Viser arkivet for stikkord ungdom

SOMMARJAZZKONSERT

Sommarens jazzhending i Jølster! Konsert med sju profilerte jazzmusikarar og 25 elevar som har vore kursa frå morgon til kveld i fire dagar. Her blir det mykje musikkglede!

Velkommen!

Lenke til billettkjøp på TicketCo.

Tradisjonar vert haldne i hevd og nye vert skapt

Haustfesten til Eikås 4H vart skipa til med mange tradisjonar i botnen. Nokon av programpostane og menyen har tradisjonar årtier attende. Det same har julebrusen “back stage”. På kjøkenet tryllar dyktige foreldre fram betasupa som har stått på menyen i minst tre tiår. Dette året var supa svært så god. I kjellaren vert prosjekta vurderte av 4 gode medhjelparar som trufast stiller opp og gjer ein innsats tidleg ein laurdag morgon.

Nervane låg tjukt utanpå medlemene før programmet skulle ta til, men i tråd med tradisjonen startar programmet på haustfesten til Eikås 4H heilt presis, og det er medlemene sjølve som styrer heile programmet. Ingen vaksne har lov til å blande seg inn verken på eller bak scena så lenge programmet pågår. Sølve Eikås og Marita Solheim fekk utdelt plakettnåla som bevis på at dei har fullført 4H-programmet og gjort seg fortent til 4H-plaketten. Eit godt vitnemål å ha med seg vidare i livet.

Nedanfor kan du sjå bilete frå scena, prosjektvurderarane i arbeid, frå livet på kjøkenet og frå det meir uryddige landskapet bak scena. Om du ikkje skulle ha høve til å delta på denne festen ventar det ny moglegheit på Vassenden på fredag kveld når Blåklokka 4H skal gjennomføre sin haustfest.

Biletserie med 44 bilete — bla med å trykkje på pilene

JAZZ PÅ JØLST 2012

12.-14. OKTOBER

Billettar
Billettprisane (sjå plakaten) skal lesast slik: vanleg pris / medlems- og studentpris / under 20 år.
Førehandssal av billettar til arrangementa på Skei Hotel, tlf. 57 72 78 00. Elles i døra.

Jazzpass
Pris: kr 600 / 450 / 180. Blir selt i døra. Gjeld alle konsertane unnateke Ola Kvernberg Kvartett.

”Jazzplask”
På Skei Hotel blir det spesialpris for bading heile helga: Gratis for alle som bestiller lunsj laurdag og søndag, elles kr 50 for vaksne og 25 for barn.

”Eksotisk hjørne – med mat som swingar”
I matsalen på Skei Hotel blir det eit eksotisk hjørne med eit utval av spennande rettar frå nokre afrikanske land både til lunsj og middag. Dette er eit samarbeid mellom Skei Hotel og bebuarane på Jølster Mottak.
Les meir…

Haustfesttid i 4H

Biletserie med 4 bilete — bla med å trykkje på pilene

I Jølster ligg 4H-klubbane i desse dagar i hardtrening før haustfestane. Først ut er Eikås 4H som skal ha fest i Eikås Ungdomshus laurdag den 22. oktober klokka 14:30. Sidan føl Blåklokka 4H på Vassenden opp med fest i Gjesthalla den 28. oktober, Fjelltind 4H i Stardalen skal ha sin fest den 30. oktober i Haugtun medan Kransen 4H på Ålhus skipar til fest i Borgja den 5. november. Har du lyst på ein god latter er dette staden. Borna og ungdommane vartar opp med eigne skrivne skjetsar, song og humør. Dei stiller også ut prosjekta som dei har jobba med siste året. Desse utstillingane er gjerne opne ein time før sjølve festen tek til. Sjølvsagt vankar det gode mat og tid til prat for dei som kjem. Ta deg tid til nokon kjekke timar og opplev godt program laga av ungdomane sjølve.

Unge solistar i Ålhus kyrkje laurdag 11. desember klokka 15.00

Adventskonsert i Ålhus kyrkje
I år som i fjor vert det adventskonsert i Ålhus kyrkje. Det er igjen unge aktørar som har laga til programmet. Vi får oppleve ein fin bukett solistar i solo og i samspel. Desse er: Signe Bjotveit, Veslemøy Øvrebø, Ola Øvrebø, Johanna og Christina Knudsen og far til dei to, Jan Knudsen. Desse deltek med song og musikk; piano, flygelhorn, gitar og song. Organisten, Rune Molvik – ung til sinns, vil vere med i samspel på piano og orgel ilag med aktørane.

Velkommen til å høyre vakker song og musikk, framført av unge jølstringar!

Ungdommens Kulturmønstring i Jølster

UKM 2009

Viss du dansar eller teikner, syng eller speler, lagar dataanimasjon eller skulpturar eller driv med anna kulturaktivitet – eller kjenner nokon som gjer det; det er på tide å vise det fram!

Det kan gjerast under UKM i Jølster den 19. mars på Mo og Jølster vgs. Vassenden. Aldersgrense frå 10 t.o.m. 19 år. Påmeldingsfristen er 10. mars og påmelding skjer via www.ukm.no. Sprei det vidare, så vi får flest mogleg med på dette flotte kulturarrangementet for ungdommane i Jølster!

Skulemusick-limerick!

Skulemusick-limerick

Det var haust, det var kaldt på Vassenda
No var dei lei ut av Sande og Jenka
Nokre kvinner og menn sat og fabla ilag
kva med korps, marsjar og salma og marsjere ilag?
Slik vart det i sekstini til, at denne tanken seg senka.

Tiår har gått med førti år med blås!
Sindige Jølstring, – nei dette er slett ikkje vås.
Vi alle vil helse dykk gode musikantar
maken til dette finst ikkje på våre kantar!
Tonen frå Vassenda spreier seg over fjell og til neste ås.

Vassenden skulemusikk av alle var venta
bygdefolk mange rundt borda var benka.
Feiande flott! med lys over scena til pryd
her klang alt etter skjema med fryd!
Hurra! til alle, vi var kjempebegeistra!

Næringsfond for ungdom

Eg går i klasse 1SEB på Hafstad VGS. og vi har no eit prosjekt om Sunnfjord Næringsutvikling og Næringsfond for ungdom.

“Styret for Sunnfjord Næringsutvikling AS er forvaltningsorganet for næringsfond for ungdom i kommunande Førde, Gaular og Naustdal. I jølster er forvaltningsorganet lagt til omstillingsstyret i kommunen. Midlane skal nyttast til næringsretta tiltak som skal styrke innsatsen for næringsutvikling blant ungdom.”

Er det nokon som veit om ungdommar som har benytta seg av dette tilbodet, og om kommunen er flinke til å informere ungdommen om kva rettighetar dei har til å starte næringsvirksomhet?

Håpar dykk kan komme med kommentarar og gjerne døme.