Viser arkivet for stikkord politikk

Valdebatt i Jølster

Den 14.september skal du vere med å avgjere kven som skal sitje i kommunestyret i Jølster dei kommande 4 åra. Kjenner du at du treng meir info, og har du eit spørsmål det er viktig å få stilt til politikarane? Då er debatten i Borgja på Ålhus onsdag 9.september kl 19.00 noko for deg! Alle ordførarkandidatane stiller og ønskjer å forklare kva dei vil satse dei kommande 4 åra. Vi har sikra oss mangeårig NRK-medarbeidar, no aktiv pensjonist, Eldgrim Fossheim som ordstyrar!

Desse stiller i panelet:

Senterpartiet: Oddmund Klakegg
Arbeiderpartiet: Ragnhild Sæle
Venstre: Judith Kapstad
Høgre: Anders Kristian Sægrov
Kristeleg Folkeparti: Inger Lind Aasen
Sosialistisk Venstreparti: Jakob A. Sandal

Vel møtt!

NY REGJERING - AV ORIGOVENNER

Eg ser at det blir etterlyst politiske talent til listene for neste kommuneval. Men som vanleg er vi fjogningane og jølstringane for lite stortenkte, jamfør Anne Viken. Nei, Stoltenberg-regjeringa kan ikkje ha lenge att, dei truar til og med med høgre skatt. Derfor bør vi origo-vennene i Jølster vere i bredskap, klar til å starte ny regjering. Nokre forslag:

1. Magne Skrede blir ny fiskeri-minister, sjølv om fangstmeldingane frå Smutthullests venner har vore noko mangelfulle og til dels uklåre.

2. Hallvard Viken er sjølvskriven som nærings- og nytings-minister. Siste del av denne oppgåva er avhengig av at han fer varsamt fram i alkohol-politikken.

3. Judith H blir justisminister. Ho driv jo framleis og oppklarer hundre år gamle mord på Angedalen, dermed konkurrerer ho greitt med den oppklaringsprosenten som Storbergets politikorps oppnår.

4. Sæmund B er den sjølvsagde statsministeren. Hans make til å gje svevande eller unnvikande svar, finst ikkje. Og slike evner er umissande i omgang med radio, TV og aviser.

5. Sjølv stiler eg ikkje så høgt som minister. Eg satsar på å bli riksantikvar. Kona hevdar at min kompetanse til å ta vare på antikvariske vitsar og fortelje dei gang på gang – bør belønnast med ei slik stilling.

Fleire framlegg blir mottekne med takk, her er enno mange ministerpostar å fylle.