Viser arkivet for stikkord redesign

Julegåver frå Jølster og verdas første nynorske barnebokhandel!

Andre søndag i advent er eit årleg høgdepunkt i grenda Svidal på Jølster. Julemarknaden i det trivelege grendehuset har vore svært populær. Mellom bøker, mat, smykker, kunst og klede har publikum handla gåver og lagt julekronene att i lokale bedrifter. I år vert skrivestova i Elidahuset med i marknaden. Der opnar verdas første nynorske barnebokhandel!

Les meir…

Skaparkraft frå Jølster!

Kortreiste julegåver i Svidal grendehus søndag 4. desember.

Fin å sjå på. Det er namnet på den nye bloggen til Ingrid Norum som bur på Husbakken i Sandalen. Her syner ho fram ting ho tryllar fram på symaskina. Barnekle, lintrådsmykker, koseklutar, brosjer og erteposar. Alt har til felles at det har vore noko anna før. Redesign altså. Meir trendy blir det ikkje!

Kring Jølstravatnet bur det slike kreative og skapande folk i kvart einaste grendelag. I omdøme-arbeidet til kommunen er nettopp denne skaparkrafta fokusert på som ein framtredande eigenskap. Fleire bedrifter spring ut frå kreative idear som nokre har hatt kraft nok til å omsette til næring og arbeidsplassar. Komande søndag samlar Vårvon ungdomslag i Svidalen slike bedrifter til førjulsmarknad. Slik får publikum mulegheit til å sikre seg unike julegåver med særpreg og lokal tilknyting, på same tid som ein legg julekronene att i ei lokal bedrift med all den gode meirverdien det har.

Les meir…