Viser arkivet for stikkord kino

"Bygdekino" med Jølster Musikklag

Jølster Musikklag ruller ut den røde løparen. Det er duka for ein aften med filmmusikk frå gammal og nyare tid.
Med høg “kinofaktor”, rød løpar og popcorn håpar vi du vil få den riktige “kinostemninga” i Borgja på Ålhus 20.september kl.17.00
Det blir lynlotteri og sal av kaker og kaffi i pausen.

Vaksen: Kr.100,-
Barn: Kr.50,-
Barn under 12år: Gratis

Bygdekinoen Skei startar haustsesongen

Søndag 12. august startar vi opp igjenn med Bygdekino på Jølster Samfunnshus.
Kl. 18. syner vi den nye Madagaskar 3, som nyleg hadde norgespremiere.
Kl. 20 vert det, The Amazing Spiderman.
For informasjon om filmar som kjem framover, kan de følge med på kalenderen her på sona, eller
www.bygdekinoen.no
Kan nevne at det framover vert Istid 4 og den norske filmen om Kon-Tiki
Vel møtt til din lokale kino !

INTO THE WHITE - filmatisering av ei sann krigshistorie

Søndag 18. mars kl. 20, syner Bygdekinoen på Skei, filmen: Into the white.

Omtale av filmen:
Into the White er inspirert av en sann historie: Høyt over den norske fjellheimen skyter et engelsk og tysk fly hverandre ned etter en voldsom kamp 27. april i 1940. Tre tyske og to engelske piloter overlever nødlandingen og søker tilfeldigvis ly i samme fangsthytte. Selv om krigen har gjort dem til fiender må de samarbeide om de skal overleve på den isolerte hytta på vinterfjellet.
Regi: Petter Næss
Skuespillere: Rupert Grint, Stig Henrik Hoff, David Kross, Florian Lukas, Lachlan Nieboer, Kim Haugen, Knut Joner, Sondre Krogtoft Larsen, Morten Faldaas
Nasjonalitet: Norge
Språk: Engelsk/Tysk/Norsk
Lengde: 1 t. 40 min.
Sensur: 11 år

Håpar på mykje publikum, ifrå fleire generasjonar, for å sjå denne filmen som er basert på ei sann historie ifrå 2. verdenskrig.

Bygdekinoen syner sjølvsagt film digitalt, med god bildekvalitet og lyd.

Velkommen til din lokale bygdekino på Jølster Samfunnshus

For informasjon om filmprogram: www.bygdekinoen.no

Den store kinodagen 5. november, 1/2 pris på billett

Laurdag 5. november arrangerer Jølster Samfunnshus og Bygdekinoen, “Den store kinodagen” på Jølster Samfunnshus.
Vi syner heile 4 filmar denne dagen. “Knerten i knipe”, " Til siste hinder", " Varg Veum – I mørket er alle ulver grå" og til slutt “Kong Curling”
For informasjon om tidspunkt, sjå under kalender her på sona, eller www.bygdekinoen.no

DET ER 1/2 PRISKINOBILETTEN DENNE DAGEN!

NOKAS - Noregs mest omtalte ran, no på kino

Den 5. april 2004 litt før kl. 8, inntok 11 bævepna menn Stavanger. Formålet var å rane tellesentralen til Norsk Kontantservice – NOKAS.
Alle har vel fått med seg kva som skjedde, også det tragiske at ein politimann vart skoten og drepen.

Ranet er blitt filmatisert og filmen hadde norgespremiere 1. oktober. Filmen har i helga blitt ein av dei best besøkte filmane i Noreg, med 54 496 besøkande sidan fredag!
Filmen kjem under kategorien action/spenning/thriller/gansterfilm.

Stad/tid: Jølster Samfunnshus, Skei. Søndag 10. oktober kl 20
Filmen har 11 års aldersgrense og varer i 1 t og 30 min.

Minner også om at Bygdekinoen er einaste kino i fylket som syner film med digitalt utstyr. Sjå tidlegare omtale her på Origo.
Digital kino gir betre lyd og bildeopplevelse. Vi syner film på eit lerret som dekker heile scene-
opninga, og vi har no 6 høgtalarar rundt om i salen.

For meir informasjon om kva filmar som kjem utover hausten, sjå www.bygdekinoen.no
Velkommen på på kino.