Viser arkivet for stikkord kommune

Vil Jølster vere ein pendlarkommune? -" Stemme til sals"

No veit eg ikkje om det er ei uttala målsetting for Jølster å vere ein pendlarkommune, men det vert i alle fall brukt som eit argument for å flytte til kommunen. Midt i fylket, kort veg til Førde(spesielt frå Vassenden-området), og ikkje so langt til Sandane eller Sogndal heller.

Spørsmålet mitt er; Korleis legg Jølster kommune spesielt til rette for pendlarane i kommunen? Og kven legg ein eventuelt til rette for?

For oss som ny småbarnsfamilie har vi oppdaga at det ikkje er so lett å pendle begge to til Førde frå Skei . Kanskje er det andre som har det på same måte? Med arbeidstid frå 8-16 i Førde er det svært vanskeleg, om ikkje umogleg, å rekke stengetid i barnehagen på Skei(07-1630). Forstår det slik at det ikkje er midlar til å utvide opningstidene, men difor bør kanskje dette vere ei aktuell sak for dei politiske partia no i valkampen? Dersom det er parti som fremjar å utvide bevilgningane til barnehagane i Skei-området for å utvide opningstidene skal ein ikkje sjå vekk frå at dette vil påverke mi stemme under valet.

Er ein urimelege når vi håpar at kommunen kan legge til rette for dette?

Kanskje bør kvar og ein ordne dette på eiga hand, det er trass alt ein sjølv som vel kvar ein skal busette seg?

Er Jølster i det heile tent med at so mange bur i Jølster og jobbar andre plassar?

Det er kanskje ein fordel å få vekk småbarnsfamiliane? Då sparar ein inn pengar både i barnehage og skule! For å ikkje snakke om kor lite folk det om 80 år vil vere på aldersheimane.

NY REGJERING - AV ORIGOVENNER

Eg ser at det blir etterlyst politiske talent til listene for neste kommuneval. Men som vanleg er vi fjogningane og jølstringane for lite stortenkte, jamfør Anne Viken. Nei, Stoltenberg-regjeringa kan ikkje ha lenge att, dei truar til og med med høgre skatt. Derfor bør vi origo-vennene i Jølster vere i bredskap, klar til å starte ny regjering. Nokre forslag:

1. Magne Skrede blir ny fiskeri-minister, sjølv om fangstmeldingane frå Smutthullests venner har vore noko mangelfulle og til dels uklåre.

2. Hallvard Viken er sjølvskriven som nærings- og nytings-minister. Siste del av denne oppgåva er avhengig av at han fer varsamt fram i alkohol-politikken.

3. Judith H blir justisminister. Ho driv jo framleis og oppklarer hundre år gamle mord på Angedalen, dermed konkurrerer ho greitt med den oppklaringsprosenten som Storbergets politikorps oppnår.

4. Sæmund B er den sjølvsagde statsministeren. Hans make til å gje svevande eller unnvikande svar, finst ikkje. Og slike evner er umissande i omgang med radio, TV og aviser.

5. Sjølv stiler eg ikkje så høgt som minister. Eg satsar på å bli riksantikvar. Kona hevdar at min kompetanse til å ta vare på antikvariske vitsar og fortelje dei gang på gang – bør belønnast med ei slik stilling.

Fleire framlegg blir mottekne med takk, her er enno mange ministerpostar å fylle.

Omdømmeprisen og Kulturprisen for 2009 tildelt Oddleiv Apneseth og Knut Osvoll

På det siste kommunestyremøtet før jul, som var på Skei Hotell i dag, vart Oddleiv Apneseth tildelt Omdømmeprisen for 2009 og Knut Osvoll tildelt Kulturprisen 2009. Det er Jølster kommune som delar ut prisen. Vi gratulerer dei verdige prisvinnarane!

Her er dei to prisvinnarane ( og fotografane) med kvar sine bevis på at dei er prisvinnarane i Jølster dette året!.