Viser arkivet for stikkord jul

Jul med Jølstrasnellene

Jølstrasnellene lagar i år til julebutikk i “gamle” banken på Vassenden.

Kom og sjå kva vi har laga gjennom året.
Mange produkt å tilby strikk, dekorasjonar, julenissar, kort, grytelappar, dukar og mykje meir.

Litt av kvart å gje i julegåve, eller ei gåve til deg sjølv.

Velkomen innom til ein koselig førjulshandel.
Vi held ope kvar fredag, laurdag og søndag i advent, 27.november – 20. desember

Opningstider: fredag kl. 14-18 laurdag kl. 10-16 søndag kl. 12-16

Bilete frå 2014

Jul med Jølstrasnellene

Jølstrasnellene lagar i år til julebutikk i nye lokaler. I “gamle” banken på Vassenden finn du oss.

Kom og sjå kva vi har laga gjennom året. Vi har mange produkt å tilby strikk, dekorasjonar, julenissar, kort, grytelappar, dukar og mykje meir.
Litt av kvart å gje vekk til julegåve, eller ei julegåve til deg sjølv.

Velkomen innom til ein koselig førjulshandel.

Vi held ope kvar fredag, laurdag og søndag 5.- 21. desember

Opningstider:
fredag kl. 14-18
laurdag kl. 10-16
søndag kl. 12-16

Jul med Jølstrasnellene

Jølstrasnellene lagar også i år til julebutikk, håpar mange tar turen innom til ein koselig førjulshandel.

Kom innom og sjå kva vi har laga gjennom året, vi har mange forskjellige produkt å tilby strikk, dekorasjonar, julenissar, kort, grytelappar og mykje meir.
Litt av kvart å velge mellom til julegåver, eller ei julegåve til deg sjølv.
100 % heimelaga.

Vi er å finne på Jølstraholmen mellom kafeen og Best.

Vi held ope kvar fredag, laurdag og søndag 29. november til 15. desember
Opningstidene:
fredag kl. 14-18
laurdag kl. 12-18
søndag kl. 12-18

Bileta er frå tidlegare år:

Jul i skulehuset

For femte år på rad vert det julemarknad i gamle Gjesdal skulehus på Vassenden i Jølster. God, gamaldags julestemning og sal av flotte handverksprodukt, julepynt, varme strikka plagg, gåveartiklar, brukt/antik og mykje anna.
Nytt høve til å sjå eit autentisk gamalt skulehus og prøvesitt dei gamle skulebenkane medan du nyt ein kopp varm gløgg og ei peparkake.
Vi har ope desse dagane:
Laurdag 23. november kl. 12.00 – 16.00
Sundag 24. november kl. 12.00 – 16.00
Måndag 25. november kl. 18.00 – 20.00
Tysdag 26. november kl. 18.00 – 20.00
Velkommen til ein hyggeleg handel.

Jul med Jølstrasnellene

Jølstrasnellene lagar også i år til julebutikk, håpar mange tar turen innom til ein koselig førjulshandel.

Kom innom og sjå kva vi har laga gjennom året, vi har mange forskjellige produkt å tilby strikk, dekorasjonar, julenissar, kort, grytelappar og mykje meir.
Litt av kvart å velge mellom til julegåver, eller ei julegåve til deg sjølv.
100 % heimelaga.

Vi er å finne på Jølstraholmen mellom kafeen og statoil.

Vi held ope kvar fredag, laurdag og søndag 30. november til 16. desember
Opningstidene:
fredag kl. 14-18
laurdag kl. 12-18
søndag kl. 12-18

Bileta er frå tidlegare år:

Jul i skulehuset

Velkomne til Jul i skulehuset!

For fjerde år på rad vert det julebutikk i Gjesdal skulehus. God, gamaldags julestemning og sal av flotte handverksprodukt, julepynt, smykke, varme strikka plagg, gåveartiklar, brukt/antik og mykje anna. Nytt høvet til å sjå eit autentisk gamalt skulehus og prøvesitt dei gamle skulebenkane medan du nyt ein kopp varm gløgg og ei peparkake.

Vi har ope desse dagane:
Laurdag 24. november kl. 12.00 – 16.00
Sundag 25. november kl. 12.00 – 16.00
Måndag 26. november – fredag 30. november – ope alle kveldar kl. 18.00 – 20.00
Laurdag 1. desember kl. 12.00 – 16.00

Velkommen til ein hyggeleg handel i førjulsstria.

Helsing arrangørane

Her er nokre bilete frå tidlegare år.

Julebutikk!

Jølstrasnellene vil også i år ha julebutikk med heimelaga produkt.
Det vil vere utvalg i strikking, hekling, lappeteknikk, saum, juledekorasjonar med mykje meir.
Du finn oss på Jølstraholmen mellom kafeen og statoil stasjonen.

Velkomen til ein trivelig førjulshandel.

Les meir…

Jul i skulehuset (Gjesdal skule)

Velkommen til god gammaldags julestemning i Gjesdal skulehus

Sal av handarbeid –gåver – julepynt – antikk- gløgg, kaffi og småkaker

Opningstider
Fredag 2. desember kl. 18.00 – 20.00
Laurdag 3. desember kl. 12.00 – 16.00
Tysdag 6. desember kl. 18.00 – 20.00

Les meir om Jul i skulehuset på Jølster kommune sine nettsider.

Skulehuset ligg 2 km frå Vassenden i retning Astruptunet
Velkommen!

Julegåver frå Jølster i Svidal grendehus

Eg hugsar at eg klatra i vevane i Lindtunet då eg var lita. Treet var så mjukt og godt å ta på! Lukta i vevstova gløymer eg aldri. Anne Lise Øvrebø kjem til julemarknaden i Svidalen med ein heilt ny kolleksjon smykker kalla “Valmue.” Men mønsteret er gammalt, laga av Nikolai Astrup, skissene har ho fått låne i vevstova på Ålhus. Julegåver frå Jølster er tema for førjulsdagen i grendehuset komande søndag der heile tolv utstillarar tilbyr unike produkt. Heimestøypte lys og einekransar kan du få lage sjølv!
/bulletin/show/612382_julegaaver-fraa-joelster-i-svidal-grendehus">Les meir…

Kyrkjeklokka i Helgheim med i programmet ”Kim alle klokker” på julafta.

Folk som lytta på radio P1 kl.17.03-18.00 i går på julekvelden, fekk høyre kyrkjeklokka i Helgheim. Les meir…

Frå Løseth mot Vassenden Foto: Rune Molvik NB! Klikk på bilete, og du får det opp i større utgåve.

  • 13.12.2008 — “Kom blåne, kom jente kom gut. Snart kjeme jula til Jølster”. Foto: Rune Molvik
  • Årets pepparkakehus Foto Sindre S. Molvik
  • Ålhus kyrkje 25.desember kl.11.15 Foto: Sindre S. Molvik
  • 14.12.2008 — “Adventslys” Her i naturen si utgåve. Mot Kjøsnes og Kjøsnesfjorden. Foto: R. Molvik
  • Jul også for firbeinte. Shiba har funne seg ein god plass på silkedyna til Sindre. Foto: Sindre S. Molvik
  • 1. juledagsmorgon — På veg til høtidgudsteneste i Ålhus tidleg første juledag, var det berre å rygge bilen 200-300 meter tilbake og knipse denne stemninga. Foto: Rune Molvik