Viser arkivet for stikkord kafe

Lyden av Jølster med kaffi og kaker!

Jølster musikkråd har samla musikk-kreftene i bygda til nyttårskonsert sidan 2004. Utan kaffi og kaker. Det skal det bli ei forandring på! I Jølstersalen på Skei Hotel inviterer vi publikum til å høyre ”Lyden av Jølster” komande søndag kl 16.00. Ei ynskjeliste er blitt eit konsert-program. Alle inviterte gjester har takka ja til å vere med. Og den eine programposten heiter kafè!
Les meir…

Julegåver frå Jølster i Svidal grendehus

Eg hugsar at eg klatra i vevane i Lindtunet då eg var lita. Treet var så mjukt og godt å ta på! Lukta i vevstova gløymer eg aldri. Anne Lise Øvrebø kjem til julemarknaden i Svidalen med ein heilt ny kolleksjon smykker kalla “Valmue.” Men mønsteret er gammalt, laga av Nikolai Astrup, skissene har ho fått låne i vevstova på Ålhus. Julegåver frå Jølster er tema for førjulsdagen i grendehuset komande søndag der heile tolv utstillarar tilbyr unike produkt. Heimestøypte lys og einekransar kan du få lage sjølv!
/bulletin/show/612382_julegaaver-fraa-joelster-i-svidal-grendehus">Les meir…