Viser arkivet for stikkord skaparkraft

Jølster - mi regnbogebygd

Skaparkraft midt i fylket 7-9 juni: Bokslepp i Eikaasgalleriet fredag 7. juni kl 11.30

-Om vi skal få til noko, er det viktig at elevane ikkje kvir seg til å skrive. Dei må ha tru på at dei har noko å by på, dei må få lyst til å skrive ei bok. Ganske fort må eg få dei unge skrivarane til å skjønne at dei har noko å fare med. Oppgåvene må vere superenkle. Dei må formast slik at svara blir tekstar som kan brukast i boka, seier Erna Osland. Den prislønte forfattaren har hatt kreative skriveverkstadar med alle 126 elevane på mellomtrinnet i Jølster denne vinteren. Slik at alle har blitt forfattarar! Vi inviterer til bokslepp for “Jølster – mi regnbogebygd” ein antologi med 126 forfattarar og illustratørar.

Høyr kva Erna Osland skriv i det fine forordet: “126 forfattarar har skrive denne boka. Dei har sete side ved side i klasseromma sine og skrive om seg og sitt i to skuletimar. Målet var å lage ei tekstsamling der alle var med, og elevande greidde det med glans. 1600 tekstar skreiv dei om kvardag under Astrups himmel og om sol og regn over unge jeg. Visst fann dei støtte hos etablerte kunstnar som Ragnar Hovland, Marit Tusvik, Per Olav Kaldestad og Jan Erik Vold. Men det er språkets vesen – språk er deling og arv – og derfor der det ekstra fint å kunne markere språkåret med eit slikt gnistrande lagarbeid. Eg som fekk vere med å leggje dei korte skriveøktene til rette , vil takke. Heldig er den som til dagleg får verer i eit klasserom og skrive med barne og unge. Skriving ser ut til å gjere dei sterke og glade. Lykka over eigne og medelevars ord er intens nok til å gjere kvart år til eit språkår. Takk og til lykke med boka alle 126.”

Velkommen til boklansering i Eikaasgalleriet førstkomande fredag kl 11.30! Alle forfattarane får kvar si bok i gåve. Bøker frå det eksklusive førsteopplaget er elles til sals i galleriet og i Borgja heile helga.

Lanserer nynorsk junioravis!

Skaparkraft midt i fylket 7-9 juni: Lansering av junioravis fredag 7. juni kl 10 i Borgja

Då skulane på Jølster gjekk i gong med satsinga ”Nynorsk skaparkraft” i fjor haust, var ei av målsettingane å etablere ei junioravis! Ei nyheitsavis på nynorsk av og for ungdom. Fleire i prosjektgruppa var begeistra for utgjevinga ”Aftenposten Junior”, vi ynskte at den nynorske barnelesaren skulle ha eit liknande tilbod. No er avisa klar til trykking, og vi er stolte av å kunne lansere verdas einaste nynorske junioravis!

I avisa har ungdomsskuleelevane i Jølster skrive om stort og smått, med både lokalt, regionalt og nasjonalt stoff. Dagsaktuelle saker kan du òg lese om på leiarplass. Det blir litt å bryne seg på i spalta “Kven sto i midten” på side 12!

Hovudredaksjonen har vore elevar i ungdomsskulen på Skei, men Vassenden skule har også bidrege med godt stoff. Elevar frå Mo og Jølster vidaregåande skule på Vassenden har vore gode mentorar i prosessen. Stor takk til lærar ved skulen Ole Jonny Devik, som har inspirert oss og lært frå seg mykje nyttig kunnskap som har vore viktig for at resultatet vart så bra! Vi kan ikkje legge skjul på at vi er stolte av produktet vårt, som kostar kr. 20,- i laussal. Du må sikre deg eit eksemplar av denne historiske avisa, kom til Ålhus laurdag og søndag, der får du avisa rykande fersk!

Vi i prosjektgruppa sparkar no ballen vidare til Nynorsk avissenter i Førde. Rekrutteringa av gode skribentar på nynorsk bør starte tidleg! Avisa Firda kunne la seg inspirere av Aftenposten si juniorsatsing dei og, det er mange gode grunnar for å etablere eit seriøst avisprodukt av og for ungdom. På nynorsk!

Da høve so vel uti tuna hass Jo!

Skaparkraft midt i fylket 7-9 juni: Elin Grytting syng og fortel.

Mamma fortalde at dei “laga spelhus” då ho var lita. Brukar de dette ordet på Jølster? I spelhuset spela, altså leika dei, fortel fylkesmusikar Elin Grytting. Eg har leika meg litt med teksten i ein song frå Jølster: «Sam sam sura» – der heiter det i siste linje: «Da høve so vel uti tuna hass Jo!» Publikum skal få syngje med og få med seg den songen, altså lære den i løpet av programmet, når eg kjem til Ålhus neste helg!

-Eg vil gå på leit etter song og forteljingar frå Jølster og nabobygdene. Slikt som levde på folkemunne før i tida, og slikt «allje» kunne då. Noko oppstod og vart laga i Jølster, anna fekk ein sveip av jølstrasjela gjennom bruk og kreativitet. Men so gjekk det meste i gløymeboka. Det er på tide å ta det fram att og ta det i bruk, seier Elin Grytting entusiastisk.

Elin Grytting er kjend som ein av våre fremste tradisjonsformidlarar. Ingen syng og fortel som ho gjer! Velkommen i spelhuset med Elin, små og og store, unge og gamle. Elin Grytting er oppteken av å skape gode møteplassar på tvers av generasjonane, der ingen spør deg kor gammal du er, men kvar du kjem frå, kven du er! Ein slik møtestad lagar ho i Eikaasgalleriet søndag 9. juni kl 13.00. Velkommen!

Ludvig Eikaas: Inspiratoren

Skaparkraft midt i fylket 7-9 juni: Omvising i Eikaasutstillinga

Eikaasgalleriet byr denne sommaren på ei frodig og fyldig utstilling med verk av kunstnaren Ludvig Eikaas. Under kulturhelga Skaparkraft midt i fylket 7-9 juni har du høve til å fylgje konservator Ingrid Norum ved Sogn og Fjordane kunstmuseum rundt i Eikaas-utstillinga der ho fortel om kunstnaren sitt liv og verk. Bileta hans har inspirert elevane på Jølster til å vere skapande både visuelt og språkleg gjennom heile skuleåret. Kjem du til Ålhus denne helga får du også sjå dei flotte elevarbeida!

Det heile starta med at Ludvig Eikaas på 70-års dagen sin i 1990 donerte hundre arbeid til heimkommunen Jølster. I 1994 opna galleriet på Ålhus. No tel Eikaassamlinga nærare 850 verk!

-Eikaas er kjend som ein utprøvande og spontan kunstnar som aldri har slått seg til ro med ein teknikk og eitt bestemt uttrykk. Denne evna til variasjon har gjeve han ein sterk posisjon i norsk kunsthistorie. Uttrykket i denne utstillinga spenner frå det sarte til det harde, frå det nærast naturalistiske til det abstrakte, fortel Ingrid Norum.

-Utstillinga vi har sett saman set fokus på nokre av dei tema som Eikaas stadig vende attende til; dyr, landskap, urbanitet, abstraksjon og portrett. Arbeidsliv og typeskildringar, dessutan bilete med musikk og kjende musikarar som tema. Teknikkane varierer frå måleri, grafikk og skulptur til collage og readymades, forklarer ho vidare.

-Vi har òg laga ein større biografisk del i utstillinga der publikum vil finne verk som skildrar familien, stader Eikaas var knytt til, sjølvportrett og mediarelaterte verk i lag med avisutklipp og fotografi, avsluttar konservator Ingrid Norum.

Ludvig Eikaas sin kunst har vore ei inspirasjonskjelde i satsinga ”Nynorsk skaparkraft” i grunnskulane på Jølster dette skuleåret. Elevane sine arbeid er stilte ut i galleriet og grendehuset Borgja denne helga.

Ingrid Norum syner rundt i Eikaas-utstillinga og fortel om Ludvig Eikaas sitt liv og verk i laurdag 8. juni kl. 12.00. Velkommen!

Kveite og lin på Ålhus!

Skaparkraft midt i fylket 7-9 juni: Kulturhistorisk omvising i Ålhus kyrkje

-Det arkeologiske utgravingane på Ålhus er så spennande å fylgje med på! Her har vore ein velutvikla jordbrukskultur kanskje så langt tilbake som 400 år etter Kristus, fortel statsarkivar Yngve Nedrebø. –Klimaet har vore mykje mildare enn vi trudde, jølstringane var store og friske. Den høgste mannen i landet var gravlagt her, smiler han. Helga 7-9 juni kjem Yngve Nedrebø heim til Jølster for å halde foredrag om Ålhus si historie og syne publikum rundt i kyrkja.

-Eg vil starte med tida før Vikingtida og seie noko om utgravingane, som altså viser at det har vore stor gardsdrift lenge før Vikingtida. Dessutan at det låg ein gravplass på andre sida av elva rundt år 1000. Så vil eg fortelje om “Korsen” som har vore på Ålhus før kyrkja, og som må ha stått i fjøra omtrent der Eikåsgalleriet er no. Omvisinga startar difor utanfor kyrkja, forklarer Yngve Nedrebø.

-Inne i kyrkja vil det vere naturleg å fortelje om dei eldre bygningane, og det som er att frå dei: alter, stolar, tømmer. Også om det gamle inventaret elles, og om måleria. Og om gravstadane under koret og under stolane i kyrkja, om lukta på varme dagar, og om forbodet mot slike opne graver. Det ligg spennande, kanskje til og med skremmande historier i "kjellaren”, smiler han lurt. -Eg fortel også litt om skikkane knytte til dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd.

-Bakgrunnen for det nye kyrkjebygget i 1795 vil eg også komme inn på. Eg fortel om korleis kyrkja forfall sterkt i privat eige på 1700-talet, og korleis eigarane vart pålagde å sette opp ny kyrkje på 1790-talet. Om slitet, og om “Sterke-Anne” i Prestegarden som måtte komme til hjelp for å få opp tårnet, ler han.

Til slutt handlar omvisinga om den nye kyrkja frå 1795. Stikkord blir sosial lagdeling, endra bruk av kyrkja og restaurering, avsluttar statsarkivaren. Fleire av hans eigne slektningar frå farne tider kjem på vitjing i historiene han fortel. -Ja, Ålhus si historie er også mi historie, seier Yngve Nedrebø til slutt. Det har han til felles med jølstringar flest, tusenårsstaden på Jølster er ei kjerne i kulturarven vår.

Kjennskap til eiga bygd er ein viktig del av målsettinga til grunnskulesatsinga “Nynorsk skaparkraft”. Denne omvisinga er ein del av programmet under kulturhelga på Ålhus 7-9. juni. Omvisinga er annonsert i programmet laurdag 8. juni kl 14 og søndag 9. juni kl 13. Kulturhelga er både ei markering av prosjektet og Jølster sitt bidrag til fylkesjubileet 2013.