Viser arkivet for stikkord julekonsert

Malande juletonar i Eikaas-galleriet torsdag kveld.

Solbjørg Tveiten (t.v) og Ingebjørg H. Bratland her i samsong. Godt å lytte til i ei rein akustisk framføring. Bak ser vi Sigbjørn Apeland og Synnøve S. Bjørset.
I føreomtalen vart det så treffande sagt at “det enkle ofte er det beste”. Og nettopp dette sat igjen etter konserten for underteikna. Det enkle var denne kvelden ei stor oppleving. Takk til Synnøve S. Bjørset som tek med seg gode krefter og gir oss ein konsert vi seint vil gløyme! Songarane Ingebjørg H. Bratland og Solbjørg Tveiten utfylde kvarandre og med sine dialektar gav dei oss smaken av folkemusikk frå ulike kantar av landet. Her fekk vi juletonar frå nær og fjern på kjende songtekstar knytte til jul. Den næraste var Eit barn er født i Betlehem, med tone etter Danhilda Fluge. Danhilda budde i si tid i paktargarden på Ålhus – berre eit steinkast frå Eikaas-galleriet.
Trøorgelet som Sigbjørn Apeland trakterte på ein framifrå måte var bygd av Kaland i Bergen. Dette ga eit varmt bakteppe til lydbilde, og der songarane og Synnøve utfylte dette i ei rein akustisk framføring. Steingolvet i Eikaas-galleriet løfta fram kvaliteten under konserten, og vi vart til tider oppmerksam på vårt eige hjerteslag – så stille var det. I morgon er desse flotte representantane for folkemusikken i Holmedal kyrkje, før dei dreg til Jostedalen og vidare til Hardanger. Vi ynskjer god tur vidare med ein flott musikalsk bodskap!

Solbjørg Tveiten framførte mellom anna Kling no klokka, i ein tone etter Holger Barkved frå Jørpeland på Jæren. (Men det kan vere at underteikna tek feil…)

Trøorgel og fele er veldig flott ilag. Her Sigbjørn Apeland på Kaland-orgelet og Synnøve på Oktav-fele – eit spennande arrangement på dette musikkstykket

Høgt under taket i Eikaas-galleriet, så her kan det takast i og syngast av full hals!

Sigbjørn Apeland bak trøorgelet. Her i vakkert samspel med Ingebjørg H. Bratland på gitar

Nær kontakt mellom utøvarane og publikum – ei kontakt alle hadde igjen for.

Varm applaus frå eit tallrikt publikum gav ekstranummer på konserten. Men før vi fekk det måtte musikarane ha eit styremøte. Einaste saka var Kva toneart skal vi synge den i? Og det vart fort avgjort. Flott ekstranummer fekk vi med Det hev ei rosa sprunge

Julekonsert

Helgheim kyrkje

Julekonsert i Helgheim Kyrkje
Søndag kveld 20. desember er den tradisjonelle julekonserten i Jølster. Jølster Musikklag opnar som vanleg konserten med mektig brassklang. Vi er òg så heldige at Linda Øvrebø vert med på konserten og skal ha to solonummer. Det vert korsong frå Stardalen mannskor, SkeiVasskoret og Jølstrakoret, både kvar for seg og i fellesnummer, og orgelverk framført av Rune Molvik. Dei som ser fram til å høyre Glade jul med stort kor og orgel vil ikkje bli skuffa.
Førejulstankar blir i år ved Erna Osvoll.
Alle får vere med på allsong med kjende julesongar, ikkje minst ”Deilig er jorden” saman med kor og korps til slutt på konserten.
Kollekten går i år også til Kirkens Nødhjelp.
Vel møtt alle til førejulskonsert saman med oss.
Kor og korps i Jølster

Det store felleskoret på ein av dei mange julekonsertane siste søndag før jul i Helgheim.