Viser arkivet for stikkord vassenden

VÅRKONSERT I BORGJA

JØLSTER MUSIKKLAG inviterer til den årlige Vårkonserten i Borgja på Ålhus, søndag 17.april kl.15:00.

Programmet på årets vårkonsert er “letthøyrd” og “klassisk brassband”. Vi i Jølster Musikklag og Dirigent Rolf Bjørge startar konserten der du til dømes får høyre “Streif av sol”, ein nydeleg duett med to av våre flotte ungdommar, William og Kristina. Vidare får du høyre Knut’en vår i tubasoloen “Bass in the Ballroom” og rundar første avdeling med med eit fantastisk stykke, Labour and Love.

Førde Musikklag og Dirigent Jason Burn er våre gjestar og spelar ei lita avdelig etter pausen. Deretter overtek Jølster Ungdommsensemble, JUBLE, ein gjeng entusiastiske og talentfulle ungdommar frå Jølster Musikklag som vi gler oss til å høyre. Jølster Musikklag avsluttar konserten med blant anna Åse på trombonesolo og vår eigen “Jølsterdag” av Frode Thingnæs og Oddvar Torsheim.

Velkommen til konsert!!

"Bygdekino" med Jølster Musikklag

Jølster Musikklag ruller ut den røde løparen. Det er duka for ein aften med filmmusikk frå gammal og nyare tid.
Med høg “kinofaktor”, rød løpar og popcorn håpar vi du vil få den riktige “kinostemninga” i Borgja på Ålhus 20.september kl.17.00
Det blir lynlotteri og sal av kaker og kaffi i pausen.

Vaksen: Kr.100,-
Barn: Kr.50,-
Barn under 12år: Gratis

Det nærmar seg julemesse i Vassenden skulemusikk

Det er berre 14 dagar att til Vassenden skulemusikk skipar til julemesse. Dette året i Borgja på Ålhus 1. søndag i advent den 30. november klokka 13:00. Loddsalet tek til i morgon, og musikantane og føresette håpar de alle vil ta vel imot loddseljarane som kjem på dørene med basarbøkene. Kjekt om du har litt kontantar på lur :) Mange flotte gevinstar :)

Vassenden skulemusikk inviterer til julemesse

Søndag 1.desember inviterer Vassenden Skulemusikk til julemesse i gymsalen på Mo og Jølster vidaregåande skule, avd. Jølster. Frå klokka 13.30 er det høve til å få kjøpe seg kaffi og kaker. Det vert konsert med skulemusikken, salsboder med sal av mellom anna heimebaka flatbrød og fiskebrød, ein flott og stor gjeng med 1. og 2.års aspirantar spelar og Jølstrakalendaren 2014 vert presentert og lagt ut for sal. Det vert også eit lynlotteri i tillegg til trekking på loddbøkene. Hjarteleg velkomen til store og små frå oss i Vassenden Skulemusikk.

  • Skøyting i solnedgong — 19.01.2013
  • Gaute Grønfur i fint driv — Skøytesportens dag på Vassenden 20.01.2013
  • Alf Helgheim — Skøytesportens dag på Vassenden 20.01.2013
  • Skøytesportens dag på Vassenden 20.01.2013

Vassenden skulemusikk inviterer til Julemesse

Det nærmar seg advent og tradisjonen tru inviterer Vassenden Skulemusikk til julemesse den første søndagen i advent. I dei to komande vekene vil loddseljarane kome rundt og selje lodd til inntekt for Skulemusikken. Vi set stor pris på den velvilje som loddseljarane møter på sin veg frå dør til dør i førekant av messa, og vi håpar svært mange av dykk vil finne tid til eit besøk på julemessa 1. søndagen i advent.

Søndag 2.desember inviterer Vassenden Skulemusikk til julemesse i gymsalen på Mo og Jølster vidaregåande skule, avd. Jølster. Frå klokka 13.30 er det høve til å få kjøpe seg kaffi og kaker. Konsert med skulemusikken klokka 14. Deretter opnar salsbodene med sal av mellom anna heimebaka flatbrød og fiskebrød. Klokka 15.30 skal ein flott og stor gjeng med 1. og 2.års aspirantar spele. Neste års Jølstrakalender vert presentert. Det vert også eit lynlotteri i tillegg til loddbøkene. Trekking i loddbøkene skjer ca. kl. 16.30. Hjarteleg velkomen til store og små!

  • 22.06.2012 — Rogn i blomst.
  • 22.06.2012 — Så rart – at dette er rognebær, om 2,5 måneder. Naturen er vidunderlig:)

17.mai 2012 på Vassenden

Årets 17.mai vart det stikk motsatte omtrent, av det værvarselet sa. Det vart ein flott dag, for store og små. Synes 17.mai komitèen på Vassenden i år gjorde flott arbeide. Leikane for borna var svært kjekke, og det var gode tidspunkt både for barnetog, og leik etterpå. Kjempebra:) I tillegg var foreldre for 7.klasse flinke til å arrangere leikar på skuleplassen. Dette var den beste 17.mai, ifølge dotter mi, på 9 år:)
Vil vise litt frå dagen frå mi linse…

Biletserie med 26 bilete — bla med å trykkje på pilene

Vassenden skulemusikk inviterer til julemesse

Vassenden skulemusikk inviterer tradisjonen tru til julemesse på “Heimyrkeskulen” 1. søndag i advent, den 27. november. Kafèen med gode kaker opnar 13:30. Skulemusikken spelar frå klokka 14:00. Hallstein Dvergsdal presenterer Jølstrakalendaren for 2012 med mange flotte bilete som medlemer i fotoklubben har teke. Dansegruppe frå kulturskulen vil underhalde. Vi sel fine heimelaga varer. Også i år kan du kjøpe heimelaga flatbrød, fiskebrød, julebakst m.m. Det vert eigne aktivitetar for born.

Vi set stor pris på den velvilje som loddseljarane møter på sin veg frå dør til dør i førekant av messa, og vi håpar svært mange av dykk vil finne tid til eit besøk på julemessa 1. søndagen i advent. Hjarteleg velkomen til store og små!

Svømmeundervisning i Jølstravatnet

Dette er kopiert fra gruppeoppstartar på facebook, og eg synest dette kan komme hit også for meiningar.

Hei alle saman som har eller kjem til å få elevar på Vassenden skule.
Rektor ynskjer å arbeide for å få utandørs symjeundervisning frå hausten 2012, der alle klassar skal
få symje- og livbergingsopplæring i Jølstravatnet.Saka er med på sakskartet til Utval for Oppvekst, Kultur og Helse den 22.08.2011.
Handsaminga er open for publikum.
Dette er eit saksframlegg. Det vil seie eit framlegg til vedtak til eit politisk møte.

Vil vi som foreldre at våre elevar skal fom 2. klasse svømme i kalde Jølstravatnet istadenfor i eit varmt basseng?
Har ikkje vi betalt like mykje skatt som alle andre, og dermed like mykje rett til vanleg svømmeundervisning som andre elevar?
Livreddning i kaldt vatn kan gjerne vere eit 1 dagers kurs pr år pr klassetrinn, men eg trur ikkje dette er noko god erstatning for basseng svømmeopplæring.
Blir vel meir vannskrekk enn trygghet i vatn med dei få gradene i Jølstravatnet??
Eg trur Rektor og utvalget for Oppvekst, Kultur og Helse bør finne andre måtar å bruke ressursane sine på, slik at elevane får sin rettmessige svømmeopplæring.
183 av 414 fjerdeklassingene ved 12 skular i Oslo kan ikkje svømme. No skal de få gratis svømmekurs på fritida.
Legg ved ein artikkel om dette temaet i gruppa.
Alle som meiner at dette forslaget til å erstatte vanleg svømmeopplæring med svømming i Jølstravatnet må melde seg inn i gruppa, slik at vi får stoppa dette.
Det HASTAR med innspel til politikarar og medlemmar av utvalget.

Helsing
XXXXXXX

Eg personleg meiner dette er kanskje en god ide, men også en dårlig ide. Eg forstår alt dreiser seg no om penger, men skal kommunen gå so langt no at dei skal sløse vekk en mykje penger på våtdrakter som kanskje ikkje blir nytta anna en å ta på, fordi unger kjem til å nekte gå uti vatnet?? Eg er nesten sikker på når eg lagar et bilete i hove mitt, at veldigt mangen kjem til å stå på kanten å gråte store krokodilletårer, fordi dei ikkje vil uti vatnet, og eg ser for meg en flokk ungdommar på vassenden som skulkar timen, eller dagen det er bading, fordi dei gruar seg.

No har vi på vassenden i alt for mangen år brukt pengar på å måtte ta buss til skei, og det er på tide at vi kanskje får et baseng i vassendenområdet. Alle som bur i Jølster burde kjempe for fleirbrukshall med baseng, og vi må få til at det skal stå klart fort. Så slepp man at ikkje alle klassar får svømming, ikkje minst, så slepp ungane, lærerane måtte pendle den timen det tar å reise, ikkje minst, så slepp man utgiftene med reising og lønn som fort blir millioner på sikt, som kunne puttast inn i denne fleirbrukshallen.

Grunnen til at eg seier at eg meiner det kanskje er en god ide, er fordi at det alltid finnast unger som sikkert har lyst til dette, og da burde dei kanskje få prøve seg. Men da meiner eg at det kanskje bør leggast inn som et valgfag. Ja vi hadde jo valfag før da eg gjekk på Vassenden skule, så regnar med dei kanskje har det no og, men er ikkje sikker…

Link om dette :
Utdanningsnytt
http://utdanningsnytt.no/4/Meny-A/Meninger/Innspill/Svommeundervisning-i-skolen-og-den-nye-svommekampanjen/?mode=print

Årsmeldinga er kommen

No er årsmeldinga kommen,det er berre å komme innom butikken og få ei om ein har intresse av det.
Håper Jølstringane er opptekne av lokalbutikken og ser litt på tala våre.

Mvh
Coop marked Vassenden

Kathrine Kleveland og gode dessertar

Ord som kreativ, positiv og engasjert med eit smittande humør og ei sterk framtidstru for bygdene er gjerne stikkord som vert brukt om Kathrine Kleveland. Ho vart i fjor kåra til årets bygdeprofil av Nationen sine lesarar. Kathrine er bonde og grafisk formgjevar med bustadadresse i Vestfold. Søndag førstkomande den 6. desember kan du oppleve Kathrine sitt smittande engasjement i Gjesthalla på Vassenden klokka 14:30. Då inviterer bygdekvinnelaget til ettermiddagsfest med underhaldning, kultur og rikeleg suuupergode dessertar.

Tre dyktige yngre kvinnelege musikarar som utgjer gruppa Pretiosa, og som etter eigne utsegn spelar rosa folkemusikk vil underhalde. Kari Støfringsdal leier festen. Etter kultur ventar føda. Denne ettermiddagen i form av ulike gode dessertar. Kva seier du til Russedessert, moltekrem, karamellpudding, riskrem, byggrynskrem, trollkrem, sviskedessert, tilslørte bondepiker og fromasj med tilbehør i ulike varantar.

Her er det berre ein ting å gjere. Et middagen tidleg (eller utset han til seine kvelden), ta deg ein tur i Svidalen og besøk julemarknaden og kom sidan til Gjesthalla og nyt desserten. Vestre Jølster Bygdekvinnelag som fyller 60 år i 2009 ynskjer hjarteleg velkomen til ein triveleg ettermiddag.

Barnehage på Vassenden

Jølster kommune må bygge ny barnehage på Vassenden for å gje eit tilbod til alle som har lovfesta rett til barnehageplass. Fram til no har vi diskutert to sider av saka;
1. Skal vi bygge ein stor kommunal barnehage (8 avd = nesten 150 barn) eller skal vi bygge to mindre barnehagar?
2. Kvar skal den store barnehagen i så fall ligge, Langhaugane eller bak Jølster VGS?

Eg håpar at innbyggarane i Jølster kan lufte sine tankar kring dette temaet.