Viser arkivet for stikkord og

Paneldebatt på Skei tysdag 3. september

Temaet er rett og slett: Korleis skal vi få fart på Sogn og Fjordane?
Det private næringslivet i Sogn og Fjordane spelar ei svært sentral rolle i utviklinga av fylket vårt. Det same gjer ein velfungerande og effektiv offentleg sektor.
Vi veit at dei politikarar og parti ser ulikt på så vel privat næringsverksemd som på rammevilkår. Kva rammevilkår næringslivet har til ei kvar tid vil likevel avgjere kva retning utviklinga vil ta. Difor er haldningane og slagkrafta til dei som skal representere oss på Stortinget dei neste fire åra så enormt viktig.
Er du interessert i å vite korleis dei fremste politikarane våre ser på nærings- og samfunnsutviklinga i Sogn og Fjordane; om kva dei meiner bør gjerast for å få meir vekst og utvikling, for å få auka folketal? Korleis skal vi greie å få ”vår del av kaka”? Då bør du få med deg dette ordskiftet, på Skei Hotel rett før stortingsvalet.
Vi har fått dei fremste av kandidatane på stortingsvallistene i fylket vårt til å møte til paneldebatt på Jølster for nettopp å debattere spørsmål knytt opp til næringspolitikk spesielt og samfunnspolitikk generelt. Temaet er spissa inn mot utfordringar og mulegheiter på nærings- og samfunnsområda i Sogn og Fjordane. Rammevilkår som samferdsle, skattar og avgifter, samt offentleg regulering, restriksjonar og tidsbruk, vil bli aktuelle tema. Det same vil rekruttering og utdanning. Vi skal dessutan, ut frå fylkeskommunen sine planer, bli mange tusen fleire menneske i fylket i 2016. Kva må til for å makte denne ambisjonen? Vi ser store strukturendringar i landbruket, i havbruket, innan tryggings- og naudetatane. Ser vi teikn til sentralisering og endring av kommunestrukturen? Og kva med fylkeskommunen si framtid? Viktige tema å få opp på bordet før stortingsvalet!
Det er mange ting å ta tak i, og vi skal få fram kva vi kan forvente oss av dei som kan bli våre fremste folkevalde og kva vi kan vente oss av partia deira. Vil dei gje klare og tydelege svar til veljarane før valet?
Så, møt opp og få med deg debatten! NHO Sogn og Fjordane skal gjere sitt beste for å få til ein god, konkret og klargjerande debatt.
Det vert sjølvsagt også gode høve for publikum til å stille spørsmål til politikarane under møtet.
Og, ikkje minst: Det blir presentasjonar av samfunnsrekneskapane til nokre bedrifter, som vil synleggjere kva sjølv små verksemder bidreg med til samfunnet rundt seg.
Stad: Skei Hotel
Tid: 3. september 2013 kl. 18.00-21.00
Paneldeltakarar: Trude Brosvik, KrF, Frank Willy Djuvik, FrP, Sveinung Rotevatn, V, Vibeke Johnsen, SV, Ingrid Heggø, Ap, Ingunn Kandal, Raudt, Bjørn Lødemel, H, Liv Signe Navarsete, Sp.
Tema: Korleis få fart på Sogn og Fjordane?
Debattleiar: Regiondirektør i NHO SF, Jan Atle Stang
Arrangør: NHO Sogn og Fjordane

Vassenden skulemusikk inviterer til julemesse

Vassenden skulemusikk inviterer tradisjonen tru til julemesse på “Heimyrkeskulen” 1. søndag i advent, den 27. november. Kafèen med gode kaker opnar 13:30. Skulemusikken spelar frå klokka 14:00. Hallstein Dvergsdal presenterer Jølstrakalendaren for 2012 med mange flotte bilete som medlemer i fotoklubben har teke. Dansegruppe frå kulturskulen vil underhalde. Vi sel fine heimelaga varer. Også i år kan du kjøpe heimelaga flatbrød, fiskebrød, julebakst m.m. Det vert eigne aktivitetar for born.

Vi set stor pris på den velvilje som loddseljarane møter på sin veg frå dør til dør i førekant av messa, og vi håpar svært mange av dykk vil finne tid til eit besøk på julemessa 1. søndagen i advent. Hjarteleg velkomen til store og små!

Det nye kommunekartet

Ein stortingsrepresentant frå Framstegspartiet har på norsk TV teikna eit framtidig ”kommunekart” for Hordaland. Her er kartet for Sogn og Fjordane.

Så langt eg kan forstå, er idealet blant dei mest reguleringskåte at kvar kommune i landet skal ha minst 30.000 innbyggarar. I så fall vil dette seie at det i Sogn og Fjordane jamt rekna skal vere 3,5 kommunar.

Fordi fylket har ein Europaveg med den tregaste trafikken i kongeriket, skal dei inne i Oslo likevel ha akseptert at Sogn og Fjordane kan ha fire kommunar alt i alt. Det skjedde under eit oppsummerande møte 1. april i år.
Så her er det framlegget derfrå som ikkje skal gjerast kjent før etter kommunestyrevalet neste år:

KYSTKOMMUNEN: Bremanger, Flora, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund og Gulen. ). Ca. 27.000 innbyggarar.
(Adminstrasjonssenter: ASKVOLL

NORDKOMMUNEN: Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn. Ca. 23.000 innbyggarar. (Administrasjonssenter: NORDFJORDEID).

MIDTKOMMUNEN: Gloppen, Jølster, Førde, Naustdal og Gaular. Ca. 26.000 innbyggarar. (Administrasjonssenter: VASSENDEN i Jølster)
NB: For å få førdianarane med på dette, er Vassenden vald som senter framfor Skei i den nye storkommunen Men notatet opnar óg for å byggje opp eit slikt senter i Ålhusdalen. Det må i så fall skje etter ei teiking av den gamle Borga til Hugleiksson, vert det sagt i notatet.)

SOGNEKOMMUNEN: Luster, Årdal, Lærdal, Sogndal, Aurland, Vik, Leikanger, Balestrand og Høyanger. Ca. 34.000 innbyggarar. (Administrasjonssenter: SOGNDAL)

Som de ser, er det berre SOGNEKOMMUNEN som stettar kravet til 30.000 innbyggarar. Det skal difor finnast dei i Oslo som ønskjer å jamne ut dette mistilhøvet mellom kommunane ved å overføre Høyanger til alternativet KYSTKOMMUNEN.

Det vert i notatet elles sterkt understreka at dette framlegget til kommuneregulering IKKJE må bli offentleg kjent før etter valet neste haust.
Men her er det og drøftast kan det.

KO VART DET AV GATELYS KAMPEN? og vil samstundes ta opp skuleskyss

2 Tema eg aldri får nok av. Er det nokon her som ynskjer kjempe for gratis skuleskyss for ungane i småskulen som er busett i hjelbrekkefeltet på Vassenden? Tykkjer det er galskap at så små ungar skal gå i bekmørke til skulen dette stykkje. Pr.dags dato er det svært få elevar frå andre klasse og oppover som går til skulen, det er foreldre som køyrer dei og skaper ein større trafikkauke på vassenden sentrum til skulen enn det som sterngt tatt er nødvendig. Dei som bur i bøafeltet og på vassenden blir råka av trafikkauken med at vegen blir mindre trygg å krysse og gå langs. Bussane går alikavell, kvifor kan ikkje ein få til at dei i tilegg blir fulle fra hjelbrekkefeltet?miljøet og sikkerheita blir jo betre då! For dei som bur på toppen av hjelbrekkefeltet er det ikkje rekna med kor stor avstand det er frå huset deira til bussstoppen der km virkeleg tel.I tilegg er det jo ikkje gatelys på strekka langhaugane-bøafeltet, når kjem dei? Mange stilte i tog i fjor som enda i avisa, men det ser ut til at saka stoppa der og, er det nokon som jobber for å få til dette?
Finnast mange argument for både gatelys og gratis skuleskyss, men kanskje no som kommunen er ute av Robek lista at vi må forsøke få noko til?
Ja til eit betre miljø
Ja til at framtida i kommunen (barna) får ein trygg oppvekst “langs” E39
Ja til gatelys som gjer at ein ser kor ein ferdast og unngår farlege situasjona
Ja til at jølster skal bli ein enda betre stad å bu
JA til at alle skal kjenne seg trygge!

Den Trondhjemske Postveg gjennom Jølster og Sunnfjord

Ingemar Nordstrand hadde for fleire år sidan eit prosjekt om Den Trondhjemske postveg gjennom distriktet her. Det kom også ut bok i det høvet. Tidlegare i vinter kom det fram her på origo at det er deler av den Trondhjemske postvei vi ser frå Skjersura og innover mot Bjørset (kanskje vidare også?) Desse vegstubbane som er funne att var det planer om skulle bli vandre og sykkelstiar (der dei er gode nok). Langs vegen finns der også mange andre kulturminner. I reiselivssamanheng er det på tankestadiet å lage noko saman med Nordfjord etter denne vegtrasèen.
I alle fall har også Førde Historielag fatta interesse for denne delen av historia vår og innbyr til møte om emnet på Hafstad Vidaregåande skule tysdag 24. mars kl. 19.00. Ingemar Nordstrand – som den eldsjela han er – vil halde kåseri om emnet – kanskje blir ny glød tent?
Er det også interessant for Jølstringane å vere med på dette? De er hjarteleg velkomne til å delta.

For Jølster sin del kunne vandringar på desse stiane verte ein liten del i den tilbodspakken som har vore skissert annan stad på sida. Sidan det er blitt umogeleg å gå etter vegen ville det vore fint å ha ein slik ruslestad tett ved vegen, med vatnet i sikte – ein tur for dei som ikkje er ute etter toppturar. Frå Skjersura og innover vil ein gå forbi ei fin lita grindløe (pass no på at den ikkje ramlar ned – ser den er litt skeiv etterkvart) Tingstova på Bjørset er også ein attraksjon og her ligg heilt sikkert mange historier og stadnamn langs med. I spesielle høve kan kanskje Synnøve halde konsert i tunet??

Er dette eit prosjekt for grendalag eller kanskje skulen no i kulturminneåret? Dette hadde det vore interessant å få synspunkt på!

Hesten var viktig for eit godt liv i Pertunet på Fluge, Vassenden i Jølster Vantar årstal for når dette biletet er teke.

Bruk av namn på personar

Noko som har forundra meg og fleire med meg er dette fenomenet med -a og -en endingar på personnamn i bygda. Sjølv vert eg nemnt som Helena og far min vart kalla Bjarnen.
Er det nokon som kan fortelle meir om dette? Er det noko sært for Jølster?

Ny veglinje for E39 gjennom Jølster ?

I Firda for nokre veker sidan hadde vegvesenet ei kort omtale om ei framtidig veglinje for E39 gjennom Jølster. Enkelte grendalag ivra for at den nye veglinja måtte flyttast lenger opp i liene frå Skei og framover slik at dagens veg kunne gjerast om til lokalveg.
I tettstadsutviklingsprogrammet til Jølster kommune var det lagt inn torgløysingar på E39 både på Ålhus og Skei, kanskje også på Vassenden.
Torgløysingar i kombinasjon med E39 er etter mitt skjøn ei totalt urealistisk løysing reint trafikktryggsleiksmessig, og det er meir enn merkeleg at kommunen tenkjer i slike retningar.

Når ein først er inne på framtidstankar og utvikling er det nærliggande å sjå på eit alternativ med at den heller dårlege fylkesvegen på sørsida blir bygdt ut til Europavegstandard slik at det blir 2 fullverdige riks- og europavegvegar gjennom Jølster frå Grungen til Langhaugane/Eikas. Rv5 på nordsida og E39 på sørsida, eventuelt omvendt.

Det er fleire moment som talar for ei slik løysing, og nokre av dei kan vere :
- Lettare trafikkavvikling ved vegstenging etter uhell og ras på nordsida(og sørsida).
- Sørsida får skikkeleg veg og ekspressbussruter kan fordelast mellom nord- og sørsida.
- Redusert trafikk på nordsida slik at dagens veg er tilfredsstillande for fleire 10-år framover.
- Astrupsenteret får tilfredsstillande tilkomst både frå aust og vest og med skikkeleg avkøyring/rundkøyring for buss.
- Haugen Camping får utvikle seg i takt med tida.
- Borgja på Ålhus kan byggast opp igjen på nedsida av vegen.
- Lettare å få til ny veg utanfor torga på Ålhus, Skei og Vassenden dersom ny og ekstra veglinje blir lagt på sørsida av vatnet.
- Dyrt og vanskeleg å bygge ny veg etter eksisterande linje kombinert den store trafikken på E39 og Rv5.

Det er sikkert moment som talar mot “sørsidealterantivet”, men dei får andre, nye eller gamle forumdeltakar få fram.
Utfordrar med dette gode jølstringar og andre å få fram eventuelle negative moment, eventuelt fleire postive moment.(Om det som er postivt for enkelte kan vere negativt for andre. Ein kan aldri vite, berre tru.)