Viser arkivet for stikkord vidaregåande

Vassenden skulemusikk inviterer til julemesse

Vassenden skulemusikk inviterer tradisjonen tru til julemesse på “Heimyrkeskulen” 1. søndag i advent, den 27. november. Kafèen med gode kaker opnar 13:30. Skulemusikken spelar frå klokka 14:00. Hallstein Dvergsdal presenterer Jølstrakalendaren for 2012 med mange flotte bilete som medlemer i fotoklubben har teke. Dansegruppe frå kulturskulen vil underhalde. Vi sel fine heimelaga varer. Også i år kan du kjøpe heimelaga flatbrød, fiskebrød, julebakst m.m. Det vert eigne aktivitetar for born.

Vi set stor pris på den velvilje som loddseljarane møter på sin veg frå dør til dør i førekant av messa, og vi håpar svært mange av dykk vil finne tid til eit besøk på julemessa 1. søndagen i advent. Hjarteleg velkomen til store og små!

Treng yrkeskuleelevar å lære dikt frå 1700-talet?

Treng tømrarar, anleggsarbeidarar, frisørar, mekanikarar, helsefagarbeidarar, kokkar og eletrikarar å lære seg å analysere dikt og noveller? Og er det ikkje betre at ein mekanikar lærer seg fagretta engelsk, slik at ein les brukarmanualar med mange fagord lettare, i staden for avansert gramatikk? Er det nødvendig å pugge grunnstoff, atom og ion i naturfag, som mest sannsynleg ikkje blir til nytte seinare?

Kan ei endring av teorifaga gjere fagutdanninga endå meir interessant og meiningsfylt på ein slik måte at avgongselevane blir endå flinkare fagpersonar? Kan alle dei som dett av lasset i vidaregåande skule, lettare få gjennomført utdanninga, og ikkje ende opp som ufaglærte og i verste fall som trygda?

Meiner jølstringane (og andre) det bør gjennomførast ei modernisering av teoriundervisninga i vidaregående skule, slik at ein lærer det ein virkelig treng i yrkeslivet, eller meiner de at undervisninga er slik den bør være?

Bileter frå vanleg naturfag:

Grunnstoff

Eksempel på molekyl

Eksempel på atom