorsken. Ungdomen er representert gjennom ”Come as you are” som er popmusikk med nynorsk tekst framført av ungdomsskuleelevar ved Vassenden og kulturskulen i Jølster. Ordførar Gerd Dvergsdal vert med og leiar i Noregs Mållag Håvard B.Øvregård nyttar høvet til å helse markeringa.

På laurdag held vi fram med forfattar Ragnar Hovland. Hovland er ein mykje lesen og nytta forfattar, mellom anna har Odd Nordstoga nytta mange av hans tekstar. “Grisen står og hyler” var i si tid ei landeplage som alle hadde på tunga. Hovland deltek saman med Atle Hamar som vil fortelje litt skulehistorie tufta på onkelen sin, Kjell Hamar sitt materiell. Dette føregår i Gjesdal skule. Ver obs; her må du tinge plass om du vil vere med. På laurdagskvelden vert det skrønekveld på Fjøsen der dei gode historiene sit laust og du kan kome og dele di skrøne eller berre trimme lattermusklane.
Heile målveka vert avrunda med gudsteneste på kyrkjesenteret på Vassenden som også er med på å markere jubileet.

Nynorsken fortener eit jubileum! Vi håpar du vert med på å gjere dette til ei flott markering.

For Jølster Mållag

100 år med nynorsk i Jølster!

Ottar Grepstad og Hilde Yndestad Halland fotografert på Landsmøtet til Noregs Mållag i Suldal i år.
Ottar skal i bryllaup så han kjem ikkje, men vi håpar du kjem!

Jølster kommune og Jølster Mållag markerer at det er 100 år sidan nynorsk vart innført i skulane i kommunen. Detter markerer vi med ei målveke der skulane, barnehagane og kyrkja har spesielt fokus på nynorsk.

Fredag 2.september vert det kulturkveld på Skei Hotel. Jan Olav Fretland og Linda Øvrebø kjem, professor Kristian Fossheim og ordførar Gerd Dvergsdal kjem, og aktørar frå kulturskulen og Vassenden skule vil framføre utdrag frå suksessframsyninga ”Come as you are!” der alle tekstane var omsette til nynorsk.
Laurdag 3.september vert det skuletime i det gamle skulehuset i Gjesdalen med historiske tilbakeblikk på målsoga i Jølster. Lektor Kjell Hamar vil vise lysbilete og Ragnar Hovland vil syte for litterære innslag. Laurdag kveld inviterer Kåre og Jølster mållag til skrønekveld på Fjøsen.
Set av helga 2. og 3.september, og bli med på 100-årsmarkeringa!

Skulemusick-limerick!

Skulemusick-limerick

Det var haust, det var kaldt på Vassenda
No var dei lei ut av Sande og Jenka
Nokre kvinner og menn sat og fabla ilag
kva med korps, marsjar og salma og marsjere ilag?
Slik vart det i sekstini til, at denne tanken seg senka.

Tiår har gått med førti år med blås!
Sindige Jølstring, – nei dette er slett ikkje vås.
Vi alle vil helse dykk gode musikantar
maken til dette finst ikkje på våre kantar!
Tonen frå Vassenda spreier seg over fjell og til neste ås.

Vassenden skulemusikk av alle var venta
bygdefolk mange rundt borda var benka.
Feiande flott! med lys over scena til pryd
her klang alt etter skjema med fryd!
Hurra! til alle, vi var kjempebegeistra!