Viser arkivet for stikkord stardalen

Video frå flott påsketur på Snønipa

Påskedag tok mange turen opp på Snønipa. Vi talde over 23 personar gjekk frå Veitebergsdalen rundt kl. 10. Det såg ut til å kome like mange frå Haugadalen då vi stod på toppen. Nokre kom også frå Utvikfjellet mm.

Nedfarten frå Snønipa mot Veitebergsdalen er flott, og spesielt brefallet frå breplatået er lang, bratt og frisk. Det er rett og slett herleg å stå på ski her.

Video her: http://youtu.be/Fmf0xkJmayA

NB: Hjelmkamera er sjølvsagt kjøpt lokalt hos Alf Helgheim & Co.
Fotograf illustrasjonsbilete: Knut Arild Flatjord

Vårteikn ?

Har sett over 10 gradet på gradestokken i dag og det drypper frå “opsen”. Litt mild austavind her i Stardalen og eg fekk vårstemning. Gjekk utan jakke då eg leverte i barnehagen, og no vurder eg faktisk om stilongsen skal av . Er det andre som ser noko som kan minne om vårteikn her i Jølster ?

Bygdenæringsdagane i Stardalen

No er det snart klart for Bygdenæringsdagane i Stardalen, og vi kan tilby eit spennande og variert program. Årets messe går av stabelen siste helga i april, nærmare bestemt 25. og 26. april.

Bygdenæringsdagane i Stardalen er ei sals- og utstillingsmesse med fokus på småskalaprodukt. Utstillarane som kjem til Bygdenæringsdagane tilbyr eit breitt utval av produkt basert på alt frå lokale råvarer, handarbeid og gardsmat til natur- og reiseliv.

Messa har også fylkets største utstilling av traktorar, landbruksmaskiner og verktøy, og det er høve til å prøvekøyre dei nyaste traktorane frå leverandørane.

I tillegg til utstillingane, legg messa vekt på å ha eit underhaldnings- og aktivitetstilbod for heile familien.

Vi ønskjer store og små velkomne til hyggelege og inspirerande dagar i Stardalen.

For meir informasjon, sjå våre nettsider på www.stardalen.com