Viser arkivet for stikkord venstre

Jølster Venstre tråkkar i gong valkampen 2.august

Foto: Johannes Bangum

Stortingsrepresentant Abid Q. Raja kjem til Jølster. Han held fram suksessen med å sykle gjennom Noreg, og søndag 2.aug kl 14.30 syklar han med Jølster Venstre frå Jølstraholmen til Astruptunet. Kom og ver med oss!

Vi startar kl 13.00 med stand på Jølstraholmen. Der presenterar vi programmet for 2015-2019 og spennande skisser med ulike plasseringar og utformingar av ein fleirbrukshall på Vassenden.

Jølster er eit sykkeleldorado, og vi vil arbeide fram Sørsidevegen – Nikolai Astrupsveg – som nasjonal turistveg, samt arbeide for samanhengande gang- og sykkelvegar i området.

Jølster - raus og inkluderande når det gjeld?

I Firda 31.01.15 les vi at UDI har vedteke å legge å legge mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar til Lund i Rogaland, men Sana Lund som drivar. Det tidlegare HV10-bygget på Skei i Jølster var også mellom dei tre lokasjonane som var med i anbodskonkurransen for å opprette eit slikt mottak. Søkjar var Norsk Mottaksdrift AS. Den 3. søkjaren var i Hå kommune i Rogaland. I UDI sin anbodskonkurranse var det skissert plass til 25-30 ungdomar i alderen 15-18 år, noko som ville krevje 12-15 årsverk. UDI sa til NRK Sogn og Fjordane 30.01.15 at det innkvarteringstilbodet på Sana Lund som skilde seg ut positivt, sidan det var ein tidlegare barneverns- og ungdomsinstitusjon.

Det har vore mange aspekt som har vore brukt som innvending mot etableringa av mottaket på Skei, men om vi ser nærmare på dei, må fleire av dei seiast å vere vikarierande.
1. Jølster er ein liten kommune som allereie driv eit mottak. Lund kommune har 3225 innbyggarar, og Sana Lund driv allereie eit vanleg asylmottak med 130 plassar.
2. På Skei ville mottaket ligge heilt inntil eit bustadfelt, noko som kan medføre verdifall på bustadane. Mottaket på Vassenden ligg også i eit bustadfelt, utan at det har medført prisfall. På Moi ligg mottaket 3-4 km frå Moi sentrum i ei parkliknande område med bustader i nærleiken.
3. Jølster har ikkje VGS, så skulegong ville medføre pendling. Moi i Lund har ikkje vgs, og sender ungdomane sin med buss dagleg til Flekkefjord (25 km) eller Eigersund (50 km).
4. Verken mottaket eller Jølster kommune ville klare å skaffe kvalifiserte fagfolk. I Sogndal (45 min unna Skei) vert det kvar vår uteksaminert sosionomar, barnevernspedagogar og ungdomssosiologar. I Førde (45 min unna Skei) vert det to gongar i året uteksaminert sjukepleiarar. I Lund er det ca 110 km til næraste høgskuletilbod.
5. Sidan mange av ungdomane på Skei reiser vekk på skule, vert eit påfyll av 25-30 ungdomar i aldersgruppa 15-18 år vanskeleg å integrere. Dette argumentet kan vi til ei viss grad vere samd i. Lund har fleire ungdomar i bygda på kveldstid, og dei har fleirbrukshall med nytt symjeanlegg. På den andre sida vert mykje av aktivitetane i Lund ivaretekne av frivillige organisasjonar som eit aktivt og godt idrettslag. Det har også Jølster, og idrettslaget fekk nyleg Fair Play-prisen, mellom anna for deira gode arbeid med integrering av flyktningar og asylsøkjarar.

Jølster Venstre tek UDI si avgjerd til vitande og er glad for at dei har funne ei god løysinga for desse ungdommane. Det er tross alt det viktigaste, sidan desse ungdomane fortener og har krav på eit godt tilbod. Vi ser likevel ikkje noko grunn til å vere letta, slik ordførar Klakegg uttrykkjer det i artikkelen i Firda. Med atterhald om at ordførar Oddmund Klakegg er rett sitert, meiner Jølster Venstre at ordføraren burde presisert at kommunestyret var delt i synet på mottaket.

Jølster Venstre meiner eit slikt mottak kunne gjeve positive effektar i kommunen. Dette var ein sjanse til å få 12-15 årsverk til Skei (3 gongar så mange som etableringa som fekk tiltaksprisen 2014 i Jølster), samt å få nytta bygget til noko det er veldig godt eigna til. Jølster Venstre meiner at eit mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar, ville kunne vise Jølster som raus og inkluderande, som var nokre av verdiane i omdømmeprosjektet i 2011. Vi ser i alle fall ikkje noko grunn til å «feire», slik nokon har ymta frampå om på Facebook.

Jølster Venstre

Vigdis Tonning
leiar