Viser arkivet for stikkord landbruk

Årsmøte i bondelaget med lokal juletapas

“Det er mest nærliggande å tenke jølstring og bondeyrke,
og her har turist-Jølster sin store styrke
for der Vår Herre og bonden har rydda er det vel gjort,
vi får berre håpe at ikkje grunnlaget rives bort.”

Jølster bondelag har gleda av å invitere til årsmøte på Skei hotell torsdag 16.desember. Årsmøtelyden får møte den nye rådkvinna Ingvild Hjelmtveit. Næringssjef Oddmund Klakegg orienterer om viktige saker som vil berøre næringa lokalt. Sjå årsmelding og innkalling. Vi byr på lokal juletapas frå nyetablerte Jølster bakst på Søgnesand og let eit utdrag frå det nyskrivne diktet “Jølstringen” av Inger Lind Aasen helse medlemmene velkomne til årsmøtet.
Les meir…

E 39 Bjørset - Skei, møte for grunneigarar.

Det skal utarbeidast reguleringsplan med konsekvensutgreiing for den 11 kilometer lange strekninga av E 39 frå Bjørset til Skei i Jølster kommune. Føremålet er å fastsette framtidig vegline for riksveg E39. Jølster bondelag kallar difor inn til møte for grunneigarar langs strekninga i Helgatun i Årdalen torsdag 14 oktober kl 20.00.
Les meir…

Jølster, Jonas og jordbruksavtalen

Flotte markeringar av nasjonaldagen prega heile Jølstra-bygda frå Stardalen til Eikås, regnet tok vi med godt humør og bøndene var nok ekstra glade for ei bløyte i gylla på bøane. Knappe to døgn tidlegare vart staten og landbruket einige om ein avtale for næringa sine rammevilkår i året som kjem. Bøndene i Jølster har sagt meiningane sine i store bokstavar den siste veka, på store lerret, på fjøsveggar og på reiskapar. Mange venta på eit brot. For at dei tøffe forhandlingane skulle ende i ein avtale måtte utanriksministeren engasjere seg direkte i diskusjonen.

Les meir…

Ope møte om ny landbruksmelding på Skei 14. april

Kva skal vere målsettinga for norsk landbruk dei komande ti åra? Regjeringa arbeider no med ei ny landbruksmelding. Eli Bjørklid har teke mastergrad med utgangspunkt i den førre. Politikken har ført til at norsk landbruk verken er økonomisk eller ressursmessig berekraftig. Vestlandsbonden er snart borte. –Det einaste som kan endre landbrukspolitikken er bevisste menneske, seier ho engasjert.

Les meir…

Distriktsjordbruket si framtid - Øystein Dahle og Hanne Refsholt kjem til Skei

Fredag den 20. november inviterer Landbruksselskapet i fylket til debatt om distriktsjordbruket si framtid på Skei Hotell. Som innleiarar kan du mellom andre oppleve styreleiaren i Worldwatch Institute, Øystein Dahle. Han er kjend for å presentere eit tankevekkjande syn på vårt forbrukssamfunn. Han tente sjølv i store deler av sitt yrkesaktive liv sine inntekter i oljeselskapet Esso, men har i dei siste ti åra vore ein forkjempar for naturgrunnlaget i verda. Til Skei kjem også Hanne Refsholt som er konsernsjef i Tine og med det administrerer ein av dei størete industriverksemdene i landet. Ei industriverksemd som skapar store verdiar i Sogn og Fjordane. Møtet på Skei har påmelding. Meir informasjon om det finn du på Fylkesmannen sine heimesider.