Viser arkivet for stikkord skisenter

Til alle skiglade i Jølster!

Jølster IL Alpin og Førde IL Alpin har gleda av å invitere til skibytedag Laurdag 3. desember kl. 10. I år har vi flytta lokalisasjon til Førde v/Coop Extra (OBS!). Dette er også den einaste dagen du får kjøpt FJORDAPASS-SESONGKORT MED COOP -RABATT!! Så om du ønskjer å sikre deg eit Fjordapass med rabatt er dette dagen å gjere det!

Bilete tatt i 2008/2009 av kolleksjonen til Jølster Alpin. Kanskje nokre av dressane her som kjem for sal på laurdag, som kan bli din for rimeleg penge?

Her vert det høve til å selje eller kjøpe brukt skiutstyr! Det er med andre ord på tide å rydde loft og kjellar for ski, skistøvlar, stavar, skikle og anna utstyr!

Vel møtt!

Helsing Jølster Alpin

Bli med på Jølster Skisenter laget

Utan dei mange dyktige og engasjerte frivillige som kvart år gjer ein kjempejobb i Jølster Skisenter, hadde det ikkje vore mogleg å kunne tilby eit flott alpinanlegg i indre Sunnfjord.
Vinteren nærmar seg og vi vil invitere alle som kan tenkje seg å gjere ein innsats, om å delta på dugnadslaget i Jølster Skisenter.
Kvart år er det borti 100 ivrige frivillige som bidreg i ein eller fleire funksjonar knytt til drift av heisar, sal av billettar, skiutleige, kiosk, mm.
Dei ulike oppgåvene er organisert i eit turnussystem der ein vert sett opp på vakter både på kveldstid og i helgar. Ei vakt er ca. 3,5 timar.
Ein legg opp til eit system der ein i gjennomsnitt har ca. 1 vakt pr. veke. Men så langt det let seg gjere set ein opp turnusen slik at den vert tilpassa individuelle behov som jobb (også turnus), skule, feriar mm.
Meir info finn du på heimesida til Jølster Skisenter,
eller du kan ta kontakt med Stig på epost stig@jolsterskisenter.no, eller på tlf. 95723006