Viser arkivet for stikkord maraton

Bilete frå Jølster Maraton 2014

Biletserie med 61 bilete — bla med å trykkje på pilene

Jølster Maraton Laurdag 3.juli

Laurdag 3. juli vert Jølster Maraton arrangert – i år for 28 gong. Med det er vi ein skikkeleg veteran mellom løpsarrangørane i Norge. Det er venta mykje folk til bygda denne helga og påmeldingane så langt syner at desse nasjonane vert å finne på startstreken i år: England, Belgia, Tyskland, Polen, Finnland, Spania, Nederland, i tillegg til dei norske – herunder mange bergensarar. Det er difor viktig at vi alle gjer vårt for at desse skal trivast under opphaldet her.

No trur du kanskje at dette arrangementet kun er for dei mest veltrena av oss…?? Nei, det er det ikkje! Vi vonar at dette også skal vere ein skikkeleg trimfest. For i tillegg til alle konkurranseløpa er her tilbod til trimmarane også. Først og fremst sykkeltrimmen rundt Jølstravatnet, som har vore på
programmet i alle år. Frå kl. 10:00 kan du registrere deg ved Gjesthalla på Vasseden. Om du ikkje vil sykle kan du stille i miniton. Kva er miniton? Jau, det er 1/10 maraton, altså 4,2km. Her vert det fellestart kl. 13:00, men det er ingen ting i vegen for å starte før om du det vil. Du veljer sjølv om du vil gå, jogge, springe eller stille med rulleskøyter.

Nytt av året er at Jølster Kommunestyre stiller på maraton! Ja, det er faktisk sant! Dei har rett nok delt opp distansen i etapper, men alle 42.2 km skal gjennomførast. Dette synes vi er svært sporty gjort! Kvart parti har fått tildelt ”sin” del av løypa dei skal vere ansvarlege for. Korleis dei løyser oppgåva er opp dei ulike partia å ordne, men her skal spingast eller gåast. Sånn arrangøren vurderer styrkenivået i denne gjengen toppar dei laget med Jakob Andrè Sandal på første etappe. Vi er veldig spente på om han klarar å følgje Helge Hafsås dei 2 km han skal springe, for Hafsårsen brukar å åpne styggfort! Vidare utover følgjer dei vyrde folkevalde i tur og orden, og som seg hør og bør er det Ordførar Gerd som har ankeretappa. Som ein vil sjå av lista her er det Senterpartiet som har fått tildelt flest etapper, då dei har dei 9 siste. Dette skulle vere sånn passeleg i høve til styrkeforholdet i Kommunestyret.

Sånn er løpet fordelt – med namna vi veit så langt:

1 et. SV Vassenden- Kjelsnes Jakob Andre Sandal
2 et. AP Kjelsnes— Sandal Atle Reidar Sandnes
3.et. Ragnhild Sæle
4.et. Elisabet Dalen
5.et Arve Dvergsdal
6.et Arne Sandnes
7et V Sandal – Dvergsdal
8et
9et
10 et
11et KRF Dvergsdal – Sunde
12
13et. H Dvergsdal – Orkja
14 et.
15et FRP Myklebust Johannes Juklestad
16 et. Magne Dvergsdal
17et. SP Åsen – Vassenden Marit Flatjord
18et. Janne Karin Støylen
19et. Jan Ove Flaten
20et. Helge Torpe
21et Inge Erikstad
22et Anders Eikås
23et. Marianne Drageset
24et Ingrid Søyland
25et Gerd Dvergsdal

Hvor er Jølster Maraton?

Jølster maraton

Har fått en del tips om at Jølster Maraton er morsom og rask, og vurderer å stille. Men jeg finner ikke noe informasjon om eller sone for arrangementet i Origo. Løpets nettsider mangler diskusjonsforum og jeg får ikke helt inntrykk om det er mange som er med eller ikke.

Kanskje noen her kan tipse Jølster IL om mulighetene og fordelen ved å lage en sone her inne?