Viser arkivet for stikkord saksofon

SOMMARJAZZKONSERT

Sommarens jazzhending i Jølster! Konsert med sju profilerte jazzmusikarar og 25 elevar som har vore kursa frå morgon til kveld i fire dagar. Her blir det mykje musikkglede!

Velkommen!

Lenke til billettkjøp på TicketCo.

25.-28. juni: Kurs i jazzimprovisasjon og samspel!

Siste veka i juni arrangerar Vestnorsk jazzsenter i samarbeid med Jølster jazzklubb kurs i jazzimprovisasjon og samspel på Skei i Jølster. Sju instruktørar av internasjonalt format står for undervisninga. Søknadsfristen er 9. juni.

Målsettinga med kurset er å inspirere fleire, særleg unge, til å bli interesserte i og ville spele improvisert musikk, men kurset kan like gjerne vere ei kjelde til inspirasjon for dei som allereie fuskar i faget. Kurset er såleis ope for alle som ønskjer å lære meir om jazz som uttrykk og improvisasjon som metode. Det er ein fordel å kunne lese notar og å ha ei viss instrumenterfaring, men det aller viktigaste er lysta til å spele og lære meir!

Bildet er frå musikkverkstaden under Jazz på Jølst i 2011. Då var Ytre Suløens Jass-ensemble instruktørar for ti lovande unge musikarar.

Les meir

Jazz på Jølst 2013

For fjerde gong inviterer Jølster jazzklubb til festivalhelg. I år er vi ein del av Sogn og Fjordane sitt 250 års-jubileum, og det vil spesielt vise att i artistvalet for opningskonserten. Utforminga av den har vi heilt og halde lagt i hendene på den eineståande musikaren og komponisten Karl Seglem.

Sjølv seier Seglem at han gler seg spesielt til denne konserten, at det å få høve til å jobbe med eit utvida ensemble på ein unik jazzfestival i heimefylket i samband med fylkesjubileet er svært inspirerande. “Det er ei inspirerande spelferd. Musikken tek meg til mange nye stader. Det er eit privilegium. Eg gler meg!”

Det gjer vi òg! Opningskonserten blir heilt spesiell, men vi har òg store forventningar til dei andre artistane. Som de ser er det mange kjende namn på plakaten i år, og vi håpar folk let seg lokke til Jølster og Jazz på Jølst denne helga i oktober.

PROGRAM

Fredag 11. oktober:

Kl. 20.00 på Skei Hotel: Opningskonserten ”Speleferd og skaparkraft – midt i fylket” med Karl Seglem akustiske kvartett og hans fylkesensemble: Sigrid Moldestad, Thea Hjelmeland, Håkon Høgemo og Kåre Opheim. Bill. 300/250/90
Kl. 22.00 på Skei Hotel: Frøydis Grorud Kvartett. Bill. 250/200/75/JAZZPASS*

Laurdag 12. oktober:

Kl. 12.30 Barnejazz på Skei Hotel: ”Dagdraumekollektivet” med Ragnar Hovland, Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll. Bill. 50 / familie 150 / JAZZPASS*
Kl. 14.00 Gratis jazzkafé på Audhild Vikens Vevstove med Firdabandet 2013.
Kl. 20.00 på Skei Hotel: Trio de Janeiro, og – håpar vi – med eit knippe unge musikkverkstaddeltakarar. Bill. 250/200/75/JAZZPASS*
Kl. 22.00 på Fjøsen Pub: Thea Hjelmeland. Bill. 200/150/60/ JAZZPASS*

Søndag 13. oktober:

Kl. 16.00 på Vassenden kyrkjesenter: Solfrid Molland Trio med ”Katedral for Tapte Drømmer”. Vi får høyre Solfrid Molland (vokal, piano, trekkspel), Hayden Powell (trompet) og Lars Tormod Jenset (bass). Bill. 200/150/60/JAZZPASS*

BILLETTAR
Billettprisane lesast slik: Vanleg pris / medlems- og studentpris / under 20 år.
Førehandssal av billettar til arrangement på Skei Hotel, tlf. 57 72 78 00. Elles i døra.

JAZZPASS
Kr 650/500/195. Blir selt i døra. Gjeld alle konsertane unnateke opningskonserten.

Forutan konsertane blir gudstenesta søndag i Ålhus kyrkje også fylt med jazz, og det blir musikkverkstad for ungdom i regi av Trio de Janeiro. Når deg gjeld det meir verdslege, så vil Skei Hotel varte opp med gode tilbod på overnatting og med ein spesiell meny for helga.

Omtale av kvar og ein konsert ligg på datoen for konserten i kalenderen. Lenke til opningskonserten er her.

Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne!

VINTERJAZZKONSERT, 3. februar kl. 21.00

ERLEND APNESETH, HEYRA OG FRØYDIS GRORUD PÅ JØLSTRAMUSEET!

Heyra (HC Dalgaard, gitar/perk., Sigmund Vik, bass) er ein bergensbasert duo som for tida samarbeider med folkemusikaren Erlend Apneseth (hardingfele). Dei tek utgangspunkt i den nordiske og austeuropeiske folkemusikken og leverar konsertar med alt frå eggjande hallingar til balkanske rytmar, nykomponert verdsmusikk og dei opne, uventa pusteromma der improvisasjonen står i fokus. Dei har spelt for fulle hus i Bergen og gledar seg no til å spele på Jølst!

I tillegg blir Frøydis Grorud, ho med saksofonane og ymse andre blåseintrument i Beat for beat-bandet, med som gjesteartist. Særs gledeleg!

Konserten inngår i “Vinterjazz”, ein landsomfattande markering av jazz i regi av Norsk Jazzforum. Lokal arrangør er Jølster jazzklubb.
Les meir…

Nederlandsk verdsstjerne og norsk stjerneskot til jazzscena på Skei Hotel

Det er ikkje kvardagskost med verdsstjerner i Jølster, ei heller lovande stjerneskot med ein truleg stor karriere framfor seg. Vi snakkar om dei to kvinnelege saksofonistane Tineke Postma frå Nederland og Elisabeth Lid Trøen frå Voss. I tillegg eit solid band med dyktige unge musikarar frå Voss og England. Dette skjer på Skei Hotel fredag 11. november. Grip sjansen, folkens, dette blir stort!

Tineke Postma er av mange rekna som ei av verdas beste kvinnelege saksofonistar. Vanlegvis speler ho verda rundt med kvartetten sin og med store jazzartister som Terri Lyne Carrington og Esperanza Spalding.

Elisabeth Lid Trøen har spelt saksofon i berre tre år, men har allereie imponert mange store jazzmusikarar. I september spelte ho for første gong med Steinar Raknes. Han blei så imponert at han vil etablere ein ny kvartett med Elisabeth, Raknes, Erlend Slettevoll (piano) og Eric Nylander (trommer). Dei vil ha debutkonsert i Oslo i desember.

Les meir…