Viser arkivet for stikkord topptur

Video frå flott påsketur på Snønipa

Påskedag tok mange turen opp på Snønipa. Vi talde over 23 personar gjekk frå Veitebergsdalen rundt kl. 10. Det såg ut til å kome like mange frå Haugadalen då vi stod på toppen. Nokre kom også frå Utvikfjellet mm.

Nedfarten frå Snønipa mot Veitebergsdalen er flott, og spesielt brefallet frå breplatået er lang, bratt og frisk. Det er rett og slett herleg å stå på ski her.

Video her: http://youtu.be/Fmf0xkJmayA

NB: Hjelmkamera er sjølvsagt kjøpt lokalt hos Alf Helgheim & Co.
Fotograf illustrasjonsbilete: Knut Arild Flatjord

-Topptur 2010-

Vi gjentar suksessen frå i fjor med ein felles topptur palmelaurdag 27.mars.
Turen i år går til Tortnegrøegga 1414 moh.
Oppmøte til topptur: parkeringsplassen ved Skei Hotel kl 09.00
Opptur frå Fossheim – nedfart til Befringsdalen.
Det blir satt opp felles transport tur-retur (busspenger).

“Topptur 2010” fortsetter på Skei Hotel frå kl 17.30 med skifilmframvisning
av den nye filmen til skifantomet.
Filmframvisninga begynner kl 19.30
Tittel på filmen: “Open your eyes”
Fri inngang

Påmelding eller spørsmål ta kontakt med Olav Sægrov
mob:91662506 eller e-post:skifantomet@hotmail.com

Følg med på nettsidene http://www.skifantomet.com eller http://skifantomet.wordpress.com/

For litt inspirasjon, sjå innlegg med Topptur 2009 på

Biletserie med 1 bilete — bla med å trykkje på pilene

Topptur 2009

Gjengen samla på toppen

Palmelørdag vart Topptur 2009 arrangert i jølster. Det har etterkvart vorte tradisjon for ein entusiastisk gjeng å samlast for ein felles topptur i jølster siste helga før påske.
I år gjekk turen til Syskarnipa 1282 moh. i fantastisk flott vêr vart det ein særs vellukka tur. Vi starta frå bendiktunet på Ålhus og gjekk oppover mot Trollet. Vi gjekk klar trollet så vi tok sjansen på å bevege oss vidare forbi Sølvet før vi nådde toppen, rett før skyene kom. Herifrå hadde vi flott utsikt over store delar av sunnfjord, blant anna Batalden utanfor Florø.
Vi var ein lystig gjeng på 14 pers. som tok fatt på nedfarten, vi køyrde ned att fjellsida inst i ålhusdalen… det var ok føre, så alle var godt fornøgde då vi sette kursen mot Skei Hotel for afterski og filmframvisning med årets skifilm fra jølster av www.skifantomet.com.
Vi var alle einige om at dette var eit bra opplegg så dette må gjentakast neste år.
Fleire bilete + filmsnutt vil etterkvart leggast inn på skifantomet si heimeside; www.skifantomet.com

God påske til alle!!

Sølvet

Sølvet — Overhengande fare….

Flott utsikt

Matpause

Snart oppe

Yaahhh