Viser arkivet for stikkord trompet

SOMMARJAZZKONSERT

Sommarens jazzhending i Jølster! Konsert med sju profilerte jazzmusikarar og 25 elevar som har vore kursa frå morgon til kveld i fire dagar. Her blir det mykje musikkglede!

Velkommen!

Lenke til billettkjøp på TicketCo.

25.-28. juni: Kurs i jazzimprovisasjon og samspel!

Siste veka i juni arrangerar Vestnorsk jazzsenter i samarbeid med Jølster jazzklubb kurs i jazzimprovisasjon og samspel på Skei i Jølster. Sju instruktørar av internasjonalt format står for undervisninga. Søknadsfristen er 9. juni.

Målsettinga med kurset er å inspirere fleire, særleg unge, til å bli interesserte i og ville spele improvisert musikk, men kurset kan like gjerne vere ei kjelde til inspirasjon for dei som allereie fuskar i faget. Kurset er såleis ope for alle som ønskjer å lære meir om jazz som uttrykk og improvisasjon som metode. Det er ein fordel å kunne lese notar og å ha ei viss instrumenterfaring, men det aller viktigaste er lysta til å spele og lære meir!

Bildet er frå musikkverkstaden under Jazz på Jølst i 2011. Då var Ytre Suløens Jass-ensemble instruktørar for ti lovande unge musikarar.

Les meir

Jazz på Jølst 2013

For fjerde gong inviterer Jølster jazzklubb til festivalhelg. I år er vi ein del av Sogn og Fjordane sitt 250 års-jubileum, og det vil spesielt vise att i artistvalet for opningskonserten. Utforminga av den har vi heilt og halde lagt i hendene på den eineståande musikaren og komponisten Karl Seglem.

Sjølv seier Seglem at han gler seg spesielt til denne konserten, at det å få høve til å jobbe med eit utvida ensemble på ein unik jazzfestival i heimefylket i samband med fylkesjubileet er svært inspirerande. “Det er ei inspirerande spelferd. Musikken tek meg til mange nye stader. Det er eit privilegium. Eg gler meg!”

Det gjer vi òg! Opningskonserten blir heilt spesiell, men vi har òg store forventningar til dei andre artistane. Som de ser er det mange kjende namn på plakaten i år, og vi håpar folk let seg lokke til Jølster og Jazz på Jølst denne helga i oktober.

PROGRAM

Fredag 11. oktober:

Kl. 20.00 på Skei Hotel: Opningskonserten ”Speleferd og skaparkraft – midt i fylket” med Karl Seglem akustiske kvartett og hans fylkesensemble: Sigrid Moldestad, Thea Hjelmeland, Håkon Høgemo og Kåre Opheim. Bill. 300/250/90
Kl. 22.00 på Skei Hotel: Frøydis Grorud Kvartett. Bill. 250/200/75/JAZZPASS*

Laurdag 12. oktober:

Kl. 12.30 Barnejazz på Skei Hotel: ”Dagdraumekollektivet” med Ragnar Hovland, Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll. Bill. 50 / familie 150 / JAZZPASS*
Kl. 14.00 Gratis jazzkafé på Audhild Vikens Vevstove med Firdabandet 2013.
Kl. 20.00 på Skei Hotel: Trio de Janeiro, og – håpar vi – med eit knippe unge musikkverkstaddeltakarar. Bill. 250/200/75/JAZZPASS*
Kl. 22.00 på Fjøsen Pub: Thea Hjelmeland. Bill. 200/150/60/ JAZZPASS*

Søndag 13. oktober:

Kl. 16.00 på Vassenden kyrkjesenter: Solfrid Molland Trio med ”Katedral for Tapte Drømmer”. Vi får høyre Solfrid Molland (vokal, piano, trekkspel), Hayden Powell (trompet) og Lars Tormod Jenset (bass). Bill. 200/150/60/JAZZPASS*

BILLETTAR
Billettprisane lesast slik: Vanleg pris / medlems- og studentpris / under 20 år.
Førehandssal av billettar til arrangement på Skei Hotel, tlf. 57 72 78 00. Elles i døra.

JAZZPASS
Kr 650/500/195. Blir selt i døra. Gjeld alle konsertane unnateke opningskonserten.

Forutan konsertane blir gudstenesta søndag i Ålhus kyrkje også fylt med jazz, og det blir musikkverkstad for ungdom i regi av Trio de Janeiro. Når deg gjeld det meir verdslege, så vil Skei Hotel varte opp med gode tilbod på overnatting og med ein spesiell meny for helga.

Omtale av kvar og ein konsert ligg på datoen for konserten i kalenderen. Lenke til opningskonserten er her.

Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne!

Folkelege og spennande artistar til Jazz på Jølst 2011

New Orleans-stemning, lokal speleglede, trompetmagi, snerrande tuba, standardjazz og swing er berre nokre av stikkorda til Jazz på Jølst 2011. Vi i Jøster Jazzklubb er strålande nøgde med årets program og håpar at mange kjem på konsertane og let seg begeistre.

Vi snakkar altså om førstkommande helg; 14.—16. oktober, og det heile startar fredag kveld kl. 20.00. Då entrar maestrovinnar, komiprisvinnar og ikkje minst jazzdiva HILDE LOUISE ASBJØRNSEN scena på Skei Hotel. Vi er budd på ein (bortimot) fullsett Jølstersal og ventar stor stemning.

Stemning blir det heilt sikkert på Fjøsen kl. 22.00 også, om enn av litt anna slag; PELBO speler frå det rykande ferske albumet sitt som dei slepp denne kvelden. Ikkje så ofte det er plateslepp i Jølster!

Laurdag kl. 14.00 blir det gratis kafékonsert på Audhild Vikens Vevstove. Det lokale bandet VERK har lovt å blande jazzlåtar inn i repertoaret sitt.

YTRE SULØENS JASS-ENSEMBLE og TRICIA BOUTTÉ veit å skape begeistring blant tilhøyrarane. Når dei speler opp laurdag kveld kl. 20.00 blir det garantert høg New Orleans-faktor i Jølstersalen.

Etter dette er det ny konsert på Fjøsen, då med LENA SKJERDAL TRIO. Her blir det fin blanding av standardlåtar og Lenas eigne komposisjonar.

Både fredag og laurdag kveld kan vi svinge oss til dansbar jazz i kombinasjon med det vanlege repertoaret til hotellmusikarane, Ivan og Valentina, i baren på Skei Hotel.

Då er vi komne til søndag, og dei som vil kan få ein god start på dagen ved å følgje gudstenesta på Vassenden kyrkjesenter kl. 11.00. Her blir det jazzpreg frå fyrste tone, m.a. vil HAYDEN POWELL, som skal ha konsert same stad kl. 16.30 saman med trioen sin, glede oss med vakker trompetmusikk.

Vi sel både einskildbillettar og jazzpass og vågar den påstanden at du får mykje musikk for pengane om du vel ”full pakke”. Meir informasjon om artistane og om billettar og jazzpass finn du her og på www.jolsterjazz.com. Sjå også etter annonse i lokalavisene.

På Skei Hotel blir det ”Badejazz” (spesialjazzpris på bading) og Jazz à la carte i restauranten. Dei har også gode overnattingstilbod. Meir info. på www.skeihotel.no eller ring 57 72 78 00.

Jølster Jazzklubb ønskjer hjarteleg velkommen til Jazz på Jølst 2011!