Viser arkivet for stikkord skulehus

Jul i skulehuset (Gjesdal skule)

Velkommen til god gammaldags julestemning i Gjesdal skulehus

Sal av handarbeid –gåver – julepynt – antikk- gløgg, kaffi og småkaker

Opningstider
Fredag 2. desember kl. 18.00 – 20.00
Laurdag 3. desember kl. 12.00 – 16.00
Tysdag 6. desember kl. 18.00 – 20.00

Les meir om Jul i skulehuset på Jølster kommune sine nettsider.

Skulehuset ligg 2 km frå Vassenden i retning Astruptunet
Velkommen!

Dei gamle skulehusa -ny bruk?

Har du lyst å vere med å droddle omkring ny bruk og meirbruk av dei gamle skulehusa vi har rundt i Jølster?
Eg kjenner ikkje alle men var på julemarknad i skulehuset mellom Gjesdalen/Hammaren – Kjelsneset? før jul i fjor. Heit autentisk var det, slik det ein gang blei forlatt til fordel for utviklinga…overraskande og veldig kjekt.
Så er det eit godt ivareteke skulehus i Sandalen og er det ikkje óg eit med vegen på Myklebust?
Fleire kjenner eg ikkje – kan noken utfylla bilete?

Så misjonerer eg jo rundt til alle som ser min veg om sørsida som er ein så eineståande sykkeldestinasjon med flate vegen 24 km langs med heile Jølstravatnet og mykje flott å sjå undervegs i sykkeltempo. Og om det no skulle bli fór flatt for noken, så står rundturen opp Sandalen og ner att…og opp Dvergsdalsdalen og ner att… og skrik etter melkesyre! Når du kjem til Skei kan du og kjærasten enten sykle “Breturen” inn i vakre Stardalen mot breen eller du tar med deg heile bølingen ned med pitstop ved vakre Paulenvatnet og vidare heilt ned til Førs. Der tar båten (!) deg og sykkelen og kjærasten og resten av vennegjengen med ut under stupbratte fjell -ut Førdefjorden på Breimsvatnet og inn til den vakre geitebygda Kandal. Frå Kandal flate vegen langs vatnet til Rysdal og her kan du enten sykle vidare til Sandane og ut Gloppenfjorden på vestsida, eller sykle turen gjennom Våtedalen attende til Jølster. Og igjen har du valet om å ta av “Breturen” gjennom Stardalen, geiteruta inn Kjøsnesfjorden til Lunde og Søgnesand, eller kulturvegen gjennom Astrupriket attende -og returen ser alltid heilt annleis ut…

Ja – i dette bilete kan skulehusa komme inn som ein mogleg raud tråd langs sykkelvegane våre. Kanskje vi kunne tenke oss å huse besøkande med herbergstandard i eit av dei, mat, sommarkafè, håndverk, kursdagar på sommaren (her kjem ei tavle godt med) som vedlikahald av robåt, den gamle sleden på låven din kan du la ivrige hender forbarme seg om, plantefarging og denslags moderne greier : ) Ja eg veit at vi blir ikkje pengesterke på slikt noke over natta, men turisme treng destinasjonar og vis versa. Det hadde vært så bra å kunne snu litt steiner sammen – saman?!