Viser arkivet for stikkord julemesse

Det nærmar seg julemesse i Vassenden skulemusikk

Det er berre 14 dagar att til Vassenden skulemusikk skipar til julemesse. Dette året i Borgja på Ålhus 1. søndag i advent den 30. november klokka 13:00. Loddsalet tek til i morgon, og musikantane og føresette håpar de alle vil ta vel imot loddseljarane som kjem på dørene med basarbøkene. Kjekt om du har litt kontantar på lur :) Mange flotte gevinstar :)

Vassenden skulemusikk inviterer til julemesse

Søndag 1.desember inviterer Vassenden Skulemusikk til julemesse i gymsalen på Mo og Jølster vidaregåande skule, avd. Jølster. Frå klokka 13.30 er det høve til å få kjøpe seg kaffi og kaker. Det vert konsert med skulemusikken, salsboder med sal av mellom anna heimebaka flatbrød og fiskebrød, ein flott og stor gjeng med 1. og 2.års aspirantar spelar og Jølstrakalendaren 2014 vert presentert og lagt ut for sal. Det vert også eit lynlotteri i tillegg til trekking på loddbøkene. Hjarteleg velkomen til store og små frå oss i Vassenden Skulemusikk.

Jul i skulehuset

Velkomne til Jul i skulehuset!

For fjerde år på rad vert det julebutikk i Gjesdal skulehus. God, gamaldags julestemning og sal av flotte handverksprodukt, julepynt, smykke, varme strikka plagg, gåveartiklar, brukt/antik og mykje anna. Nytt høvet til å sjå eit autentisk gamalt skulehus og prøvesitt dei gamle skulebenkane medan du nyt ein kopp varm gløgg og ei peparkake.

Vi har ope desse dagane:
Laurdag 24. november kl. 12.00 – 16.00
Sundag 25. november kl. 12.00 – 16.00
Måndag 26. november – fredag 30. november – ope alle kveldar kl. 18.00 – 20.00
Laurdag 1. desember kl. 12.00 – 16.00

Velkommen til ein hyggeleg handel i førjulsstria.

Helsing arrangørane

Her er nokre bilete frå tidlegare år.

Vassenden skulemusikk inviterer til Julemesse

Det nærmar seg advent og tradisjonen tru inviterer Vassenden Skulemusikk til julemesse den første søndagen i advent. I dei to komande vekene vil loddseljarane kome rundt og selje lodd til inntekt for Skulemusikken. Vi set stor pris på den velvilje som loddseljarane møter på sin veg frå dør til dør i førekant av messa, og vi håpar svært mange av dykk vil finne tid til eit besøk på julemessa 1. søndagen i advent.

Søndag 2.desember inviterer Vassenden Skulemusikk til julemesse i gymsalen på Mo og Jølster vidaregåande skule, avd. Jølster. Frå klokka 13.30 er det høve til å få kjøpe seg kaffi og kaker. Konsert med skulemusikken klokka 14. Deretter opnar salsbodene med sal av mellom anna heimebaka flatbrød og fiskebrød. Klokka 15.30 skal ein flott og stor gjeng med 1. og 2.års aspirantar spele. Neste års Jølstrakalender vert presentert. Det vert også eit lynlotteri i tillegg til loddbøkene. Trekking i loddbøkene skjer ca. kl. 16.30. Hjarteleg velkomen til store og små!

Jul i skulehuset (Gjesdal skule)

Velkommen til god gammaldags julestemning i Gjesdal skulehus

Sal av handarbeid –gåver – julepynt – antikk- gløgg, kaffi og småkaker

Opningstider
Fredag 2. desember kl. 18.00 – 20.00
Laurdag 3. desember kl. 12.00 – 16.00
Tysdag 6. desember kl. 18.00 – 20.00

Les meir om Jul i skulehuset på Jølster kommune sine nettsider.

Skulehuset ligg 2 km frå Vassenden i retning Astruptunet
Velkommen!

Vassenden skulemusikk inviterer til julemesse

Vassenden skulemusikk inviterer tradisjonen tru til julemesse på “Heimyrkeskulen” 1. søndag i advent, den 27. november. Kafèen med gode kaker opnar 13:30. Skulemusikken spelar frå klokka 14:00. Hallstein Dvergsdal presenterer Jølstrakalendaren for 2012 med mange flotte bilete som medlemer i fotoklubben har teke. Dansegruppe frå kulturskulen vil underhalde. Vi sel fine heimelaga varer. Også i år kan du kjøpe heimelaga flatbrød, fiskebrød, julebakst m.m. Det vert eigne aktivitetar for born.

Vi set stor pris på den velvilje som loddseljarane møter på sin veg frå dør til dør i førekant av messa, og vi håpar svært mange av dykk vil finne tid til eit besøk på julemessa 1. søndagen i advent. Hjarteleg velkomen til store og små!

Jul i Skulehuset i Gjesdalen

Det vert julebutikk i koseleg atmosfære i gamle Gjesdal skulehus fredag, laurdag og tysdag. Sal av mange flotte handverksprodukt; julepynt, kle, smykke, varme strikkeplagg, gåveartiklar og ymse anna. Nytt høve til å sjå eit autentisk gamalt skulehus og prøvesitt dei gamle skulebenkane medan du nyt ein kopp varm gløgg og ei peparkake. Velkommen til ein hyggeleg handel i førjulsstria.
Fredag 3. desember kl 18.00.-20.00.
Laurdag 4. desember kl 12.00.-16.00.
Tysdag 7. desember kl 18.00.-20.00.