Viser arkivet for stikkord nedbør

160 kg snø pr.kvadratmeter - kor mange mm nedbør?

Hallvard Viken skriv på Jølster sona at “det er mykje snø over alt i vårt område no tidleg i januar, og det er meldt 55 millimeter nedbør i neste veke.” Snørydding på tak er difor aktuelt. Sjølv legg eg nedbørdata med meir eller mindre jamne mellomrom ut på nettet (http://www.enivest.net/~einars.verside/), og folk som kontaktar meg om dette vil gjerne vite kor mange mm nedbør det har vore i det siste.
Som ihuga “fagfreak” dag har eg ei lita matematikkoppgåve til Origo-folket:
Vaktmeisteren på skulen hadde tatt ei prøve på taket og funne ut at snøtyngda på gymsalen pr.kvadratmeter tilsvara to vaksne mannfolk ca. 160 kg. Kor mange mm nedbør utgjer dette?

Einars vérsider er atter i drift

Med von om ein fin sommar med akkurat passeleg nedbør, nyopnar eg vérsidene etter nokre månader pause. Håpar Essogjengen og andre trufaste vérelskarar finn glede i statistikkane som kjem.

Takk til Enivest som har stilt plass til rådvelde for Einars vérside