Viser arkivet for stikkord korps

VÅRKONSERT I BORGJA

JØLSTER MUSIKKLAG inviterer til den årlige Vårkonserten i Borgja på Ålhus, søndag 17.april kl.15:00.

Programmet på årets vårkonsert er “letthøyrd” og “klassisk brassband”. Vi i Jølster Musikklag og Dirigent Rolf Bjørge startar konserten der du til dømes får høyre “Streif av sol”, ein nydeleg duett med to av våre flotte ungdommar, William og Kristina. Vidare får du høyre Knut’en vår i tubasoloen “Bass in the Ballroom” og rundar første avdeling med med eit fantastisk stykke, Labour and Love.

Førde Musikklag og Dirigent Jason Burn er våre gjestar og spelar ei lita avdelig etter pausen. Deretter overtek Jølster Ungdommsensemble, JUBLE, ein gjeng entusiastiske og talentfulle ungdommar frå Jølster Musikklag som vi gler oss til å høyre. Jølster Musikklag avsluttar konserten med blant anna Åse på trombonesolo og vår eigen “Jølsterdag” av Frode Thingnæs og Oddvar Torsheim.

Velkommen til konsert!!

"Bygdekino" med Jølster Musikklag

Jølster Musikklag ruller ut den røde løparen. Det er duka for ein aften med filmmusikk frå gammal og nyare tid.
Med høg “kinofaktor”, rød løpar og popcorn håpar vi du vil få den riktige “kinostemninga” i Borgja på Ålhus 20.september kl.17.00
Det blir lynlotteri og sal av kaker og kaffi i pausen.

Vaksen: Kr.100,-
Barn: Kr.50,-
Barn under 12år: Gratis

Jølster musikklag inviterer til konsert!

Søndag 31. oktober inviterer fylkets beste brass band til konsert under sin faste dirigent Arvid Anthun. Jølster musikklag høyrer heime i sjølve indrefileten i trivselsfylket Sogn og Fjordane. Ser du på kartet vil du sjå at Jølstravatnet har form nettopp som ein indrefilet. Til øvingane på skulen i eine enden av vatnet finn musikarar frå store delar av fylket vegen, både sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar. Både den sentrale geografiske plasseringa midt i fylket, men også dei gode plasseringane i NM og andre konkurransar er med på å motivere mange for å reise langt på øving.
Mykje viktigare enn plassering og premiar er likevel korpset sitt fokus på trivsel, det å ha det kjekt i lag gjennom musikken. Ønsket om å gje publikum ei flott konsertoppleving er den aller viktigaste motivasjonen . Vi gler difor oss over å kunne invitere publikum til haustkonsert komande søndag på Heimyrkjeskulen.

Les meir…

Julekonsert

Helgheim kyrkje

Julekonsert i Helgheim Kyrkje
Søndag kveld 20. desember er den tradisjonelle julekonserten i Jølster. Jølster Musikklag opnar som vanleg konserten med mektig brassklang. Vi er òg så heldige at Linda Øvrebø vert med på konserten og skal ha to solonummer. Det vert korsong frå Stardalen mannskor, SkeiVasskoret og Jølstrakoret, både kvar for seg og i fellesnummer, og orgelverk framført av Rune Molvik. Dei som ser fram til å høyre Glade jul med stort kor og orgel vil ikkje bli skuffa.
Førejulstankar blir i år ved Erna Osvoll.
Alle får vere med på allsong med kjende julesongar, ikkje minst ”Deilig er jorden” saman med kor og korps til slutt på konserten.
Kollekten går i år også til Kirkens Nødhjelp.
Vel møtt alle til førejulskonsert saman med oss.
Kor og korps i Jølster

Det store felleskoret på ein av dei mange julekonsertane siste søndag før jul i Helgheim.

Skulemusick-limerick!

Skulemusick-limerick

Det var haust, det var kaldt på Vassenda
No var dei lei ut av Sande og Jenka
Nokre kvinner og menn sat og fabla ilag
kva med korps, marsjar og salma og marsjere ilag?
Slik vart det i sekstini til, at denne tanken seg senka.

Tiår har gått med førti år med blås!
Sindige Jølstring, – nei dette er slett ikkje vås.
Vi alle vil helse dykk gode musikantar
maken til dette finst ikkje på våre kantar!
Tonen frå Vassenda spreier seg over fjell og til neste ås.

Vassenden skulemusikk av alle var venta
bygdefolk mange rundt borda var benka.
Feiande flott! med lys over scena til pryd
her klang alt etter skjema med fryd!
Hurra! til alle, vi var kjempebegeistra!